Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Fra 2009 
Uttale vedtatt vedtatt av Senterpartiets landstyre i Drammen 8. november 2009:

Rein biodiesel skal framleis vere avgiftsfri

 


Landsstyret i Senterpartiet meiner det skal vere meir lønsamt å gjere bruk av biodrivstoff enn fossilt drivstoff. Føremålet er å redusere utsleppa av klimagassen CO2 i Noreg.

 

Senterpartiet meiner at det offentlege må bidra til forsking, oppstart av produksjon, utvikling av markedet for samt distribusjon av 2. gongs biodrivstoff. Senterpartiet går inn for å auke kravet om innblanding av biodrivstoff (omsetningskrav).

 

Fritaket for autodieselavgift for rein biodiesel medverkar til å auke incentiva for å erstatte fossil diesel med diesel frå biovirke. Vidare avgiftsfritak for biodrivstoff vil sterkt medverke til forsking på- og utvikling av biodrivstoff. Vi treng nye former for biodrivstoff, produsert til dømes av visse typar avfall, biomasse frå skog og algar.

 

Landsstyret i Senterpartiet meiner Stortinget under si handsaming av Statsbudsjettet for 2010 likevel bør signalisere at også biodrivstoff vil måtte svare for avgifter som har samanheng med det offentlege sine utgifter til ulukker, kø, støy og vegslitasje.

 

Landsstyret i Senterpartiet peikar på at bruk av biodrivstoff berre kan godtakast med gyldige berekraftsgarantiar om at drivstoffet har reell positiv miljøeffekt. Produksjonen skal heller ikkje forsterka svoltproblem globalt gjennom dårlegare tilgang på mat, eller høgare matprisar i område med svolt.

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut