[13.12.02 00:00]
| Schengen-motstanden ligg fast! Senterpartiets motstand mot Schengen-avtalen ligg fast, og partiet vil arbeida aktivt for at Noreg ikkje vert knytt til avtalen. |
|
Schengen-avtalen om justis- og politisamarbeid vert i 1999 ein integrert del av Den Europeiske Unionen (EU). Det gjer det vanskelegare for Noreg å inngå ein ny avtale, fordi EUs overnasjonalitet og folkerøystingsresultatet frå 1994 set grenser. Senterpartiet er mot avtalen fordi den møter problema på justis- og politiområdet i Europa på feil måte: · Når den grensekryssande kriminaliteten aukar treng vi meir grensekontroll, ikkje mindre. · Etter den kalde krigen treng vi ryddig, ope og tydeleg ansvarsdelt politisamarbeid, ikkje ny mistenkeleggjering gjennom oppbygging av store personregister, overvakingssystem og politistyrkar som kan operera i andre land utan løyve. · Når flyktningstraumane veks, ikkje minst frå konfliktområde i vår eigen verdsdel, treng vi ein rettferdig flyktningpolitikk med rettar og plikter for både statar og einskildmenneske, ikkje nye einsidige maktmiddel for statane til å avvisa einskildmenneska. Stortingsflertallet har betemt at Regjeringa skal forhandla med EU om den nye Schengen-avtalen. Dette fylgjer Regjeringa lojalt opp, og forhandlingane tek til i september. Dersom det kjem til ei forhandlingsløysing, må Grunnlovas krav til suverenitet ikkje på ny utfordrast. Grunnlovs-reglane må vaktast spesielt på desse områda: Vedtaksprosedyrer, domstolsløysing, grensekryssande politioperasjonar og personregistrering. Regjeringa har sett ned ei gruppe som skal vurdera dei konstitusjonelle sidene ved avtalen. Ei forhandlingsløysing med EU vil fort kunna kome i konflikt med i Grunnlova eller krevja kvalifisert fleirtal på Stortinget, slik EØS-avtalen gjorde i 1992. |