Til forsiden

Rehabilitering av Hallingmo Idrettspark

[02.09.11 09:01] Senterpartiet meinar at rehabilitering av kunststoffdekke på Hallingmo fotballbane og friidrettsbane må sjåast i samband med rehabilitering av heile Hallingmo Idrettspark


Senterpartiet meinar at rehabilitering av kunststoffdekke på Hallingmo fotballbane og friidrettsbane må sjåast i samband med rehabilitering av heile Hallingmo Idrettspark. Dette bør inngå i planlegginga av ny skule i Gol. Heile anlegget må få ein universell utforming.
Ein bør også sjå på om det er mogeleg å leggja kunstgras på grusbana som er på Hallingmo. Dette for å auka kapasiteten for alle aldersgrupper.
Grusbana er i dag også eit kastanlegg for slegge, diskos og spyd. Dette anlegget må erstattast.
Senterpartiet meiner at det skal byggast ein fleirbrukshall på størrelse med ei handballbane.
Denne må kunne delast i tre salar når det er nødvendig.
Den kan byggjast på oppsida av den eksisterande gymsal på Gol Samfunnshus for bedre å utnytte garderobekapasiteter og lignende. Salane vil då få ein eigen inngang frå idrettsbana, med lett tilgang for større utstyr som skal inn i hallen.


Senterpartiet meinar at eksisterende skøytebane skal ligge på Glitre i overskuelig framtid.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut