[24.06.10 08:28] Folk er utrygge for si eiga framtid på grunn av vedtaka i helseføretaka om leggje ned ulike føde- og akuttilbod. Folk skal vere trygge for at Senterpartiet står opp for dei i kampen mot sentraliseringa og svekkinga av sjukehustilbodet.
Uttale vedtatt av Senterpartiets sentralstyre på Staur gård onsdag 23. juni 2010:
Regjeringas sjukehuspolitikk må følgjast
Folk er utrygge for si eiga framtid på grunn av vedtaka i helseføretaka om leggje ned ulike føde- og akuttilbod. Folk skal vere trygge for at Senterpartiet står opp for dei i kampen mot sentraliseringa og svekkinga av sjukehustilbodet.
Helsesektoren er politisk styrt og politiske styresmakter tek vare på heilskapen i norsk helsepolitikk.
Den nye nasjonale helse– og omsorgsplanen som er under utarbeiding blir ein viktig reidskap for å utvikle framtidsretta og robuste helsetilbod i heile landet.
Sentralstyret i Senterpartiet meiner vedtaka om nedlegging av føde- og akuttilbodet i fleire helseføretak, er eit brot mot tre viktige styringsdokument:
• Soria Moria II-erklæringa (vi skal sikre nærleik til akuttfunksjonar og fødetilbod og sikre større politisk styring over sjukehusfeltet )
• Føretakslova (styra i helseføretaka har ikkje fullmakt til å legge ned sjukehus eller gjere andre store funksjons– og/eller strukturvedtak som er vesentlege og får samfunnsmessige fylgjer. Det er det berre helseministeren /Stortinget som kan)
• Fødselsmeldinga (Føretaka er pålagt av Stortinget å lage regionale planar for fødselsomsorga, i samarbeid med kommunane. Det er feil av helseføretaka å vedta endringar i fødetilbodet i sine strategiplanar før dette arbeidet er gjort. Stortinget har i Fødselsmeldinga og sagt at det ikkje skal gjerast økonomisk motiverte endringar i fødetilbodet)
Lokalsjukehusa utan akuttkirurgi, misser viktig breiddekompetanse og vil kunne få problem med rekruttering og drift på lengre sikt.
Sentralstyret i Senterpartiet meiner det no fyrst må gjennomførast ei konsekvensanalyse/evaluering av sjukehus utan akuttkirurgi, slik ei departement nedsett arbeidsgruppe tilrådde i 2007.
Dei ulike vedtaka i fleire helseføretak den siste tida, er eit brot mot helsepolitikken regjeringspartia er samde om. Regjeringas politikk må følgjast og sentraliseringa av dei viktige helsetenestene til folk omkring i landet må stansast.