|
|
[30.08.11 12:54] Vi politkere er opptatt av framtida. Sjølv om mange trur vi berre tenker på fortida når vi skuldar kvarandre for kva vi gjorde feil eller kva rett vi ikkje gjorde. Eller at vi berre er opptatt av vår eigen framtid no, når det er val. Sanninga er at Vi er svært opptatt av framtida, ikkje bare når det er val?
Ungdom er framtida!
Vi politkere er opptatt av framtida. Sjølv om mange trur vi berre tenker på fortida når vi skuldar kvarandre for kva vi gjorde feil eller kva rett vi ikkje gjorde. Eller at vi berre er opptatt av vår eigen framtid no, når det er val. Sanninga er at Vi er svært opptatt av framtida, ikkje bare når det er val?
Vi vil ein politikk som ser enda lenger fram. Senterpartiet vil satse på framtida, og derfor vil vi satse på ungdommen. I denne perioden har ungdommen i Fyresdal fått reel makt. Men også redskaper til å nytte makta. Ordføraren har vore i møte med elevrådet, vi har eit aktivt klubbstyre, som er med på å bestemme drifta av klubben, og dei har vore med på å gje viktige innspill til skule og uteområde. Varaordføraren har arbeida aktivt for å få etablera eit ungdomsråd. Ordføraren tok dei med på ein Oslotur for å møte den nasjonale makta, vi hadde nyttige møte med leiinga i kommunaldepartementet og med telemarkspolitkarar på Stortinget. Ordføraren var stolt over kva Fyresdalsungdommen tok opp i desse møta. Vi skal faktisk gje ungdområdet mykje av æra for at vi framleis har eit lensmannskontor!
Vi har også gjeve dei anvaret for ein liten del av næringsfondet for å støtte unge verksemder men også få ei trening i å kunne vurdere og prioritere. Vi har hatt rekordstore utbetalingar av støtte til verksemder som nyttar lokal ungdom. Slik at arbeidstilhøva er skikkelege og ryddige. Vi har engasjera oss i å få til gode rusfrie tiltak også når klubben har ferie. Ungdom er framtida. Dei treng å få tillit i arbeidsliv og folkestyret. Ungdom treng å få tillit og få reel medråderett.
Vi vil nytte dei neste fire åra til framleis å satse på ungdommen. Senterpartiet vil arbeide for eit godt tilbod i kulturskulen. Ein fortsatt god og aktiv ungdomsklubb. Vi vil skape fleir møteplasser. Senterpartiet seier at vi vil halde draumen om idrettshall levande. Og i desse dager kan dette vere nærare enn før.
Vi vil i møte med næringsdrivande oppmode enda meir til å ansette Førsdalsungdom til sommarjobb. Alt dette vil vi fordi vi treng ein ungdom som er godt rusta til å vere framtidas næringsdrivande, ansatte, politikarar og sambygdingar. Og vi treng ungdom som kjenner at dei tilhøyrer Fyresdal. Kanskje er det ein av dei som spring i fotballbingen som skal hjelpe deg med maten på pleieheimen. Sikkert er det at fleir av undgommane i kommunen vår skal sitte i kommunestyret i nær eller fjern framtid. Derfor skal vi ha tru på dei, og gje dei tillit.
Bjørn Nome, ordførarkandida
Svein Slyngstad. 3. plass på lista til Fyresdal SP.