Til forsiden


Av Åse Berit Lio og Per Lie:

OPPVEKST

[30.08.07 09:37] I perioden opp til 18 år vert grunnlaget for resten av livet danna. Læring og haldningar som blir lagt her vil vera med borna opp til vaksenlivet. Derfor vil ressursane som blir brukt i denne fasen, ha betyding for seinare. Senterpartiet vil sikre innbyggarane i Gol kommune gode oppvekstvilkår.


Barnehagetilbodet skal være for alle, og det skal være barnehageplassar både i sentrum og i grendene. Mangfaldet gir moglegheit for å velje og tek vare på utkantane. Personalet er den viktigaste ressursen i barnehagen, og dei bør få rom til å gjere jobben sin. Med å satse på barnehagen, satsar ein på framtida. I Gol betyr dette: Lage fleire plassar i sentrum. Klare å rekrutterer nok førskulelærarar. La personalet få tid/personalressurs nok til å arbeide langsiktig i barnehagen.

Skule.

For at skulen i Gol skal verta ein endå betre  plass å væra og læra er det visse faktorar som må væra på plass.

Undervisningsromma må væra store nok og væra utforma slik at dei gjev rom for fleksible arbeidsmåtar.

Ein naturleg konsekvens er AT DET MÅ BYGGAST EIN NY BARNESKULE I  GOL.

Ungdomsskulen MÅ FÅ MEIR UNDERVISNINGSAREAL( ved ombygginga for få år sidan vart det ikkje tilført meir areal)

Skulen må i større grad leggja til rette for praktisk tilnærming til læreplanlova for elevar som slit med teoretiske fag.

Det er viktig at midlar til spesialpedagogiske tiltak kjem i TILLEGG til ressursar til ordinære pedagogiske oppgåver(fylgje opp vedtak i UKL våren 2007)

Personalpolitikken må væra slik at det vert attraktivt å arbeida i skulen og på den måten trekkje til seg nye dyktige medarbeidarar.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut