[21.10.11 16:54] Senterpartiet fremjar med ny styrke målet om å føra Noreg frå det fossile til det fornybare energisamfunnet. Noreg må redusera energiforbruket, produsera meir fornybar energi og kutta i bruken av fossil.
Uttale vedtatt av Senterpartiets landsstyremøte 21. oktober 2011:
Senterpartiet krev ein offensiv energi- og klimapolitikk
Senterpartiet har store ambisjonar for klimapolitikken og Noregs rolle, og er klar til å ta klimaansvar i regjeringa.
Klimaendringane er den største utfordringa verda står overfor. Klimagassutsleppa i verda aukar og var i 2010 høgare enn nokon gong. Noreg har slutta seg til målet om at den globale temperaturen ikkje må overstige to grader i forhold til førindustrielt nivå. Gjennom klimaforliket i Stortinget i 2008 stadfesta Senterpartiet i saman med dei andre forlikspartnarane at Noreg skulle være karbonnøytralt i 2030, og at dette også må innebere store reduksjonar nasjonalt.
Forsking og utvikling av ny fornybar energi, handtering av store utslippskjelder i industrien, utsleppsreduserande tiltak i transportsektoren, petroleumssektoren og energieffektivisering i bygg var sentrale i klimaforliket. Det globale samfunnet står overfor store utfordringar for å oppnå ein ny klimaavtale etter Kyoto-avtalen som gjeld til 2012. Under raud-grøn regjering skal Noreg som før vere ein pådrivar for løysingar som gir resultat, og som føreset byrdefordeling og teknologioverføringar frå nord til sør. Så lenge ny avtale ikkje er på plass, er det desto viktigare med ein offensiv, konkret plan for fornybarsatsing, energieffektivisering og utsleppskutt i Noreg.
Senterpartiet fremjar med ny styrke målet om å føra Noreg frå det fossile til det fornybare energisamfunnet. Noreg må redusera energiforbruket, produsera meir fornybar energi og kutta i bruken av fossil. Nye, store oljefunn gjer det særleg aktuelt å skjerpa krava til mest mogleg klimavennleg utvinning av petroleumsressursane gjennom til dømes elektrifisering av oljefelt.
På byrjinga av 1900- talet reiste Noreg seg som industrinasjon, om lag samstundes vart ei av verdas største handelsflåtar bygd. Nokre tiår etter verdskrigen gjekk landet inn i oljealderen som sikra ei god velferd mange år fram i tid. Leverandørindustrien til petroleumsverksemda er i dag ein av landets største næringar, også som eksportnæring, og har og ei viktig rolle som bidragsytar til ei meir miljøforsvarleg olje- og gassverksemd, samt utvikling av framtidig fornybar teknologi.
No er tida inne for å ta nye djerve skritt. Framtidas norske industrieventyr må byggje på Noregs enorme fornybare naturressursar og de kloke hovuda. Satsinga på fornybar energi og teknologisk utvikling for industriell og klimavenleg utnytting av denne energien er viktig i klimakampen, og vil skape tusenvis av nye arbeidsplassar og nye utdanningsvegar i heile landet. Avtala med Sverige om el-sertifikat må følgjast opp med ei effektivisering i konsesjonsbehandlinga av både nett- og kraftprosjekt, og ei effektiv revisjon av eldre vasskraftverk.
Olje og gass frå norsk sokkel vil også i åra som kjem være viktige for verda si energiforsyning. Men dersom vi skal nå dei måla vi har forplikta oss til internasjonalt må framtida i sterk grad byggjast på fornybare energikjelder. Noreg har kapital til å kunne satse og kompetanse til å ligge i verdstoppen for klimavenlege løysingar.
Energi – og klimapolitikken må innrettast slik at den tek omsyn til Senterpartiets overordna mål om sosial og geografisk utjamning. Senterpartiet vil mellom anna arbeide for: