Til forsiden


Uttale einstemmig vedtatt av Senterpartiets landsmøte 12. september 2008:

Sp skal bere fram Samferdselsløftet

[15.09.08 07:33] Senterpartiets landsmøte er glad for at Sp har fått gjennomslag når regjeringa no har varsla ei storsatsing i Nasjonal transportplan. Sp krev at det store Samferdselsløftet kjem heile landet til gode. Transportplanen må innehalde ein kraftig vekst i rammene og innrettast for å byggje landet for framtida. Det vil seie meir til veg- og jernbaneinvesteringar, rassikring, trafikktryggleik, vedlikehald, kollektivtransport, gang- og sykkelvegar.


Landsmøtet er nøgd med den retninga regjeringa har peika ut i samferdselspolitikken. Regjeringa har oppfylt NTP i statsbudsjetta. Det har ingen gjort før, men vi slår oss ikkje til ro med det og vil føre satsinga vidare.

Landsmøtet føreset at midlane aukar med mange titals milliardar kroner i NTP-perioden, med ei differensiering der hovudtyngda av nyinvesteringar skjer på bane/kollektiv i og rundt dei store byane, og på veg i distrikta i heile landet, samstundes som løyvingane til vedlikehald går opp. Landsmøtet føreset vidare at det vert opna for meir prosjektfinansiering, for å få til samanhengande og rask utbygging av store prosjekt.

Noreg er eit langstrakt land med mykje utfordrande natur. Avstandskostnadene er store, og desse må ned for at vi skal vere konkurranseføre framover. Stamvegar, smale og ulukkesutsette riksvegar, viktige vegar for distrikta og ferjetilbodet må prioriterast. Hamner og farleier må utviklast til framtidsretta transportårer. Jernbanen må byggjast ut for å ta meir av trafikken mellom dei store byane. Ein større del av godsmengda må over frå veg til sjø og bane. Lokaltog, bybanar og kollektivtrafikk må prioriterast høgare i byområda våre. Når fylka får ansvaret for riksvegane frå 2010 må det følgja med ei ”medgift”, slik at det blir rom for å ruste opp både desse og dagens fylkesvegar. Fordelinga av investeringane geografisk må vere slik at heile landet får løyst naudsynte prosjekt. Ved samordninga av investeringssatsinga i Nasjonal Transportplan bør Sp leggje til grunn at investeringane i veg og jernbane vert sett i samanheng.

Innsatsen for trafikktryggleik er høg i Noreg, og vi er mellom landa med lågast ulukkestal. Likevel er ulukkene altfor mange, og talet har stige urovekkjande til no i år. Mange gode tiltak må verka saman: Hyppigare kontrollar, meir førebygging, men også ein kraftig auke av midlane til meir sikring i vegbana, t.d. med midtfelt og midtdelar, og gang- og sykkelvegar.

Altfor mange vegstrekningar i Noreg er rasutsette, og vi har sett fleire svært alvorlege ras den siste tida. Det er uakseptabelt at vegar i dagleg bruk er så farlege at det er med livet som innsats dei blir brukte. Sp krev at satsinga på rassikring blir auka kraftig.

Klimautfordringa kan ikkje løysast ved å ha dårlege vegar. Vi må byggje eit moderne vegnett som sikrar minst mogleg utslepp, og elles satse på å redusere utsleppa særleg ved utbygging av kollektivtrafikken. Det må leggjast aktivt til rette for kjøp og bruk av null- og lågutsleppsbilar.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut