Til forsiden
Du er her: Politikk  / Bedre skole 


Fleire lærarar i skulen

Senterpartiet vil bruke store ressursar på å styrke innhaldet i skulen framfor lengre skuledagar.


Læraren er den viktigaste for ungane i møte med skulen. Derfor ynskjer vi å bruke store ressursar på å styrke innhaldet i skulen framfor lengre skuledagar.

Lærarutdanninga må styrkast og vi vil doble talet på timar i pedagogikk ved lærarhøgskulene. På skulen vi vil leggje vekt på skriving, rekning, ansvar for eigne handlingar og respekt for andre.

Samarbeidet mellom skule og heim må bli betre. Ro og moglegheit for konsentrasjon er grunnleggjande for all læring. Klasserommet på attende som læringsarena.

Vi meiner kunnsskap og fellesskap skal vere dei to sentrale berebjelkene i den norske grunnskulen. Vi ynsker å fremje kunnskap om både fag og samfunn, og leggje eit godt grunnlag for å utvikle kompetanse, kunnskap og sosiale ferdigheter i framtida.

Det er viktig at dette skjer i ein fellesskapsskule i ungane sitt nærmiljø. Vi må sjå dette i samanheng for å få eit kvalitetsløft. Alle ungane skal ha ein god skulegang, uavhengig av sosial bakgrunn, personlege føresetnader, bustad og økonomien til foreldra.

Senterpartiet ynskjer ikkje ei utvikling i retning av fleire private skular. Dagens privatskolelov skal førast vidare. Det skal vere krav til formål i form av alternativ pedagogikk eller livssyn for å få offentleg godkjenning eller tilskot.

Den norske skulen skal ha eit felles lærings- og kompetansemål som forankra nasjonalt. Skulane og kommunen må ha stor fridom til korleis dei når desse måla. Vidare må kommunen ta ei aktiv rolle i utforminga av dei lokale læremåla. Vi ynskjer å gje grunnskulen tid til å vidareutvikle refromar som allereie er sett i gang, men vi vil setje inn tiltak og innsats for å sikre at reformane får den ønskja effekten.