Til forsiden

Valprogram Gol Senterparti 2007-2011

[03.07.07 20:57] Her kan du lesa programmet som Gol SP går til val på. Det vil koma meir utfyllande artiklar på dei ulike hovedpunkta seinare.


 

Til innbyggjarane i Gol 

Gol Senterparti vil med dei middel me rår over, arbeida for at Gol skal vera ein god kommune å bu i. 

Me vil: 

-Byggja ny barneskule innan år 2011. 

-Legga til rette for nytt forbrenningsanlegg på Gol med sal av vassboren varme til kommunale og større private bygg. 

-Auka innsatsen for barn og unge innan psykisk helsevern. 

-Sikra nok sjukeheimsplassar. 

-Styrka den kommunale kompetansen for utvikling av næringslivet.

 

Me vil at kommunen skal:

-         Ha eit godt barnehage- og SFO-tilbod til dei som treng det.

-         Ha ein god skule med eit godt fagleg og sosialt miljø.

-         Ha ei god helseteneste og eit godt omsorgstilbod.

-         Ha gode kommunale tenester på alle fagfelt, med lett tilgang for alle.

-         Skapa gode og trygge arbeidsplassar for alle tilsette i kommunen.

-         Sikra ein god og open dialog mellom bygdefolk, politikarar og tilsette i kommunen.

-         Gi praktisk og økonomisk hjelp til friviljug organisasjonsarbeid.

-         Vera ein aktiv medspelar for næringslivet.

-         Legga til rette for bustadbygging i alle grender

 

Oppvekst:                 

-    Sikra minst eitt leirskuleopphald for elevar i grunnskulen.

-         Sikra grendebarnehagane.

-         Styrka norskopplæring for og integrering av framandspråklege elevar.

 

Næring:

-         Planlegga og klargjera nye næringsareal.

-         Stimulera til eit aktivt landbruk og sjå det i samband med andre næringar.

-         Handheva bu- og driveplikta på ein måte som sikrar busettinga og bruken av landbruksarealet.

-         Legga tilrette for utvikling av reiselivet i takt med nye behov.

 

Miljø:

-         Legga om til energisparande tenestebilar og maskiner i kommunen.

-         Stimulera tiltak som tek vare på kultur- og naturlandskap.

-         Utarbeida miljøplan for kommunen.

  

Helse og omsorg:

-         Arbeida aktivt med å rekruttera helsepersonell, legar, pleiarar og aktivitørar.

-         Gjennomføra plan for bygging av psykiatribustader.

-         Styrka dagtilbodet ved omsorgsavdelinga.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut