[21.10.11 13:25] Redningsskøyta har i 120 år vært viktig for beredskapen langs kysten vår. Skøyta er ein tryggleiksfaktor både for dei som har yrket sitt på sjøen, og den har vore ein tryggheit for den stadig aukande fritidsflåten.
Redningsselskapet har etter at statsbudsjettet vart lagt fram signalisert at dei truleg må sette båtar i opplag på grunn av manglande økonomiske stønad frå Kyst- og Fiskeridepartementet. Selskapet søkte om 75 millionar for å kunne oppretthalde beredskapen på 2011-nivå. Statstilskotet vert i flg. statsbudsjettet på 44 millionar.
Senterpartiet vil arbeide for at stønaden til Redningsselskapet vert auka. Vi kan ikkje akseptere at beredskapen langs kysten vert svekka.