Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Fra 2008 
Fråsegn frå Senterpartiet sitt landsstyre 17. oktober 2008, Oslo:

Tenestedirektivet: Senterpartiet vil ikkje svekkje arbeidstakarane sine rettar

[21.10.08 07:56] Finanskrisa har forsterket argumenta mot tenestedirektivet. I Soria Moria-erklæringa går det fram at regjeringa vil vurdere å bruke reservasjonsretten dersom spesielle viktige norske interesser blir truga. Det blir vist spesielt til at Regjeringa vil arbeide mot eit tenestedirektiv som vil føre til sosial dumping.


Senterpartiet ynskjer å oppretthalde våre nasjonale høve til å sikre gode og likeverdige lønns- og arbeidsvilkår i alle delar av arbeidslivet. Landsstyret i Senterpartiet vil behalde den lokalpolitiske styringa av korleis mellom anna offentlige tenester som helsetenester, skole, transport og produksjon av elektrisk kraft skal organiserast. EØS-avtala har gripe inn i vår nasjonale politikk på ein langt meir omfattande måte enn ein såg for seg då avtala blei vedtatt. Det er og erkjent av tilhengarane av avtala.

 

Senterpartiet sitt landsstyre vil ikkje godta ein politikk som kan slå beina under eit anstendig arbeidsliv og føre til sosial dumping. Alt peikar derfor i retning av at reservasjonsretten mot tenestedirektivet bør nyttast.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut