Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Fra 2010 
Uttalelse vedtatt av Senterpartiets sentralstyremøte i Oslo fredag 8. mars 2010:

Nasjonal Transportplan skal gjennomførast

[08.03.10 13:45] I samband med statsbudsjettet for 2011, set sentralstyret i Senterpartiet gjennomføring og oppfølging av Nasjonal Transport 2010- 2019 som ei av dei viktigaste sakene.


Sentralstyret legg til grunn at regjeringa står fast på opptrappinga av NTP som vart vedteken i Stortinget 11. juni 2009. Dei store utfordringane vi har hatt på veg- og jernbanenettet det siste året, syner at vi ikkje på nytt må nedprioritere arbeidet slik mange storting og regjeringar har gjort før oss.

 

Samferdsleområdet er eitt av dei felta som den raudgrøne regjeringa har fått til ei viktig omlegging av politikken på dei siste åra. Investeringsnivået er det høgaste på mange år og vi har fått eit taktskifte i samferdslepolitikken.

 

Sentralstyret i Senterpartiet meiner det over tid må brukast langt meir pengar både på veg og bane, og for å styrke sjøtransporten. Vi vil bruke dei store pengane på betre velferd og meir verdiskaping, mellom anna ved ei kraftig opprusting av infrastrukturen.

 

Regjeringas ord og planar må og skal følgjast av handling.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut