Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Fra 2009 
Uttale vedtatt av Senterpartiets landstyre i Drammen 8. november 2009:

Nei til datalagringsdirektivet - Senterpartiet slår ring om ytringsfridom og personvern

 


Senterpartiet meiner at vi må våge å setje grenser. Grensa går ved datalagringsdirektivet.

Senterpartiet vil nytte reservasjonsretten mot EUs datalagringsdirektiv for å sikre personvernet. Vi seier nei til å lovfeste at data om når og kvar du brukar internett, telefonen eller e-post, og til kven, skal lagrast i opp mot to år. Dette er informasjon som høyrer privatlivet til.

Det er viktig å verne om ytringsfridomen og retten til å leva frie liv under ansvar. Å vita at det i så lang tid blir lagra opplysningar om kven du har kontakt med og når, og usikkerheita kring kven som vil kunne få tilgang til opplysningane, vil openbart kunne leggja band på kommunikasjonen mellom menneske i kvardagen.

 

Teleoperatørane og internettleverandørane sin rett til å lagre trafikkdata i inntil tre månader blir erstatta av ei plikt til å lagre i minst 6 månader og inntil to år. Føremålet vil ikkje lenger vera berre å lagre grunnlag for fakturering, men at opplysningane skal kunne brukast i politietterforsking. Argumentet for endringa er at den kan bidra til å gjera etterforsking av alvorleg kriminalitet lettare. Auka lagringstid fører og til auka moglegheit for misbruk av sensitive data.

 

Senterpartiet er oppteken av at samfunnet skal ha best mogleg verktøy i kampen mot alvorleg kriminalitet. Men vi meiner at Datalagringsdirektivet ikkje er svaret. Det gjorde heller ikkje Personvernkommisjonen, der også Kripos var representert. Kommisjonen meiner at politiets behov må vere nærare grunngjeve dersom ein skal gjere så inngripande tiltak overfor samfunnet. Dessutan har politiet i dag tilgang til informasjon i teleselskapa sine register. 

 

Etter debatt innad i EU og i medlemslanda, evaluerer EU direktivet fram til september 2010 ut frå mellom anna personvern- og legitimitetsomsyn. Det vil derfor vere spesielt om Noreg skulle akseptere direktivet no. Både Personvernkommisjonen og Datatilsynet tilrår at Noreg seier nei til direktivet.

Vi skal utnytte teknologien til samfunnsmessig nytte, ikkje til å true ytringsfridommen og personvernet. Datalagringsdirektivet er fjernt frå dette.

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut