Til forsiden

Geiteryggen

[01.09.11 17:46] Listekandidatane i Gol er blitt oppmoda om å gjera greie for kva dei meiner om næringsareal på Geiteryggen. Her er Ingebjørg Rivedal og Birger Liahagens syn


Lesarbrev:

Geiteryggen i Gol

Ingebjørg Rivedal:

Listekandidatane i Gol er blitt oppmoda om å gjera greie for kva dei meiner om næringsareal på Geiteryggen. Her er mitt syn:

Eg er mot å godkjenna framlegget som no er på høyring. Framlegget til detaljregulering for området K1 er for dårleg terrengtilpassa, og det er fare for støvplager til eit stort nabolag. Rett nok er det usikkert nøyaktig kor store ulempene kan bli, men eg let tvilen koma naboane til gode. Eg er også mot det noko reduserte «alternativ 2» som utbyggjarane la fram tidlegare i sommar.

Høyringsprosessen og områdereguleringa for Geiteryggen må fullførast. Det vil vera ein stor fordel å få avklart vegløysinga for bedriftene i Klemmavegen, verneområdet rundt Musehaugbråten, og storleiken på næringsarealet.

Eg håpar det kan bli mogleg å få til eit betre terrengtilpassa næringsområde på Geiteryggen. Det bør liggja langs Rv7, og kanskje utgjera om lag halvparten av det området som no er foreslått til næring – dersom det ikkje kjem sterke innvendingar mot dette delområdet i høyringa. Det å utelate dei nordlegaste og høgastliggjande delane frå framlegget fører til mindre masseuttak. Men sjølv i dette tilfellet må det takast ut ein del masse, og det vil bli noko støy og støv. Men eg trur ulempene då kan bli på eit akseptabelt nivå. Eg trur det vil bli stor etterspørsel etter desse tomtene fordi dei ligg midt i Sør-Noreg og er godt plasserte i høve til riksvegnettet.

Det må arbeidast vidare med å klargjera ulike typar næringsareal i Gol!

Ingebjørg Rivedal, listekandidat Gol Sp

Geiteryggen og politikarar utan ryggrad

Det har den siste tida vore frisk debatt om utbygging av næringsareal på Geiteryggen i Gol, og det er vel og bra.

Av: Birger Liahagen

Publisert: 27.08.11

Når kommunen legg ut eit planframlegg til offentleg høyring, er det nettopp for at alle skal kunne koma med synspunkt og innspel til planen. Det som er viktig no, er at ein kjem bort frå «synsingdebatten», og at diskusjonen blir basert på fakta. No må alle som vil meine noko om denne saka, seta seg ned med kart og utbyggingsvedtekter for området og forhalde seg til dei i sine uttaler til planframlegget. Fyrst då får vi ein debatt om det saka verkeleg gjeld.

Fyrst vil eg nemne litt om kommunalt planarbeid og historikk. I alt planarbeid er det viktig med eit langsiktig perspektiv. Ein kan ikkje planleggje nye bustadfelt og næringsområde når det er fullt i dei gamle. Då ligg ein langt på etterskot, og ønska nyutvikling stoppar opp. Geiteryggen som næringsareal har vore arbeidd med i Gol kommune i meir enn 10 år, og delar av området har lenge vore regulert som næringsareal i kommuneplanen. Så har kommunen vore så heldige at ein lokal næringsdrivande har engasjert seg og brukt store økonomiske ressursar på planar for utvikling av området. Gol kommune har heile tida vore positive til utvikling av området, men auka trafikk på Klemmavegen har vore eit ankepunkt mot planen. Av den grunn vart området utvida vestover for å få til utkøyring på riksveg 7 som Statens vegvesen kunne godkjenne. I reguleringsvedtektene har utbyggjaren fått godkjent å starte utbygging i området lengst vest (K1-a) med eit masseuttak på ca 300.000 kbm masse. Det vert ikkje gjeve løyve til å starte på nye areal før det er kome i gang utbygging på det fyrste området. Det er også i reguleringsvedtektene lagt strenge føringar på korleis masseuttaket skal foregå, og korleis området skal sjå ut etter opparbeiding. Det er i debatten fokusert mykje på støy og støvplager frå knuseverket, men eg syns det er laga gode løysingar med støydemping og vatning for å unngå støvplager, og som huseigar i eit av dei næraste bustadområda, er eg lite bekymra over desse påståtte plagene. I forhold til støy frå elva, trafikkerte vegar, jernbane og annan utbygging i området, blir støy frå knuseverket antakeleg lite merkbart. Eg rår folk til å ta ein tur opp til knuseverket på Smøget, gå unna tilsvarande avstanden frå bustadfelta i Gol til Geiteryggen, og med eigne øyre oppleva korleis det høyrest ut sjølv utan støydempingstiltak.

Eg ser likevel at dei som har eigedom heilt inntil knuseverket vil få ein del ulemper som det må finnast løysingar på før utbygginga kan starte opp. Slike situasjonar kjem ein ofte borti ved alle typar utbygging. Det er nok å minne om huseigarane i «sone 7» i Gol sentrum som fekk tomtene sine omregulerte til forretningsareal.

Det som skjer politisk i Gol no, er i ferd med å bli ein farse. Historielause politikarar snur kappa etter vinden for å kapre stemmer i bustadfelta nærast Geiteryggen. Verst i så måte er Arbeiderpartiet, som fyrst går inn for å leggja planframlegget ut til høyring, og så, før høyringsrunden er fullført, seier nei til heile planen. Eg syns synd på ordføraren i denne saka som av sitt eige parti blir gjort til ein politisk vêrhane. Den eine dagen forsvarar ho varmt utbygging på Geiteryggen, og den neste dagen må ho argumentere mot planen. Kva slags politisk handverk er dette?

Det partiet som klart gir tilkjenne at dei står for det dei tidlegare har vore med på i denne saka får mi stemme ved kommunevalet. Så langt syns eg Senterpartiet har stått for den klaraste politikken når det gled næringsareal i Gol generelt og Geiteryggen spesielt.

Kva slags signal er det politikarane i Gol er i ferd med å gi til dei som vil satse og skape utvikling i Gol. Jau, signalet blir at dei må halde seg unna Gol. Utbyggjarar som er villige til å satse tid og pengar på utbygging, må ha krav på at føresetnadene for satsinga ikkje blir så mykje endra undervegs at prosjekta til slutt ikkje kan gjennomførast. Dersom det ikkje kjem sterke motsegner til planframlegget for Geiteryggen i høyringsrunden, vil eit nei til planen fullt og heilt vera kommunen sitt ansvar. Hadde eg vore utbyggjar i området, ville eg allereie no førebudd rettssak mot Gol kommune for å ha blitt ført bak lyset og halde for narr. Kanskje var det lurt av politikarane å konsultere advokat før det vert gjort forhasta vedtak i saka. Ryktet til Gol kommune som ansvarleg samarbeidspartnar i plansaker kan med denne saka vera øydelagt for lang tid framover. Kven vil satse pengar i ein kommune som endrar politikk og planar over natta etter «synseinnspel» frå enkeltpersonar og protestgrupper?

Min konklusjon i denne saka er heilt klar. Gol treng attraktive næringsområde dersom ein ynskjer vidare næringsutvikling og arbeidsplassar. Skal Gol kommune oppretthalde eit tenestetilbod med gode barnehagar, god skule og gode helse- og omsorgstenester, må kommunen ha bedrifter og arbeidsplassar som kan gi skatteinntekter. Dersom dette ikkje er viktig, kan politikarane gjera som Gol Arbeiderparti: Drive politikk etter innfallsmetoden.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut