Til forsiden
Herbrand Jegleim:

Gol - ein landsby?

[07.09.11 08:19] Når det gjeld masseuttak på Geiteryggen, vil eg berre si at eg er skeptisk til omfanget av planane. Men uansett må me vente til høyringsfristen er ute. Det er snakk om å vera seriøs og ansvarleg, skriver Herbrand Jegleim i en artikkel.


Gol – ein landsby?

Det er to saker i Gol som har vorte skrive mykje om, men eg har ikkje tenkt å skrive om Furuheim og Geiteryggen.

Av: Herbrand Jegleim, listekandidat Gol Senterparti

Når det gjeld masseuttak på Geiteryggen, vil eg berre si at eg er skeptisk til omfanget av planane. Men uansett må me vente til høyringsfristen er ute. Det er snakk om å vera seriøs og ansvarleg.

Men eg ynskjer å sjå litt lengre framover. Eg er meir oppteken av ungdommen i Gol. Eg vil påstå at Gol er ei trygg og god kommune å vekse opp i. Ungdommen har det stort sett bra til dei er 19 år gamle. Deretter reiser mange ut av Hallingdal for å ta høgare utdanning. Det er bra og viktig at dei gjer det.

Men me vil gjerne ha den flotte ungdommen vår tilbake til Gol/Hallingdal. Og det er her utfordringane tek til. Ungdommen må få lyst til å kome heim att, og det må vere mogleg å få ein spennande jobb her. Når Gol kommune skal tenkje næringspolitikk, må ein tenkje heilskap. Både næringstomter, bustadtomter, barnehage, skule og kulturtilbod. Alt heng i saman. Det er summen av desse tinga som avgjer om ungdommen har lyst til å flytte tilbake til Gol.

Så kva kan lokalpolitikarane gjera? Det er lett å seie at me må tenkje nytt. Og eg vil driste meg til å gjere akkurat det. Me må hugse på at ungdommar som har budd mange år i byar (eller utlandet) har fått smaken på ein urban livsstil. Det kan vere teater, kino, kaffibar eller andre trivelege møteplassar.

Gol blir nok aldri nokon by. Men eg vil foreslå at Gol erklærer seg som landsby. Det er ein trend i tida at fleire små kommunar vil bli landsby. Me veit at Geilo (og Lom) i 2008 fekk status som nasjonalparklandsby. Dokka, som ligg i Nordre Land kommune, erklærte seg i 2009 som landsby. Dåverande kommunalminister Magnhild M. Kleppa var på plass og klypte snora. Landsbytanken har seinare spreidd seg. Ringebu har vorte landsby, det same har t.d. Rakkestad og Tuddal.

No blir det etablert eit nettverk av landsbyar. Dei skal utveksle idear om blant anna tettstadutvikling, gode servicetilbod, allsidige kulturtilbod og trivelege møteplassar. Ein landsby har som mål å kombinere det beste frå bygda, med det beste frå byen. Det er ein trend i tida at folk ynskjer «det gode liv på landet». Dei vil vekk frå bråk og stress i byen, men vil ha eit sentrum med gode tenester og kulturtilbod. Regjeringa har innført ein post på budsjettet kalla «Bolystmidler». Regjeringa oppfordrar altså små kommunar til å gjera noko. I fjor fekk Dokka 1,6 millionar av desse pengane. Kanskje Gol også kunne søke midlar til eit landsbyprosjekt?

Poenget mitt er at Gol kommune i framtida må skaffe seg større inntekter. Då må antal innbyggjarar aukast. Difor må me ta godt imot alle innflyttarar. Nye bygdefolk må inviterast inn i varmen. Me må bygge fellesskap og identitet. Og me må bli stolte av å bu i Gol. Då vil kanskje ungdommen koma tilbake. Lokalpolitikarane må altså legge til rette slik at folk får lyst til å bu i Gol. Hallingmoprosjektet kan vere eit bidrag i så måte. Ideen om å erklære Gol som landsby, kan vere eit anna bidrag/innspel. Godt val!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut