Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Landsmøtet 1999 

Landsmøtet 1999


Samhald mot forskjells-Norge

- vedtatt på Senterpartiets Landsmøte i Tromsø 11. - 14. mars 1999. 

Landsmøtet i Senterpartiet er glad for at Regjeringa møter forskjells-Norge offensivt ved å utarbeida ei stortingsmelding om utjamning av levekår. I materiale presentert av Regjeringa frå arbeidet med stortingsmeldinga går det klårt fram at sjølv om dei fleste har hatt ei god levekårsutvikling, har nokre mindre grupper stått stille og opplevd ei relativ forverring. Meldinga må innehalde ei grundig kartlegging av situasjonen og årsakene til denne skeivare utviklinga i 1990-åra. Berre slik kan vi få eit grunnlag for breitt samarbeid i Stortinget for å gjera noko med forskjellane.

Meldinga må by på konkrete framlegg til tiltak for å betra levekåra til svakstilte, finansiert gjennom ein fordelingspolitikk som inneber at dei som har kome best ut må yta meir til fellesskapen.

Landsmøtet legg vekt på at meldinga må innehalde tiltak for:

- styrking av den einskilde si evne til å forsyta seg sjølv gjennom eit betre tilpassa opplærings-, arbeids- og aktiviseringstilbod for grupper som står utanfor arbeidsmarknaden. Dette vil tena både den einskilde og det næringslivet som treng meir arbeidskraft.

- utjamning av sosiale skilnader mellom regionar.

- inntektssikring for dei med aller lågast inntekt.

- styrking av bustadstilbodet for vanskelegstilte.

- forbetring av skattesystemet slik at det verkar meir utjamnande.

Landsmøtet understrekar at ein ikkje kan sjå fordelingspolitikken lausriven frå annan politikk, og som noko som kan "løysast" eller takast opp berre i eitt spesielt stortingsdokument. Kutt i framtidige budsjettframlegg frå Regjeringa må ikkje ramma dei veikaste gruppene. Skattepolitikken må legjast opp slik at alle må betala skatt etter evne. Struktur-, velferds- og arbeidsmarknadspolitikken må utformast etter ei grundig vurdering av dei fordelingspolitiske verknadene. Berre slik kan ein velferdsstat som skal sikre grunntryggleiken for alle.