Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Fra 2008 
Fråsegn frå Senterpartiet sitt landsstyre 17. oktober 2008, Oslo:

Bankane må setje ned renta til kundane

[21.10.08 07:55] Senterpartiet sitt landsstyre er uroa over situasjonen i finansmarknaden. Finanskrisa sitt store omfang viser at vi står overfor ei systemkrise med manglande og uheldig regulering av bank og finansmarknaden. Avstanden mellom realøkonomi og finansøkonomi har blitt større og større.


Børsverdiane har rasa og er halvert på nokre få månader. Ei rekkje store internasjonale finansinstitusjonar er i store vanskar. Regjeringa har i samarbeid med Noregs Bank foreslått overfor Stortinget nye og radikale tiltak for å sikre likviditet og stabilitet i finansmarknaden. Noregs Bank har sett ned renta, auka bankanes låneavgang og dessutan gjeve særskilte forbetringar for små bankar. Dette må følgjast opp slik at det kjem  låntakarane for bustad og næringslån til gode i form av lågare rente.

Senterpartiets landsstyre meiner vi treng ein gjennomgang av lover og forskrifter for bank og finanssektoren slik at denne næringa kan framstå med tillit og tryggleik.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut