Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Fra 2008 
Uttale vedtatt av Senterpartiets sentralstyre på møte i Stjørdal 14. november 2008:

Datalagringsdirektivet vil utfordre personvern og ytringsfridom

[14.11.08 00:00] Innføring av datalagringsdirektivet i Noreg vil føre til at store mengder personleg informasjon om oss alle skal registrerast og lagrast over relativt lang tid. Det vil setje personvernet og ytringsfridomen under press. Senterpartiet meiner datalagringsdirektivet vil kunne få alvorlege følgjer. Det er difor naudsynt å kartleggja konsekvensane av direktivet grundig og ha ein brei offentleg debatt om direktivet framover.


Det er ikkje avklart om direktivet er EØS-relevant. Ein avventar no avklaring i saka som Irland har reist for EU-domstolen. Der har Irland påstått at EF-traktaten er ugyldig heimelsgrunnlag for direktivet. Innstillinga frå Generaladvokaten til EF-domstolen gir ikkje medhald til Irland. Om dette blir utfallet, vil nok EU meine at direktivet er EØS-relevant, men det er det imidlertid ingen automatikk i at direktivet er EØS-relevant sjølv om Irland ikkje skulle få medhald. Regjeringa må vurdere på eiget grunnlag om direktivet er EØS-relevant. Regjeringa vil i neste omgang måtte vurdere om direktivet er akseptabelt.

 

Datalagringsdirektivet set både personvernet og ytringsfridomen på prøve. Eg har merka meg at Personvernkommisjonen og er kritisk til datalagringsdirektivet. Folk byrjar oppføre seg annleis når dei veit at informasjon om kven dei har kontakt med og kva dei gjer vert lagra. Direktivet kan føre til at privatliv og privat kommunikasjon ikkje lenger verkeleg er privat. Med datalagringsdirektivet nærmar vi oss Georges Orwells ”1984” – der storebror ser deg. Overvakingssamfunnet vert ikkje bygd opp av menneske med vonde intensjonar - men summen av alle gode ønske og lettvinte løysingar kan føre oss nærare eit overvakingssamfunn.    

 

Om det vert lagt opp til pliktig lagring av trafikkdata fryktar Senterpartiet også at det vil kome press frå ulike hald for å få tilgang til dei lagra opplysningane. Det vil bli krevjande å garantere for at ikkje desse enorme mengdene med informasjon kjem på avvege.

 

Det er ikkje dokumentert at politiet og eventuelle andre styresmakter treng trafikkdata i eit slikt omfang som det blir lagt opp til i datalagringsdirektivet. Det finst ingen dokumentasjon for eit slikt behov. Forsking viser at trafikkdata betyr lite for oppklaring av kriminalsaker. Ein rapport frå Tyskland viser at trafikkdata berre vil bidra til oppklaring i 0,002 % av kriminalsakene. Me har inga tilsvarande undersøking i Norge, noko me bør få på bordet.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut