[19.06.09 19:32] Debatten om kommunesamenslåing er viktig og Gjesdal Senterparti vil aktivt ta del i denne. Skal kommunar slåas saman skal det ikkje brukas tvang.
Gjesdal er rekna som ein del av Høg-Jæren. Gjesdal kommune er ei fjell- og innlandsbygd som ligg i overgangen mellom Jæren og Dalane, ca. 30 km søraust for Stavanger. Kommunen strekkjer seg over 609 km2 og runda nettopp 10 000 innbyggjarar. Med dette som utgangspunkt er Gjesdal best tent med å vera åleine. Vi er ein vidstrakt kommune som ligg mellom fleire regionar, og dermed er ingen nabokommunar naturlege å slå seg saman med. Avstanden til kommunesenteret og lokaldemokratiet ville blitt for stor. Studier syner at dei mest effektive kommunane har ca 15 000 innbyggjarar. Med den store befolkningsveksten som Gjesdal har, nærmar vi oss dette talet ikkje så langt inn i framtida. Det einaste argumentet for å slå saman kommunar må vera å spara pengar. Erfaringar som eg har opplevd sjølv i arbeidslivet, syner at dess større prosjekta og organisasjonsleiinga er, desto meir inneffektivitet og store kostandar/overskridingar kan det verta.
I 1992 blei Arendal slått saman med fire nabokommunar. Samenslåinga blei vedtatt i Stortinget, sjølv om alle dei fira nabokommunana hadde folkeavrøysting med klart nei-flertal. Den økonomiske gevinsta var svært mager på kort sikt, så i tida etter dette har det vært få samenslåingar.
Interkommunalt samarbeid har over mange år vist seg som ein god måte å nytte personell og ressursar på, til det beste for kvar enkelt kommune. Grensejustering mellom kommunar for å utnytte ledig utmarksjord er også eit bra alternativ til kommunesamanslåing.
Ikkje alle kommunar er som Gjesdal. Mangen stadar vil det vera geografisk naturleg å sjå om samanslåing er ei bra løysing. Men også her må det gjelda at samanslåinga er frivilleg.
Det styrste problemet med samanslåing synes å vera folkeleg motstand. Nordmenn er svært patriotisk innstilt til eigen kommune og eigen heimstad.
Gjesdal Senterparti seier NEI TIL TVUNGEN KOMMUNESAMANSLÅING
Leiar Asgaut Søyland