Til forsiden

Med hjarta for heile Gol

[24.06.11 09:54] Gol Senterparti ynskjer at Gol skal ha gode oppvekstvilkår, gode helse- og omsorgstenester, eit allsidig og lønsamt næringsliv og eit rikt kulturliv. Me vil ta vare på kulturmiljøet, naturmiljøet og naturressursane. Innbyggjarar og besøkjande skal trivast i Gol!


Valprogram Gol Senterparti 2011-2015

 

Gol Senterparti ynskjer at Gol skal ha gode oppvekstvilkår, gode helse- og omsorgstenester, eit allsidig og lønsamt næringsliv og eit rikt kulturliv. Me vil ta vare på kulturmiljøet, naturmiljøet og naturressursane. Innbyggjarar og besøkjande skal trivast i Gol!

Me håpar på ein romsleg kommuneøkonomi, men innser at det kan bli stramme budsjett dei næraste åra, der me må prioritere investerings- og driftstiltak.

********************************************************************************************************************

Hovudprioriteringane våre er:

-           byggje ny barne- og ungdomsskule i komande valperiode

-           sikre grendebarnehagane Rotneim, Åsgardane og Øygardane, og utgreie nye barnehagar i sentrum / Herad

-           rehabilitere resterande sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar ved Gol Helsetun

-           klargjere nye næringsareal

-           rehabilitere Hallingmo Idrettspark

 

********************************************************************************************************************

Oppvekst:        

-        byggje ny barne- og ungdomsskule med kroppsøvingssalar

-           sikre grendebarnehagane  Rotneim, Åsgardane og Øygardane, og utgreie

            nye barnehagar i sentrum / Herad

-           auke lærarressursane i grunnskulen

-           sikre leirskuleopphald for elevar i grunnskulen

-           sikre norskopplæring og integrering av framandspråklege elevar

           

Helse og omsorg:

-           skaffe bustadar til ungdom og vaksne innan psykisk helsevern

-           rehabilitere resterande sjukeheimsplassar og omsorgsbustadar ved Gol Helsetun

-            rekruttere helse- og omsorgspersonell

-           skaffe tomter til bustadar for psykisk utviklingshemma

-            styrke dagtilbodet ved omsorgsavdelinga

-           styrke heimetenesta

 

 

 

 

Næring:

-            klargjere nye næringsareal   

-           sikre rikeleg med parkeringsareal i og nær Gol sentrum

-           utvikle Gol som destinasjon i samarbeid med næringslivet

-           styrkje den kommunale kompetansen for utvikling av næringslivet

-           auke tilskotet til private vegar til kr. 600 000,-

-            stimulere til eit aktivt landbruk, og til samarbeid med reiseliv og andre

            næringar

-            handheve bu- og driveplikta slik at ein sikrar busetjinga og bruken

av landbruksarealet

  • verne dyrka mark mot nedbyggjing
  •  

Miljø og naturressursar:

-           leggje til rette for nytt fyringsanlegg for biomasse på Gol med sal av varme til kommunale og større private bygg

-           bruke miljøvenlege bilar i kommunen

-            ta vare på kultur- og naturlandskap og sikre god tilkomst med stigar og løyper

-           forvalte naturressursane i eit langsiktig perspektiv

-            leggje til rette for bustadbyggjing i alle grender

 

 

 

Kultur og idrett:

  • rehabilitere Hallingmo Idrettspark
  • synleggjere dei frivillige organisasjonane og støtte dei i arbeidet
  • starte opp arbeid med kulturminneplan for Gol
  • byggje skule- og idrettsanlegg som også kan brukast til kulturføremål

 

 

Les meir om programmet vårt påwww.senterpartiet.no/goleller bestill utvida programhefte hjå Tore Dag Skjerdal tlf;95897591.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut