Til forsiden
Du er her: Politikk  / Stortingsvalgprogram 

Energi og klima

 


Snarveier:

16.1. Senterpartiet tek klimatrugsmålet på alvor
16.1.1. Norerg må ta sin del av ansvaret
16.1.2. Internasjonal klimapolitikk
16.1.3. Noreg som lågutsleppssamfunn
16.2. Ny fornybar energi skal overta for fossil energibruk
16.3. Effektiv energibruk og energisparing
16.3.1. Energiløysinger i bygg
16.4. Klimatiltak i industrien
16.5. Fangst og lagring av CO2
16.6. Fornybar elektrisitet til sokkelen
16.7. Vasskraftressursane - eit viktig gode
16.7.1. Nett
16.8. Utvinning av olje og gass
16.8.1. God ressursutnytting
16.8.2. Petroleumsverksnemd og miljø
16.8.3. Tildelingspolitikk
16.8.4. Statleg eierskap
16.9. I tet på energi- og miljøkompetanse

Mål

Senterpartiet skal vere leiande i arbeidet med å føre Noreg frå det fossile til det fornybare energisamfunnet. Viktige målsetjingar for politikkutforminga må vere å redusere energiforbruket og produsere meir rein energi, å erstatte fossil energi med fornybar energi og å bruke energien meir effektivt enn i dag. Teknologiutvikling i skjeringspunktet mellom miljø og energi bør gjerast til ei av føremonene til Noreg.  Energiressursane i Noreg skal forvaltast på ein berekraftig måte. Olje- og gassressursane skal utvinnast, men på ein mest mogeleg klimavennleg måte. Vi ønskjer reduksjon i utvinningstempoet. Vi vil nytte dei store vasskraftressursane våre enda betre, og vi vil ha ein vesentleg auke i bruken av nye fornybare energikjelder. Vi vil vere pådrivarar for å utvikle teknologi for meir miljøvennleg energiproduksjon frå fornybare energiberarar. 

Staten skal halde fram med å ta eigardelar på norsk sokkel. Vi vil framleis ha nasjonalt og lokal offentleg eigarskap til vasskraftressursane. Noreg skal halde fast på heimfallsretten. Fornybar energi skal vere Noreg sitt verkty i den globale klimadugnaden.  

Energiressursane skal forvaltast på ein slik måte at det skapar næringsutvikling og arbeidsplassar i heile Noreg. Senterpartiet vil ha større grad av ilandføring frå nye olje- og gassfelt og stille tydelegare krav om lokale ringverknader i form av arbeidsplassar og kompetanseutvikling. Nettleia på straum skal utjamnast over heile landet. Satsing på bioenergi, solenergi, vatn, vind og bølgjekraft er viktige næringar som kan gje lokale ringverknader. Vasskraft er ein lokal ressurs og Senterpartiet ønskjer å fremje næringsutvikling nær produksjonsstaden.    

16.1. Senterpartiet tek klimatrugsmålet på alvor

Senterpartiet meiner at klimaendringane er den største utfordringa verda står overfor. Det er brei vitskapleg semje  om at vi kan vente oss global temperaturauke, heving av havnivået, endring i nedbørsmønster og vindsystem, tap av biologisk mangfald og forverra levekår, særleg i den fattige delen av verda. 70 prosent av klimagassutsleppa globalt kjem frå energiproduksjon og energibruk. Redusert energibruk er derfor ein svært viktig del av løysinga på klimaproblemet. For å stabilisere klimaet må dei globale utsleppa reduserast med 60–80 prosent innan 2050, i følgje klimapanelet til FN. Alvoret i situasjonen krev nytenking og handling – lokalt, nasjonalt og globalt. I nasjonal, regional og kommunal planlegging må det derfor takast omsyn til klimaendringane vi har framfor oss og naudsynte endringar må gjerast i lovverket. Førebuing for naturkatastrofar og ulukker må samordnast og styrkjast. Erstatningsordningar må gjennomgåast og ansvar må tydeleggjerast.   

Skogbruket og jordbruket skal spele ei sentral rolle i klimapolitisk samanheng, da evna til skogen og jorda til å absorbere og lagre CO2 må vektleggjast sterkare. Verkemiddel og drift må vareta dette. Det må satsast meir både på skogskjøtsel for å byggje opp meir tremasse, og på større bruksområde av tre og treprodukt i mange ulike samanhengar. Byggjemateriale i tre bør i størst mogeleg grad erstatte byggjemateriale som gjev ein dårlegare CO2-rekneskap, utan at det går på kostnad av andre tungtvegande omsyn som branntryggleik og konstruksjonstekniske tilhøve. Det bør elles opnast for at skogbruket kan omfattast av CO2-kvotesal, dersom slikt kvotesal kan utviklast innanfor ramma av eit berekraftig system.

16.1.1. Noreg må ta sin del av ansvaret 

Alle land kan med rette hevde at utsleppet deira berre utgjer ein mindre del av den totale utsleppsmengda i verda. Derfor er det viktig at det blir framforhandla ambisiøse og langsiktige internasjonale klimaavtalar. For å lukkast med dette er det avgjerande at velståande land som Noreg er villige til å medverke, og at vi viser vilje til handling også på heimebane. Noreg har som oljenasjon eit stort ansvar for klimaproblemet. Samtidig har vi gode høve til å medverke med tiltak og ny teknologiutvikling som vil bringe verda nærmare ei klimaløysing. Vi har kompetanse og økonomisk handlefridom som gjer oss eigna til å ta på oss eit leiaransvar. Noreg forvaltar dessutan vesentlege ressursar som fornybar energi, veksande skogressursar, store land- og kystareal og reint vatn som gjev rikt høve til å medverke globalt.

16.1.2. Internasjonal klimapolitikk

Arbeidet mot global oppvarming er avhengig av internasjonale avtalar for å lukkast. Det internasjonale klimasamarbeidet må vere:   - breiare: Alle viktige utsleppsland og utsleppskjelder må vere omfatta. - djupare: Landa må forplikte seg til dei utsleppskutta som er naudsynte for å unngå ein temperaturauke på to gradar. - lengre: Ein må ha eit langsiktig perspektiv, helst over fleire tiår, for å gje klare signal til industri, investorar og innbyggjarar om kva for veg verda skal gå.  

Senterpartiet vil:  

  • At målet om ein maksimal temperaturauke på to gradar skal liggje til grunn for framtidige klimaavtalar.
  • At Noreg skal forplikte seg til karbonnøytralitet innan 2030.
  • At Noreg skal forplikte seg til at minst to tredjedelar av pliktene våre skal oppfyllast gjennom innanlandske kutt.
  • At Noreg skal arbeide for at byrdefordelinga mellom land skal byggje på jamn og rettferdig fordeling av utsleppskvotar.
  • At Noreg skal arbeide for at ein ny internasjonal avtale skal byggje på teknologioverføring til utviklingsland.
  • At Noreg skal arbeide for nye mekanismar retta mot dei fattigaste landa, med sikte på å skape økonomisk vekst med låge klimagassutslepp.
  • At Noreg skal arbeide for at det å ta vare på regnskogen blir inkludert i klimaavtalane, og medverke økonomisk til etablering av finansierings- og kontrollmekanismar.
  • At Noreg, gjennom både klimaforhandlingar, IMO, WTO og internasjonale prosessar skal arbeide for klimaavgifter på internasjonal transport. 
  • At Noreg skal arbeide for tiltak mot "CO2-skatteparadis", dvs. land som prøver å gjere fråvær av utsleppskrav til ein konkurransefordel. 
  • Arbeide for eit system med straffetoll for land som ikkje underteiknar ein global klimaavtale etter Kyoto-avtalen.
  • Arbeide for at norsk petroleumsaktivitet i andre land ikkje undergrev rettane til innbyggjarane og suvereniteten deira over eigne ressursar. 

16.1.3. Noreg som lågutsleppssamfunn 

I Noreg er vi rike både på ressursar, kunnskap og kapital. Reelle utsleppskutt i rike land er òg naudsynt for at fattige land skal ta på seg plikter. For å oppnå nøgda utsleppskutt må vi jakte på nullutsleppsløysingar i alle sektorar. Det er ikkje nok å avgrense forbruk eller effektivisere produksjon. Dei forureinande løysingane må erstattast med utsleppsfrie.  

Det er brei internasjonal semje om at ein kostnad på klimagassutslepp, anten i form av avgifter eller kvotar, som blir sett i verk globalt, vil utløyse store, kostnadseffektive utsleppskutt. I Noreg har vi sidan tidleg på nittitalet hatt avgifter på store delar av klimagassutsleppa våre. Dette har vore eit viktig, men langt frå tilstrekkeleg verkemiddel. Våre ambisiøse mål for klimapolitikken gjer det naudsynt å fase inn nullutsleppsløysingar der det er mogeleg, i sektorar som kraftproduksjon, varmeproduksjon, transport og industri. For å klare dette må ny teknologi takast i bruk. Senterpartiet ser det som ein sentral del av klimapolitikken å medverka til at slik ny teknologi blir teken i bruk gjennom økonomiske verkemiddel og aktiv politisk styring. På denne måten blir ny og fornybar energi konkurransedyktig med gamal og forureinande teknologi. 

Senterpartiet vil: 

  • Ha klimamål for den einskilde sektoren og at klimapolitikken skal ta sikte på innfasing av lågutslepps- og nullutsleppsløysingar i alle sektorar.
  • Arbeide systematisk for å bryte ned barrierar mot utsleppsfri teknologi. 
  • Byggje klimapolitikken på prinsippet om at "forureinar betalar" der dette gjev reelle utsleppskutt og ikkje berre utflytting av utslepp. 
  • Inngå avtalar med industrien om utsleppsreduksjonar av CO2 og NOx

16.2.  Ny fornybar energi skal overta for fossil energibruk

Senterpartiet har som mål at Noreg skal produsere 30 TWH ny fornybar elektrisitet fram til 2020. Ny energiproduksjon i form av fjernvarme og mål for energisparing må kome i tillegg til dette. Dei samla vasskraftressursane skal nyttast betre. Det skal byggjast ut meir vindkraft på land og til havs, det skal hentast ut meir varme og elektrisitet av bioenergi, og energiproduksjon frå havet i form av bølgjekraft og fjordvarme skal aukast.  

Fornybar kraftproduksjon til havs representerer ein tilnærma uavgrensa kraftreserve. I tillegg til eige behov, kan det også liggje til rette for å eksportere rein vindkraft til Europa. Kostnadene ved slik kraftproduksjon er vesentleg høgare enn dagens straumprisar, men teknologiutvikling og storskala industrialisering kan gjere dette til ein viktig energiressurs. For å lukkast til havs er det også naudsynt å satse på å utvikle teknologi og vindparkar på land i Noreg.  

Dei fornybare energikjeldene må brukast i samanheng for å få ei best mogeleg energiutnytting. Vasskrafta bør brukast smartare slik at energien blir betre utnytta. Vi ønskjer også å vurdere stimulerande tiltak for å byggje om kraftverk til pumpekraftverk som kan lagre effektoverskot frå vindkraft ved å pumpe vatn opp i magasina. Det er viktig å ha ein stor og kraftfull aktør som har einefokus på vindkraft, og som engasjerer seg i alt frå forsking og utvikling til å delta i utbygging av vindkraftanlegg. Det er naturleg at eit Statvind samarbeider med noverande aktørar innan vindkraft og kan gå inn som partnar ved til dømes bygging av større off shore-vindkraftanlegg. Bioenergi, jordvarme, vind, småkraft og bølgjekraft må kome sterkare med i energiproduksjonen. Solenergi kan i framtida spele ei vesentleg større rolle enn i dag.  

Senterpartiet har i den førre stortingsperioden hatt stort fokus på å lyfte bioenergiproduksjonen. Det er viktig for Noreg å leggje om frå oppvarming basert på elektrisitet til oppvarming basert på bioenergi og fjernvarme. Satsinga på bioenergi er aukande, men førebels greier ikkje varme og elektrisitet produsert på bioenergi å konkurrere med straumprisane. Det trengst fleire tiltak som kan utløyse råstoff, og det må innførast sterkare stønadordningar for å få bygd ut fjernvarmenett. Næringslivet må også ha kraftigare insentiv til å leggje om til vassboren varme. Krava til å planleggje

for framføring av varme ved arealplanlegging og bygging må ytterlegare styrkjast. Stabile og gode nok rammevilkår for småkraftverk er viktig. Det er også naudsynt med økt saksbehandlingskapasitet for å få behandla dei mange søknadene om både vass- og vindkraftutbygging. Rammevilkåra for vindkraft må betrast.  Senterpartiet er imot at Noreg skal produsere energi basert på kjernekraft. Vi meiner at det heller ikkje skal vere ei prioritert oppgåve å drive forsking på kjernekraft, Bruk av thorium i staden for plutonium løyser ikkje det som er Senterpartiets største innvending mot kjernekraft, nemleg avfallsproblema og den tryggleiksrisikoen dette avfallet kan utgjere om det kjem i feil hender.

Senterpartiet vil:  

  • Satse på utvikling av industrielle verdikjeder for bioenergi frå norsk skogbruk i samarbeid mellom skogsamvirket, styresmakter og industri.
  • At fornybarsatsinga blir auka med 6–8 milliardar kronar per år slik at Noreg kan nå målsetjingane i klimaforliket.
  • Utvikle flisstønadsordninga for å gjere biovarme frå norsk skogråstoff meir konkurransedyktig.
  • Auke tilgangen på fornybar elektrisitet gjennom investeringstilskot til vindkraft, solenergi, bio-elektrisitet, bølgjekraft og tidevasskraft. 
  • Ha ei energinøytral ordning med grøne sertifikat. Det er naudsynt å ha særlege stønadsordningar for umogne teknologiar. Fornybar varmeproduksjon skal vere inkludert i tillegg til energi frå vind, små-, mini- og mikrokraftverk. Fram til ordninga med grøne sertifikat er på plass, ha ei stønadsordning som løyser ut vesentleg utbygging av fornybar energi.
  • Gjere overgangen til fornybare varmeløysingar mest mogeleg attraktiv for forbrukarane og næringslivet gjennom stønadsordningar.
  • Gå imot bruk av atomkraft i Noreg og arbeide for reduksjon av atomkraft internasjonalt.
  • Avvikle atomreaktoren i Halden når konsesjonsperioden går ut.
  • Tilpasse avgiftspolitikken slik at ikkje gass konkurrerer ut fornybar energi til oppvarming.
  • Bruke det statlege eigarskapet aktivt for å vri satsing frå petroleumsaktivitet til satsing på fornybar energi.
  • Opprette eit "Statvind" som skal vere ein motor og medspelar i forsking, utvikling, og kommersialisering av vindkraft spesielt til havs.
  • Styrkje kunnskapen og tilretteleggingskapasiteten innan utvikling av varmemarknaden på kommune-, fylkes- og departementsnivå og i dei kommunalt åtte energiverka. 

16.3.  Effektiv energibruk og energisparing

Senterpartiet meiner verda og Noreg har eit stort uutnytta potensial når det gjeld meir effektiv energibruk. Energibruken knytt til både hushald, industri, næring og transport kan reduserast vesentleg. Samtidig kan vi nytte den verdifulle el-krafta på ein betre måte enn vi gjer i dag. Senterpartiet ønskjer ei storstilt omlegging der ein fasar inn bioenergi til oppvarming og frigjer verdifull el-kraft som kan nyttast til transport og industri.

16.3.1.  Energiløysingar i bygg

Nye energikrav til bygningar bør rullerast kvart femte år med mål om ytterlegare reduksjonar i energibruken. På sikt bør lågenergihus bli standard. Når alle straumkjøparar får tovegskommunikasjon innan 2012 har ein fått ein viktig reiskap for effektiv energibruk. Senterpartiet meiner det bør bli laga ein energistrategi for "grøne hyttefelt". Her skal blant anna solceller og småkraftverk spele ei viktig rolle. I store konsentrerte utbyggingsområde for fritidsbustader meiner Senterpartiet at bioenergi og varmesentralar skal vere prioriterte løysingar.

Senterpartiet vil: 

  • At alle nye bustad- og næringsområde blir tilrettelagde med infrastruktur for alternativ energi.
  • At alle nye offentlege bygg skal leggjast til rette for oppvarmingssystem basert på vassboren varme, og at alle nybygg over ein viss storleik skal nytte vassboren varme. 
  • Auke investeringsstønaden til fornybare varmesentralar og infrastruktur for fjernvarmenett.
  • Innføre panteordning for gamle vedomnar og oljekjelar.
  • Fase ut fossil oppvarming og erstatte denne med fornybar varme. Dette skal skje gjennom å auke fyringsoljeavgifta gradvis for å sikre konkurranseevna til fornybare varmeløysingar. 
  • Arbeide for at alle kommunar og fylkeskommunar utarbeider og gjennomfører eigne kommunale energi- og klimaplanar.
  • Informere om det store potensialet som ligg i sparing av elektrisitet og konvertering til andre kjelder.
  • Leggje til rette for eit fleirprissystem på straum.
  • Leggje til rette for overgang frå el-oppvarming til annan fornybar varme.
  • Arbeid for at el-apparat med standby-funksjon, som har høgt straumforbruk, blir fasa ut.
  • Arbeid for at glødepærer blir fasa ut samtidig med at det kjem meir effektive lyskjelder. 
  • Fjerne ordninga med utkoplbar kraft.

16.4.  Klimatiltak i industrien

Noreg har stor industriverksemd innanfor sektorar med store klimagassutslepp og energiintensiv produksjon. Norsk industri produserer varer som både Noreg og verda har behov for. Bruk av aluminium, silisium, mineralgjødsel og andre produkt går ikkje ned sjølv om norsk produksjon blir redusert. Tvert imot vil produksjon av utstyr for fornybar energi kunne medføre auka behov for moderne materialar. Senterpartiet meiner derfor at det overfor industrien må bli sett i verk offensive effektive klimapolitiske verkemiddel med føremål å redusere utsleppsintensiteten og få ned energiforbruket per produserte eining, utan å avvikle framtidsretta og miljøeffektiv produksjon.  

Delar av norsk industri er alt ein del av kvotehandelssystemet til EU for klimagassar, og fleire sektorar vil truleg bli inkluderte frå 2013. EU vil at bruken av gratiskvotar til industrien blir gradvis fasa ut frå 2013 til 2020, avhengig av om andre land legg utsleppskostnader på industrien sin. Senterpartiet meiner dette er ei fornuftig overgangsordning for dei industrisektorane der det er fare for karbonlekkasje.  

Senterpartiet vil:

  • Arbeide for store utsleppskutt i norsk industri i samarbeid med næringa.
  • Aktivt bruke forureiningslova, avgifter og stønadsordningar.
  • Stille krav om energigjenvinning for alle nye anlegg frå dag éin.
  • Ta initiativ til frivillige avtalar om utsleppsreduksjonar i sektorar som førebels ikkje er omfatta av kvotesystemet.
  • Styrkje Enova sitt industriprogram og gjere det meir fleksibelt for å utløyse det store energisparepotensialet som ligg i industrien ved blant anna å tilby støtte til pilotanlegg.

16.5.  Fangst og lagring av CO2

Senterpartiet meiner at teknologi for fangst og lagring av CO2 er noko av det viktigaste Noreg kan medverke med for å redusere dei globale utsleppa av klimagassar. Vi må ha klare krav om full reinsing av CO2 frå alle noverande gasskraftverk og andre større utsleppskjelder over 1 mill. tonn, slik som Snøkvit, Kårstø, Mongstad, Skarv og industrien i Grenland. Vi meiner at staten må spele ei viktig rolle i utvikling av reinseløysingane, men at industrien i størst mogeleg grad sjølv må ha ansvaret for reinsinga når ho har kome i drift. 

Senterpartiet vil:  

  • Stille krav om CO2-reinsing på alle nye gasskraftverk.
  • Gjere statlege investeringar i infrastruktur for fangst og lagring av CO2.
  • Sørgje for at gasskraftverk som alt har fått konsesjon blir reinsa.
  • Arbeide for fangst og lagring av CO2 på dei største punktutsleppa, som Mongstad-raffineriet, Kårstø gassterminal, Melkøya, Skarv-feltet og Grenlands-klynga gjennom offentleg-privat samarbeid.
  • Prosjektere infrastrukturen for transport av CO2 frå Kårstø med ein røyrdimensjon som vil gje rom for å handtere utslepp frå industrien.
  • På sikt skape føreseielege rammevilkår for CO2-fangst, blant anna ved å vidareføre arbeidet med å leggje til rette for CO2 som tiltak for auka oljeutvinning, til dømes gjennom ein statleg kjøpsgaranti for CO2.

16.6.  Fornybar elektrisitet til sokkelen

Det er kostbart å leggje straumkablar ut til sokkelen, det føreset auka straumproduksjon på land og at olje- og gassfelta som skal forsynast, har ein viss storleik og levetid. Vi meiner dette er eit naudsynt klimatiltak, og vi vil styrkje teknologiutviklinga på dette området. I starten fraktar kablane straum frå land og ut til plattformene. Seinare ser vi for oss at kablane kan frakte straum frå havvindmøller og inn til land. Føresetnaden er at miljøkostnadene ved bygging av linene ikkje overgår den miljøgevinsten ein oppnår. Det må òg vere tilgjengeleg kraft og nett på land.

Senterpartiet vil:

  • Ha som utgangspunkt at alle nye felt på sokkelen skal vere forsynte med utsleppsfri kraft.
  • Krevje elektrifisering ved omfattande ombyggingar/moderniseringar av noverande felt.
  • Saman med tiltakshavarane på sokkelen identifisere dei noverande felta som er best eigna til elektrifisering og medverke til at desse blir elektrifiserte.

16.7.  Vasskraftressursane - eit viktig gode

Naturressursane som dannar grunnlaget for den enorme verdiskapinga i norske vassdrag høyrer fellesskapet til. Senterpartiet slår derfor ring om konsesjonslovgjevinga og heimfallsretten som sikrar offentleg eigarskap til dei norske vasskraftressursane. Kraftproduksjonen er også ein viktig del av infrastrukturen i Noreg – å privatisere denne er etter Senterpartiets meining uaktuelt.   Rein og rimeleg kraft er ei av Noreg sin viktigaste fordel for å sikre konkurransekraft overfor resten av verda. Senterpartiet ønskjer å bruke kraftressursane våre på ein slik måte at den medverkar til produksjon og verdiskaping i Noreg. Vi må halde fram arbeidet med å sikre den kraftforedlande industrien minst like gode rammevilkår som den har i andre land. 

Senterpartiet ønskjer å motverke lite kostnadseffektiv langtransport av elektrisk kraft, og vil fremje uttak nær produksjonsstaden. Vatn- og vindkraft er ein lokal ressurs der dei som blir påverka av utbygging også har krav på ein rettmessig del av verdiskapinga. Dette vil vere retningsgivande for Senterpartiet i spørsmål som vedkjem både skattlegging og andre foredlingsspørsmål.  

16.7.1. Nett

Mange stader blir kostnadene ved ny energiproduksjon for høg for utbygging på grunn av manglande tilgang eller kapasitet i nettet. Dagens system tillegg ansvaret for finansiering av nett på kraftutbyggjar dersom noverande nett ikkje har kapasitet. Dette er mange stader med på å gjere investeringa for stor, og samfunnet går glipp av viktig kraftproduksjon. Det er viktig å sjå på ansvarsfordelinga i forvaltinga av straumnettet og leggje til rette for at meir kraftproduksjon kjem på nett.  Vind- og vasskraftressursane blir skapte i distrikta. Det er derfor eit paradoks at nettariffen fungerer slik at det er nett her prisane på leveranse av straum er høgast. Mange stader utgjer nettleiga ein vel så høg kostnad som sjølve straumen. Senterpartiet vil utjamne nettleiga slik at leveranse av straum skal koste like mykje same kor du bur.  

Senterpartiet vil: 

  • Sikre offentleg eigarskap til vasskraftressursane. Særleg kommunane og fylkeskommunane er viktige eigarar for å sikre ei god forvalting av felles ressursar og bør derfor eige ein større del av vasskraftressursane. 
  • Oppretthalde heimfallsordninga.
  • Gå imot privatisering av Statkraft AS og Statnett SF
  • Stimulere til bygging av småkraft og leggje til rette for små kraftverk også i verna vassdrag når det ikkje kjem direkte i konflikt med vesentlege verneverdiar.
  • At konsesjonsbehandlingstida blir redusert ytterlegare og meir av konsesjonsbehandlinga skjer ute i fylka.
  • Sikre auka kraftproduksjon gjennom å modernisere og ruste opp linenett og kraftverk.
  • At nettpolitikken blir endra og tilpassa behovet for kapasitet i ny fornybar kraftproduksjon.
  • Sikre lik nettleige over heile landet. 
  • Handheve leveringsplikta til fastbuande.
  • Arbeide for at kraftliner med høgare spenning skal leggjast i kabel når dei er nær bustader eller rører ved særs viktige naturverdiar. 
  • Staten skal medverke til nybygging, opprusting og kapasitetsauke på linenett slik at nye kraftprodusentar ikkje må ta heile kostnaden med dette når krafta skal fram til forbrukarane.
  • Satse på fornying og utbetring av nettet for å betre leveringstryggleiken og redusere tapet i linenettet.
  • Byggje ut nett for å fjerne flaskehalsar mellom Sør- og Nord-Noreg og styrkje sentralnettet generelt,  for å kunne ta i bruk vindkraftressursane.
  • Fastsetje minimum standarderstatning ved ekspropriasjon og bandlegging av fast eigedom til bruk for høgspentliner. 
  • Ha ein solidarisk prispolitikk på straum og derfor ikkje ha eigne prisområde.

16.8.  Utvinning av olje og gass

Senterpartiet ønskjer å forvalte olje- og gassressursane på ein slik måte at dei kjem miljøet og komande generasjonar til gode. Vi går inn i ei tid med minkande oljeproduksjon, mens utvinninga av gass framleis stig. Ei best mogeleg utnytting av felt i drift er derfor naudsynt og er god forvalting framfor stadig opning av nye felt.   Senterpartiet ønskjer ressurssparing framfor finanssparing, og vil også i framtida leggje dette til grunn ved tildeling av leite- og utvinningskonsesjonar. Dette vil også føre til at ringverknadene av olje- og gassverksemda blir spreidde over ein lengre tidsperiode. Ny utvinningsteknologi har ført til at ein stadig større del av oljereservane kan utvinnast. Slik teknologiutvikling fører til betre ressursutnytting i form av auka utvinning i noverande oljefunn- og felt, men ny teknologi og høge energiprisar gjer at fleire område som ikkje tidlegare var lønnsame no kan vere det.   

Den statlege deltakinga på norsk sokkel gjennom statens direkte økonomiske engasjement (SDØE) er vesentleg for å sikre fellesskapet verdiar frå felles naturressursar. Senterpartiet vil offensivt utnytte dei høva norske naturressursar og norsk olje og gass gjev til industrireising, verdiskaping og arbeidsplassar i Noreg. 

Staten sitt eigarskap i Statoil-Hydro er og viktig for framtidig næringsutvikling, men med eit så stort selskap må staten sørgje for at både små felt – og restar av felt – blir utnytta på ein god måte. Leverandørindustrien må sikrast. Engasjementet til staten må behandlast på ein slik måte at det gjev inntekter til fellesskapet og industriell utvikling. Staten skal ikkje selje seg ned i store norske energiselskap. Staten sitt eigarskap i energiselskapa med eit stadig større internasjonalt engasjement har i seg både lovande utsikter og auka risiko på godt og vondt for staten som eigar.  Etikk, menneskerettar og miljø må vere berande prinsipp for staten som hovudaksjonær. Staten sitt eige oljeselskap med om lag 80 prosent av alle operatørskap, må ta eit ansvar for at norsk leverandørindustri får høve til utvikling. Likevel er det viktig at det også er eit mangfald av aktørar på norsk sokkel, både for å sikre god ressursforvalting og for å gje fleire høve for norsk leverandørindustri. 

16.8.1. God ressursutnytting

Senterpartiet vil:

  • At nivået på norsk gassproduksjon skal ikkje auke ut over dagens nivå. Ny gassproduksjon må avvente ledig eksportkapasitet eller helst brukast på land i Noreg.
  • At påviste petroleumsressursar som ikkje blir utvikla, eller der det ikkje ligg føre planar for utvikling må leverast tilbake til staten. Ei slik tilbakelevering kan gje høve til at andre aktørar med andre krav til lønnsemd kan utvikle desse. Dette vil redusere behovet for å tildele nye areal.
  • Satse på tiltak for å auke utvinningsgraden på felta. 

16.8.2. Petroleumsverksemd og miljø

Senterpartiet vil:

  • Ikkje opne for petroleumsutvinning utanfor Lofoten og Vesterålen (Nordland 6, Nordland 7 og Troms 2) og på Møreblokkene.At petroleumsaktiviteten i Barentshavet må vere avgrensa og byggje på strengje miljøkrav.
  • Skjerme særskilde verdifulle havområde frå petroleumsverksemd.
  • Arbeid for eit tettare samarbeid med russiske styresmakter og oljeselskap for å sikre at det blir sett strenge miljøkrav til verksemda både på norsk og russisk side i nordområda. 
  • Stille krav om nullutslepp til sjø også på nye petroleumsfelt i Nordsjøen og Norskehavet.
  • Styrkje kyst- og oljevernvernebuinga.
  • Sikre tilstrekkeleg slepevernebuing langs heile kysten. Statleg slepebåtvernebuing for Sørlandet og på Stad må på plass raskt.
  • Sørgje for ei opprustning av materiellet i oljeverndepota.
  • At utbygging av framtidige gassfelt i til dømes Norskehavet skjer på ein slik måte at gass blir førd i land, under føresetnad av at denne kan utnyttast industrielt og på ein måte som er akseptabel ut frå miljøomsyn. 
  • Påleggje oljeselskapa å utarbeide handlingsplanar for å redusere CO2-utsleppa på sokkelen. 
  • Ha ei offensiv satsing saman med næringslivet for å kommersialisere miljøteknologi. 
  • Betre rammevilkåra for bruk av CO2 som trykkstøtte til meir oljeutvinning på sokkelen, slik at ein lettare kan skape ein effektiv marknad for CO2 frå utsleppskjelder på land, slik som gasskraftverk eller noverande industriutslepp.
  • Medverke til å utvikle industri som nyttar naturgass og mineral som råstoff.
  • Byggje ut distribusjonsnettet for gass til bruk i ferjer, forsyningsskip og andre skip.
  • Utvikle ei ordning der rettshavarar på norsk sokkel blir pålagde å "dekarbonisere" 1 prosent av det fossile brenselet dei utvinn – det vil seie at oljeselskapa må fjerne CO2 eller medverke til utvikling av fornybar energi, inspirert av grøne sertifikat.

16.8.3. Tildelingspolitikk

Senterpartiet vil:

  • At tildeling av nye leiteareal i mogne område, det vil seie område med produksjonsrøynsle og eksisterande infrastruktur, skal prioriterast framfor tildelingar i nye felt.
  • Stille krav om at søknader om leiteboring skal innehalde ei utgreiing av konsekvensane ved heilårsdrift. 
  • Vidareføre dagens konsesjonsordning, som sikrar nasjonal kontroll med olje- og gassressursane. 
  • Oppretthalde og utvikle eit mangfaldig aktørbilete på norsk sokkel, ikkje berre innan leitearbeid, men også innan utbygging, produksjon og leverandørindustri
  • Leggje vekt på samordning og samarbeid mellom operatørar i vurdering av nye utbyggingar.

16.8.4. Statleg eigarskap

Senterpartiet vil:

  • Ha eit aktivt statleg eigarskap som sikrar at Statoil-Hydro og andre selskap staten eig delar av, driv verksemd på miljøet sine premissar og jobbar etter etiske standardar. 
  • Bruk av SDØE og andre statlege verkemiddel må vurderast med omsyn til å sikre industriell utvikling, styrkje teknologiutviklinga og medverke til utbygging av påviste ressursar. 
  • At SDØE også i framtida skal kunne ta delar på norsk sokkel.

16.9.  I tet på energi- og miljøkompetanse 

Visjonen til Senterpartiet er at miljø skal vere ein konkurransefordel for norsk industri og næringsliv. Miljøvennlege produkt og produksjonar, med minst mogeleg forureining og energibruk, vil vere ein viktig konkurransefaktor i marknader som stiller stadig høgare miljøkrav. Noreg skal vere i tet i ei slik utvikling. Mange av miljøutfordringane våre må løysast ved hjelp av betre teknologi og nye produksjonsmetodar. I dette ligg store eksportutsikter for teknologimiljøa våre. Noreg må posisjonere seg offensivt for å ta del i veksten i denne internasjonalen marknaden. Ei styrking av FOU-arbeidet, både igjennom ein meir målretta innsats og gjennom auka løyvingar, vil vere nødvendige for å lukkast. 

Noreg er ei stormakt på produksjon, leveransar og foredling av energi. Mykje av industrien og verdiskapinga vår er skapt med utgangspunkt i rein og rimeleg kraft i store mengder, og dessutan rikeleg med olje- og gassressursar. Denne fordelen må Noreg byggje vidare på. Ny teknologi er heilt avgjerande for at vi kan ta i bruk nye energikjelder utan store konsekvensar for miljøet. Gjennom eit samspel mellom dei store energiselskapa vi har i Noreg, forskingsinstitusjonane og det offentlege, vil Senterpartiet ha ei sterk teknologisatsing i energisektoren. Forskingsinnsatsen på fornybar energi må aukast vesentleg og dei offentlege kraftselskapa må delta forpliktande på same vis som oljeselskapa medverkar til FoU-arbeid. Forsking på biodrivstofffrå tremasse, avfall og kloakk skal vere eit tydeleg satsingsfelt. Noreg skal innan 2013 ha eit pilotanlegg for produksjon av andregenerasjon biodrivstoff basert på avfall og trevirke. 

Noreg bør satse tyngre på forsking og utvikling av ny energiteknologi som til dømes vindkraft til havs , solenergi, bølgjekraft, saltkraft og algedyrking til energi. Vi bør ha som mål å bli ein stor eksportør av teknologi og kompetanse. Vi vil gjennom tett samarbeid med næringslivet vidareutvikle forskingsinstitusjonar, forskingsfond og utdanningsinstitusjonar som medverkar til at Noreg kan bli verdsleiande i utvikling og kommersialisering av framtida sine fornybare energiløysingar. Kommersialiseringseiningane ved forskings- og utdanningsinstitusjonane må stimulerast, slik at ein i større grad legg til rette for bedriftsetablering baserte på forskingsresultat. Gjennom skatteverkemiddel og direkte økonomiske stimuli, ønskjer Senterpartiet å auke FoU-aktiviteten i heile energisektoren. Vi vil ha "Miljøfunn", skattelette til bedrifter som investerer i ny og miljøvennleg teknologi og som fremjar miljøforsking og teknologiutvikling. Senterpartiet vil medverke til at kommunesektoren får ein styrkt energikompetanse for å kunne leggje betre til rette for nye løysingar.

Til toppen