Til forsiden
Du er her: Politikk  / Stortingsvalgprogram 

Eit levande folkestyre og attraktive lokalsamfunn

 


Snarveier:

3.1. Senterpartiet vil byggje samfunnet nedenfrå
3.2. Den gode kommunen
3.3. Aktive og attraktive lokalsamfunn
3.4. Det regionale nivået
3.5. Det nasjonale nivået

Mål

Senterpartiet vil ha eit levande folkestyre der kvar enkelt innbyggjar tek ansvar for seg sjølv og medmenneska sine. Avgjerder skal takast av innbyggjarane gjennom deira valde representantar og ikkje overlatast til byråkratar eller marknadskrefter.  Det norske politiske avgjerdssystemet skal vere inndelt i tre direktevalde nivå:  kommunestyre, fylkesting og storting. Politiske avgjerder skal takast av folkevalte på lågast mogelege nivå for å sikre medverknad og bruk av lokal kunnskap.   Folkestyret skal vere representativt og spegle befolkninga med dei ulike oppfatningane, meiningane og kunnskapen som finst i samfunnet.   Makt, eigedom og ressursar skal vere spreidd og desentralisert for å hindre maktkonsentrasjon og sikre at flest mogeleg får innverknad over politiske avgjerder og dermed over samfunnsutviklinga. 

3.1.   Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå

Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Tillit er grunnleggjande i eit levande folkestyre. Senterpartiet har tillit til at det er dei som lever i lokalsamfunna som har dei beste føresetnadene for å løyse utfordringane sine. Vi vil ha ein politikk som flytter avgjerdsmakt så nært som mogeleg dei det gjeld. Kort avstand mellom innbyggjarane og representantane deira gjer det lettare å påverke og gjer samfunnet meir oversiktleg. Senterpartiet har som mål at flest mogeleg avgjerder som vedgår oss lokalt, skal takast lokalt. Eit levande lokaldemokrati er ein føresetnad for Senterpartiets prinsipp om å ta ansvar for eiga utvikling og utviklinga i lokalsamfunnet. Senterpartiet vil derfor styrkje lokalsamfunna innanfor ramma til nasjonalstaten. Stortinget, med folket sine direkte valde representantar som det øvste politiske organet i landet, skal legge dei overordna prinsippa for utviklinga av nasjonalstaten og landet som heilskap. Samarbeid internasjonalt skal skje mellom suverene og likeverdige statar. Hovudsvaret for å vitalisere lokaldemokratiet og folkestyret generelt, er å gje alle folkevalde nivå meir reell makt over utviklinga i området sitt.   Folkestyret må forsterkast gjennom tydeleggjering av ansvar. I dag er politisk makt fjerna frå offentlege arenaer der folk kan ta del i debatten, og makta er flytt inn i lukka styrerom. Innbyggjarane mister dermed høve til å påverke og til å ta grep om eiga utvikling. Eit grunnleggjande demokratisk prinsipp er at folk skal kunne attvelje eller byte ut makthavarane ved val. Når viktige avgjerder som gjeld basisfunksjonar i eit velferdssamfunn blir fatta i marknadsstyrte føretak, kommunale aksjeselskap eller i byråkratiet, er det vanskeleg og nærmast umogeleg å plassere ansvaret der det høyrer heime. Denne utviklinga må snuast og derfor vil Senterpartiet styrkje det lokale folkestyret. Vi treng ikkje færre folkevalde, vi treng å flytte meir makt tilbake til folket og deira valde representantar.  

Eit av kjenneteikna på demokratiet vårt er at det er ope og har innsyn. Avgjerder skal takast i dei opne romma, og på ein slik måte at alle kan delta i debatten og kontrollere avgjerdene. Offentleg sektor skal vere open og effektiv. Det er eit mål for Senterpartiet at det skal vere enkelt å orientere seg i det offentlege byråkratiet. Vi vil derfor arbeide for ei forenkling i offentleg sektor slik at einkvar innbyggjar har kunnskap om rettane sine og vil gje enkeltmennesket rom til å utvikle seg. Organisasjonar og frivillig verksemd som er basert på medlemsdemokrati har solide røter i norske lokalsamfunn. Senterpartiet meiner at kommunane i langt sterkare grad bør oppmuntre innbyggjarane til å gå saman om slik samfunnsnyttig aktivitet som ikkje er offentleg styrt.

Senterpartiet vil: 

  • Grunnlovsfeste det lokale sjølvstyret.
  • Basere oppgåvefordelinga mellom forvaltingsnivåa på at oppgåver skal løysast på lågast mogelege effektive nivå.
  • At kommunesamanslåing berre skal skje frivillig.
  • Alle avgjerder som krev politisk skjøn skal avgjerast av folkevalde.
  • Oppretthalde dagens røysterettsalder på 18 år.
  • Styrkje demokratiopplæringa i grunnskulen.
  • Sikre ungdomspartia og politiske organisasjonar rett til å utøve politisk aktivitet på dei vidaregåande skulane, etter avtale med dei respektive skular, og på ein slik måte at undervisninga ikkje blir forstyrra.
  • At det blir lagt praktisk og økonomisk til rette for å etablere ungdomsråd der det er initiativ frå ungdomen sjølv, og der ungdomsråd har høyrings- og uttalerett i saker som rådet sjølv ønskjer.
  • Forenkle kontroll- og rapporteringssystema innanfor det offentlege slik at meir ressursar kan brukast til tenesteproduksjon.
  • Leggje til rette for at frivillige organisasjonar kan behalde og styrkje rolla si i løysinga av mange fellesoppgåver. 
  • Arbeid for meir forenkling av lover, forskrifter og skjema for å gjere kvardagen enklare for enkeltmenneske, organisasjonar og næringsdrivande.
  • Rydje opp i skjemaveldet og sørgje for forenkling ved revidering og utarbeiding av skjema.
  • Sikre at offentleg byråkrati og prosessar er opne og har innsyn.

3.2.  Den gode kommunen

Vi blir fødde som individ inn i ein familie, blir del av eit fellesskap i eit nærmiljø og innbyggjarar i ein kommune. Kommunen vi bur i fyller fleire viktige roller i liva våre: Kommunen er den viktigaste berebjelken i velferdssamfunnet og gjev tenester som vi treng kvar dag, frå vogge til grav. Kommunen er også den viktigaste arenaen vår for medverknad og påverknad.  I eit levande demokrati kan vi påverke utforminga av omgivnadene våre og utvikle offentlege tenester slik vi sjølv ønskjer. Den gode kommunen legg tilrette for innbyggjarane sine gjennom aktivt samspel og samarbeid, og sikrar tenester av god kvalitet gjennom open dialog og samspel med innbyggjarar og brukarar.  Utfordringa for kommunane er å kome i møte nye krav til kvalitet og omfang på tenestene frå innbyggjarane. Evna til å fange opp ønskje og behov raskt og fornye tenestene kan skje gjennom eit godt utvikla samarbeid mellom dei folkevalde, administrasjonen og det tenesteytande personalet i kommunen. 

For å sikre rekruttering og fagkompetanse over heile landet er det viktig at kommunane samarbeider der det er behov, for å gje innbyggjarane eit best mogeleg tilbod. Senterpartiet vil stimulere til meir interkommunalt samarbeid slik at fleire kommunar kan dra nytte av kompetansen til kvarandre. 

Stadig fleire nasjonale standardar og krav gjer det vanskeleg for kommunane å tilpasse velferdstenestene til lokale tilhøve og behova til innbyggjarane. Betra kommuneøkonomi gjer at høva for å gje eit betre tenestetilbod tilpassa kvar enkelt kommune og innbyggjar er blitt betre. Likevel har mange lokalsamfunn både med tilbakegang i folketalet og sterk tilflytting utfordringar når det gjeld å tilby innbyggjarane gode velferdstenester. I tillegg har mange kommunar eit stort etterslep på vedlikehald av bygningar. Ein god og sterk kommuneøkonomi gjer det mogeleg for dei folkevalde å lyfte kvaliteten på tenestene og også kunne prioritere tilbod til innbyggjarane ut over det som er pålagt ved lov.  Skal vi få til gode lokalsamfunn over heile landet, må vi føre politikk som tillèt innbyggjarane og representantane deira å løyse oppgåvene ut frå lokale føresetnader. Folkevalde i kommunane må derfor ha høve både gjennom makt og gjennom økonomi til å ha styring over eigne avgjerder og val i samsvar med ønskja til innbyggjarane. Senterpartiet vil at kommunane skal ha høve til å skaffe seg eigne inntekter og ønskjer derfor at kommunane skal ha høve til å krevje eigen skatt i større grad enn i dag, slik at innbyggjarane i kommunen sjølv kan ta stilling til omfanget av den kommunale innsatsen, og til korleis innsatsen skal finansierast. 

Senterpartiet vil:

  • Framleis styrkje kommuneøkonomien for å gje kommunane betre høve til å yte lokal velferd og sikre høve til vedlikehald av kommunale bygg.
  • Nye kommunale og fylkeskommunale oppgåver definerte av staten, skal fullfinansierast ved iverksetjing.
  • Gje kommunane høve til friare kommunalt skattøyre, eventuelt som alternativ til eigedomskatt. 
  • At kommunal eigedomsskatt skal oppretthaldast som ei frivillig ordning.
  • Behalde kommunal valfridom i utforminga av tenesteproduksjonen med mindre det finst vektige rikspolitiske grunnar for statlege minstenormer eller rettslovgjeving.
  • At staten legg til rette for ein vedlikehaldsplan av offentlege bygg med økonomiske verkemiddel for kommunane som monnar. 
  • Vidareutvikle "Kvalitetskommuneprogrammet" for å medverke til effektivisering og kontinuerleg forbetring i kommunesektoren.
  • Leggje betre til rette for interkommunale løysingar, der dette er ønskjeleg ut frå ei lokal heilskapstenking, men sikre at dei er opne for innsyn. 
  • Heve kvaliteten på rapporteringsordninga "Kostra" slik at kommunane i enda større grad kan bruke systemet som verkemiddel for eiga verksemd og ikkje berre til rangering.

3.3. Aktive og attraktive lokalsamfunn

Noreg kan by på mykje fantastisk natur og vakkert kulturlandskap. I tillegg finst eit stort potensial i å utforme stadene der vi lever liva våre, slik at dei blir meir attraktive og trivelege å bu og verke i. Senterpartiet ønskjer å stimulere til utvikling av lokalsamfunn og tettstader i bygd og by til beste for innbyggjarane og tilreisande. 

Aktive lokalsamfunn der privat, offentleg og frivillig sektor samarbeider, er ein føresetnad for å skape auka trivsel, bulyst og identitetsbygging i by og bygd. Senterpartiet ønskjer brei medverknad frå alle grupper i små og store planprosessar, og trur grunnlaget for identitet og eigarskap til staden der folk bur blir lagt gjennom den innsatsen ein sjølv legg ned i lokalsamfunnet sin og den byrgskapen det gjev. Frivillige organisasjonar og foreiningar har ein sentral plass i slike prosessar, og barn og unge skal takast med på råd og få tilrettelagde høve til medverknad. 

Tettstadsutvikling med fokus på aktivitetar, møteplassar, estetikk, omdømmearbeid og småsamfunnsutvikling i ulike former er viktig for å auke trivsel og etableringslyst både for å bu og

skape arbeidsplassar, og gjeld i heile landet frå Groruddalen til Mehamn.  Utvikling av gode møteplassar universelt utforma, ute som inne, er viktig i dette arbeidet. Senterpartiet meiner det er kriminalitetsførebyggjande og helsefremjande å bu på ein vakker stad, der alle blir inkludert, og som ein sjølv har delteke i utviklinga og stolheita av. Arbeidet vil i tillegg byggje omdømme, og skape identitet og byrgskap for staden der livet blir levd.

Senterpartiet vil:  

  • Setje av 100 millionar i året til tiltak i små lokalsamfunn og bydelar som kan auke bulysta og betre bumiljøet.
  • At kommunane satsar på tettstads- og småsamfunnsutvikling, for å byggje identitet, trivsel og attraktivitet. 
  • Stimulere til lokalsamfunnsutvikling der offentleg, privat og frivillig sektor samarbeider. 
  • Sikre brei deltaking i planprosessar gjennom tilrettelagde medverknadsmetodar for alle grupper i samfunnet. 
  • Skape nærmiljø, tettstader og bygdesentra med gode og trivelege universelt utforma møteplassar.
  • Dele ut eit kvalitetsstempel til det trivelegaste lokalsamfunnet/tettstaden i landet. 

3.4. Det regionale nivået

Forvaltingsreforma er ei reform som flytter makt frå sentralt nivå og statleg byråkrati til lokale folkevalde i fylkeskommunen. Dette er ei reform for meir folkestyre, mindre byråkrati og desentralisering.  

Senterpartiet meiner det er behov for eit sterkt regionalt folkevalt nivå, i tillegg til kommune og stat. Dette er ikkje minst viktig for å kunne vareta ein kommunestruktur med mange små einingar. Oppgåveoverføringa i forvaltingsreforma må vidareførast med full tyngd, slik at avgjerdsmakt blir desentralisert, oppgåvene blir løyste nærmare brukarane og ein sikrar høve for ein differensiert politikk. Oppgåver og ansvar som i dag ligg hos fylkesmannen bør overførast til fylkeskommunane, slik at fylkesmannen får eit reindyrka ansvar for kontroll- og tilsynsoppgåver. 

Senterpartiet meiner at heile landet skal takast i bruk. Storsamfunnet har eit spesielt tilretteleggingsansvar for den verdiskapinga som skjer i distrikta. Det krev ein politikk med ulike løysingar for ulike næringar og lokalsamfunn. For at utviklingsrolla til fylkeskommunane skal vere reell i heile landet, meiner Senterpartiet at grunnfinansieringa til regional utvikling må hevast monaleg. God næringsutvikling, berekraftig utvikling, demokrati, planlegging og klok arealbruk blir løyst best med lokal kunnskap og med regional samhandling og styring. Fleire store velferdsoppgåver vil også kunne bli løyst mest effektivt på regionalt nivå.

Senterpartiet vil: 

  • Ha tre sterke direktevalde folkevalte nivå.
  • Gje fylkeskommunane ytterlegare regionale oppgåver for å styrkje regional utvikling og demokrati, og redusere statleg detaljstyring.
  • At overføring av oppgåver må fullfinansierast og sikre føreseielege og gode økonomiske rammer for det regionale folkevalte nivået.
  • Overføre oppgåver frå fylkesmannen til fylkeskommunen og endre fylkesmannsembetet til eit kontor for statleg legalitetskontroll og tilsyn. 

3.5.  Det nasjonale nivået

Nasjonalstaten har danna ramma for utviklinga av folkestyret, rettsstaten og velferdsstaten. Det er allmenn semje om at eit velfungerande demokrati føreset opne demokratiske organ som informerer samfunnsmedlemene og gjev dei høve til eit fritt ordskifte på grunnlag av ein kunnskap om samfunnet. 

Informasjon må vere tilgjengeleg for alle og på like vilkår. Dersom dette skal vere mogeleg må det finnast felles forum eller medium, der debatten kan gå føre seg, og deltakarane i det politiske ordskiftet må snakke same språk. Ei vesentleg innvending mot norsk medlemskap i EU er at desse føresetnadene ikkje er til stades. Den politiske strukturen i EU med eit ikkje folkevalt organ som viktigaste styresmakt, geografisk avstand og språkleg mangfald opnar for utstrekt påverknad frå ulike lobbyar, og gjev samfunnsgrupper med pengar ein fordel framfor politiske og frivillige organisasjonar. 

EØS-avtalen representerer ei utfordring for det norske folkestyret i dag. EØS-avtalen medverkar til at vi får eit samfunn med mindre folkestyre, med meir rettsleggjering og større innslag av marknadsstyring. EØS-avtalen aukar avstanden mellom sentrum og utkant og flytter makta frå grasrota til eliten. Senterpartiet går derfor inn for å erstatte EØS-avtalen med mellomstatlege avtalar etter same modell som den avtalen Sveits har inngått med EU.  Senterpartiet understrekar dei store utfordringane mot folkestyret som skjer ved at avgjerder i aukande grad blir tekne i internasjonale samanhengar, av organisasjonar og selskap på internasjonalt og globalt nivå. På ei rekkje område er det naudsynt med tettare internasjonalt samarbeid og samordning av politikken, blant anna for å løyse globale miljøproblem, nedkjempe fattigdom, skape rettferdig handel, styrkje stillinga til menneskerettane og førebyggje konfliktar. Senterpartiet meiner det er avgjerande at internasjonalt mellomstatleg samarbeid om desse problema har ei klar folkeleg forankring og at det blir arbeidt aktivt for at folkevalde skal sikrast innsyn i og ha kontroll med den politiske verksemda på internasjonalt nivå.  

WTO har utvikla seg til å bli ein viktig arena for avgjerder innan mange område knytte til handel med varer og tenester, men der konsekvensane av tiltaka som gjeld handelspolitikk og konkurranse kan vere store og strekkje seg langt ut over det som gjeld handel. Mange avgjerder blir tekne i lukka rom i uformelle samanhengar der det ikkje er innsyn og tilgjenge for ålmenta. Senterpartiet meiner WTO må bli integrert i FN-systemet som del av eit heilskapleg avtaleverk for regulering av samarbeid landa i mellom. Det er blant anna avgjerande at frihandel og dei globale miljøutfordringane blir løyste gjennom integrerte avtalar.  Det er ei utfordring for folkestyret at ei rekkje spørsmål av nasjonal verdi blir avgjorde gjennom internasjonale forhandlingar der det er lite innsyn undervegs, og der dei folkevalte berre i etterkant får høve til å seie ja eller nei til ein framforhandla avtale. 

Til toppen