18.1. Tryggingspolitikk og utfordringar i nordområda
18.2. Eit truverdig forsvar av og for folket
18.3. Internasjonal samarbeid og deltaking
Mål
Målet for forsvars-, tryggleiks- og vernebuingspolitikken til Senterpartiet er å hevde norsk suverenitet, tryggje folkestyret og medverke til å sikre internasjonal stabilitet. Hovudoppgåva til forsvaret skal vere å forsvare norsk territorium. Vi må ha ei totalvernebuing som kan sikre alle delar av norsk territorium.
Noreg skal ha eit nasjonalt og sjølvstendig forsvar med komponentar frå alle våpengreiner både på land, i luft og på sjø. Noreg skal framleis basere forsvars- og- tryggingspolitikken sin på Nato-medlemskap, aktivt arbeid i FN og Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE). Noreg skal vere ein aktiv samarbeidspartnar i internasjonal krisehandtering.
Allmenn verneplikt skal vere fundamentet for det norske forsvaret. Noreg skal ha eit folkeforsvar, og ikkje eit verva forsvar. Den allmenne verneplikta sikrar at vi har soldatar frå alle samfunnslag inne til fyrstegongsteneste. Forsvaret av tryggleiken og fridomen til Noreg må byggje på eit samspel mellom det sivile samfunnet og dei militære styrkane våre. Alle delar av samfunnet skal kunne mobiliserast i krisesituasjonar. Folkeleg forankring er viktig for forsvarsviljen og kvaliteten til dei militære styrkane våre.
Senterpartiet arbeider for at Noreg skal vere ein aktiv bidragsytar til internasjonal stabilitet gjennom eit aktivt diplomati, humanitær bistand og deltaking i fredstryggjande operasjonar. Den tryggingspolitiske situasjonen i vår del av verda har endra seg monaleg. Under den kalde krigen var spenninga mellom aust og vest det dominerande trugsmålet. I dag er dei tryggingspolitiske utfordringane meir prega av regional ustabilitet, fare for terroråtak, sosial uro og interne væpna konfliktar i enkeltland. Noreg vil i åra som kjem stå overfor ei rekkje tryggingspolitiske utfordringar knytte til norske nærområde. Det er sannsynleg at dei mest alvorlege av desse vil vere knytte til dei rika ressursane på kontinentalsokkelen og i havområda utanfor Noreg, spesielt i nord. Alvorlege utfordringar mot norsk råderett og forvalting vil derfor utgjere utfordringar mot Noreg sin tryggleik. Forvaltinga må skje på ein føreseieleg måte som ikkje berre vernar norske økonomiske interesser, men også oppfyller pliktene til Noreg som kyststat. Dette er særleg viktig i fiskevernsona. Forsvaret skal vere eit viktig instrument for Noreg i nord, gjennom eit operativt nærvær som signaliserer plikt, aktpågjeving og fastleik. Vidare skal Forsvaret stå for ei tidsmessig overvaking og etterretning. Det sikrar eit nasjonalt avgjerdsgrunnlag for å reagere hurtig på utfordringar og hendingar, i tillegg til den daglege utøvinga av norsk styresmakt. Forsvaret medverkar såleis vesentleg til å sikre ei føreseieleg og stabil framtid, til å signalisere interessene til Noreg, prioriteringar og engasjement, og til effektivt å hevde suverenitet og rettar.
Nato er den sentrale ramma for norsk tryggleik dersom Noreg skulle stå overfor ein alvorleg militær konflikt i nordområda. Utfordringane Noreg står overfor i nord er likevel i stor grad av ein slik art at
Noreg ikkje vil kunne, eller ønskjer å, handtere desse gjennom Nato. Dette gjeld særleg utfordringar knytte til råderetten over ressursar i havområde med uavklart folkerettsleg status, der Noregs allierte til dels ikkje deler norske synspunkt. Noreg må derfor førebu seg på store utfordringar utan garantiar om stønad frå allierte og internasjonale partnarar. Auka aktivitet i nordområda, også auka militær aktivitet, aukar sannsynet for at norsk suverenitet blir broten. Dermed aukar også verdien av ei norsk suverenitetshevding, som må vere sterk og tydeleg.
Noreg skal ha eit truverdig nasjonalt forsvar som er i stand til å møte dei tryggingspolitiske utfordringane norske territorium kan bli utsette for. Det norske forsvaret bør kjenneteiknast av nærvær, fleksibilitet, mobilitet og rask reaksjonsevne. Eit godt nasjonalt forsvar må ha sjølvstendig kapasitet til å opptre både på land, i luft og på sjøen. Noreg har større nasjonale tryggingspolitiske utfordringar enn dei fleste andre vesteuropeiske statar. Derfor har Noreg også større behov for råderett over eigne styrkar enn mange mogelege partnarar.
Noreg skal ha eit folkeforsvar basert på verneplikt. Allmenn verneplikt medfører at svært mange får ei militær grunnutdanning. Dette er viktig for å skape gjensidig forståing mellom forsvarsmakta og innbyggjarane, og for å oppretthalde forsvarsviljen og forsvarsevna i folket. Den allmenne verneplikta bør oppretthaldast og vidareutviklast, og systemet for utveljing av skikka og motiverte menneske til fyrstegongsteneste må betrast, i tillegg til at fyrstegongstenesta må gjerast meir attraktiv. Senterpartiet vil at den allmenne verneplikta skal gjelde alle menn, men vil at det skal leggjast til rette for at fleire kvinner kan gå inn i Forsvaret. Gode lokale vernebuingsplanar er ein føresetnad for å verne folk og samfunn mot ekstraordinære påkjenningar under kriser i krigs- og fredstid. Auka politisk fokus på totalforsvaret og ei styrking av dei sivile tiltaka for å minske sårbare område i samfunnet er viktig. Stønaden frå Forsvaret til det sivile samfunnet til dagleg og i krise, og fokuset på heilskapleg konfliktløysing i internasjonale operasjonar, medfører totalt sett at det sivilmilitære aspektet ved verksemda i Forsvarets blir stadig viktigare og meir utfordrande i framtida. Senterpartiet meiner at både evne til å reagere, å halde ut og kvalitet er viktige for Forsvaret. Volumreduksjonen av Forsvaret i perioden 2002–2008 har delvis medverka til å rette opp ubalansar mellom desse tre grunnleggjande forholda. Volumreduksjonane har likevel gått for langt, noko som i stor grad skuldast lågare løyvingar til Forsvaret.
Heimevernet skal vere ein desentralisert, landsdekkjande og attkjenneleg del av det norske forsvaret. Som ein del av Forsvaret skal Heimevernet verne menneske og viktige samfunnsfunksjonar, medrekna utføre styrkjevern, sikre infrastruktur, nøkkelpersonell og materiell, medverke til overvaking og kontroll, forutan stønad til det sivile samfunnet. Heimevernet skal kunne løyse desse oppgåvene i fred, krise og krig, i alle delar av Noreg og i tett samarbeid med sivile aktørar. Innsats frå Heimevernet vil ofte utgjere Forsvarets viktigaste medverknad i kriser som trugar samfunnstryggleiken, som ved naturkatastrofar eller behov for omfattande og langvarig sikring av viktige installasjonar. Moderniseringa av Heimevernet må derfor halde fram, og Heimevernet må bli styrkjebrønnen for resten av Forsvaret, også i høve til internasjonale operasjonar.
Kystvakta hevdar nasjonal suverenitet, utøver jurisdiksjonsmakt og støttar det sivile samfunnet. Senterpartiet vil auke løyvingane til Kystvakta for å få fleire patruljedøgn på havgåande farty. Større økonomiske ressursar må stillast til disposisjon slik at ressursovervakinga og det norske militære
nærværet i dei store havområda våre kan auke. Øvingsaktiviteten til marinen og nærvær i Nord-Noreg må samtidig aukast. Hæren er viktig i høve til nasjonal krisehandtering, kollektivt forsvar og internasjonale operasjonar. Senterpartiet er oppteke av at vi skal ha eit vernepliktsbasert forsvar, eksempelvis ved utdanningsbataljonar i Nord-Noreg, HMKG i Oslo og grensevakta ved Garnisonen i Sør-Varanger. Senterpartiet går imot å etablere fleire verva bataljonar enn Telemark bataljon, da dette kan truge folkeforsvaret på sikt. Luftforsvaret med kampflya sine er ein viktig og heilt naudsynt del av Forsvaret i overskodeleg framtid. Kampfly blir brukt for å kunne løyse eit breit spekter av oppgåver, frå overvaking og suverenitetshevding til nasjonale og internasjonale kampoperasjonar. Den økonomiske styringa av Forsvaret må bli betre. Nye prosjekt må kvalitetssikrast og budsjettstyringa må kome under kontroll. Forsvaret må i stor grad vere open for innsyn og ha gode kontrollrutinar for å førebyggje korrupsjon og ukultur. Behovet for nytt militært utstyr eller system må i større grad vurderast ut frå kva behov det nasjonale forsvaret har.
Senterpartiet vil:
Noreg er avhengig av alliert støtte frå Nato for å kunne møte utfordringar mot norsk tryggleik. I tillegg til samarbeid med andre Nato-land, er det ønskjeleg å utvikle eit betre nordisk forsvarssamarbeid. Både internasjonal solidaritet, kampen mot terror og omsynet til norsk tryggleik tilseier at Noreg må vere ein aktiv samarbeidspartnar i internasjonal krisehandtering. Medverknad til internasjonal krisehandtering må ikkje gå ut over evna til å forsvare norsk territorium. Noregs profil og medverknaden vår til internasjonal krisehandtering har verdi for den tryggingspolitiske situasjonen til Noreg.
Norsk militært og sivilt personell må i større grad enn i dag bli stilt til rådvelde for operasjonar under leiing av FN. I den graden Noreg deltek i Nato-operasjonar utanfor området til alliansen, skal dette
skje på oppdrag frå FN med bakgrunn i eit klart FN-mandat. Senterpartiet vil prioritere allianseoppdrag og internasjonale FN-operasjonar framfor deltaking i kampgruppene til EU. Senterpartiet vil arbeide for endring av Nato sitt strategiske konsept til igjen å leggje større vekt på felles forsvar av territoria til medlemslanda.
Senterpartiet vil: