[31.08.11 20:05] Gol Senterparti meiner at den viktigaste oppgåva kommunen har i komande kommunestyreperiode er planlegging og bygging av ny barn og ungdomsskule i Gol.
-Målet må vera at ny skule skal stå ferdig til innflytting i 2014, skriver Tore Dag Skjerdal i eit innlegg
Bygging og finansiering av ny skule i Gol.
Gol Senterparti meiner at den viktigaste oppgåva kommunen har i komande kommunestyreperiode er planlegging og bygging av ny barn og ungdomsskule i Gol.
Målet må vera at ny skule skal stå ferdig til innflytting i 2014.
Skal me nå dette målet må me vera rimelig målretta på denne oppgåva.
I kommunestyret 21.6. 2011 vart det vedteke å starte områderegulering for område på Hallingmo og skisseprosjektet ny skule i Gol.
Vidare må ein arbeide ut eit skisseprosjekt med dimensjonar og rammer. Me må også velje arkitekt og entrepriseform.
Arealprogram og funksjonsprogram vart vedteke i kommunestyret i 2009, så den er klar.
Rapporten skal vidare omfatte ein ”teknisk” del, val av materialar, ventilasjon, oppvarming og liknande.
Det vil no vera ein saksutgreiingsperiode som fører fram til eit politisk vedtak av skisseprosjektet og med vedtak om blant anna igangsetjing av forprosjektet.
Forprosjektet gir grunnlag for byggjemelding og bør til politisk behandling seinast desember 2012.
Samtidig må me vedta organiseringa av administrasjonen til den nye skulen og tilsetje rektor.
Dette vil då gi ein byggjestart våren 2013 og innflytting hausten 2014.
Viss me vel å byggje ein skule til 750 elevar og kvar elev skal ha eit areal på omlag 12 m2, gjev dette eit byggeareal på 9000m2.
I dag er det omlag 530 elevar tilsamen på dei ulike skulane i Gol.
Erfaringstall frå år 2009 på nybygg er at det kostar kr. 25000,- per m2. Det betyr ein kostnad på 225 millionar kroner. Kostnaden ved grunnkjøp og opparbeiding av arealet ute er då ikkje med i anslaget.
Denne kvadratmeterkostnaden stemmer også godt med dei siste nybygga til Gol kommune.
Denne skulen skal også finansierast.
Me har allerede innført eigendomsskatt i heile Gol. For 2011 ser det ut til at den vil innbringe totalt kr. 16,5 mill. Dette er kr. 3,5 millioner mindre enn budsjettet.
Omsorg har eit meirforbruk på 6
Der forsvant disse pengane og heile ekstrainntekta frå eigendomsskatten.
Då gjenstår 3 alternativ: 1. Nye nedskjeringar på dei ulike etatane.
2. Auke eigendomsskatten
3. Auke inntekta til kommunen.
Senterpartiet har valgt å seie ja til næringsutvikling. Dette gir arbeidsplassar og inntekter til kommunen.
I dag er det ikkje mange som står klare for å utvikla nye områder. La oss i alle fall prøva å ta vare på disse som me har. Senterpartiet er redd for at eit nei no, gir dårlige signaler for andre nye næringsutviklarar.
Tore Dag Skjerdal
1.listekandidat
Gol Senterparti