[19.12.02 00:00]
http://www.nationen.no/63/99/44/1.html
Talet på ulv i Noreg og Sverige aukar. No er det godt og vel 100 ulvar og tilsaman 11 familiegrupper av ulv. Dette er ein vekst på 16 prosent siste året.
Dette meiner forskarane ved Høgskolen i Hedmark og Grimsø Forskningstasjon.
Forskarane har no lagt fram ein rapport som viser status for ulv i Noreg og Sverige i perioden 1. oktober 2001 til 28. februar 2002, skriv Østlendingen.
Ulvestamma tel totalt mellom 98 og 114 ulvar, meiner forskarane. 74-79 av desse tilhøyrer i alt 11 familiegrupper.
10-12 ulvar kjem frå såkalla "revirmarkerande" par, medan i alt 6 er hamna i kategorien "stasjonære" ulvar.
Mellom 8 og 17 dyr er kategorisert som "andre ulvar".
Så mange som 62 til 72 av desse ulvane held til i Sverige, heiter det i rapporten.
Forskarane meiner det vart født mellom 10 og 13 nye ulvekull i Noreg og Sverige i år, men noko sikkert om dette veit ein fyrst etter sporing på snø komande vinter.
Ein reknar med at både Koppang-paret og Gråfjell-paret har fått ulveungar i år, medan det ikkje ser ut til å ha vore yngling verken i Moss/Vålerflokken eller heime hjå Årjäng/Kongsvinger-paret. (NPK)