Til forsiden

Oddvar Grøthe, suveren vinnar i Hemsedal !

[13.09.07 08:50] Oddvar Grøthe (Sp) blir sitjande som ordførar i Hemsedal etter ein overveldande duellsiger.


Sitjande ordførar i Hemsedal, Oddvar Grøthe (55) frå Senterpartiet kan sjå fram til fire nye år i ordførarstolen. Etter å ha knust motkandidaten Odd Holde (58) frå Høgre med 650 mot 318 stemmer.
Det vil seie over 67 prosent av stemmene til Grøthe.
Det var åtte blanke stemmer, og 22 førehandsstemmer var førebels ikkje rekna.
– Det betyr at eg har fått stemmer ikkje berre frå Senterpartiet, men andre også. Det er ekstra gledeleg, seier ein lykkeleg ordførar.

Brei støtte
Oddvar Grøthe innrømmer at sigeren var langt meir overveldande enn han både hadde trudd og turt å håpe på.
– Dette var veldig artig, smiler ordføraren. Han tykkjer det varmar veldig å få så brei støtte.
– Blir det feiring i kveld?
– Det blir nok ikkje så mykje feiring, men eg feirar inni meg no, blunkar han.
– Kva trur du er grunnen til at du får så brei støtte?
– Nei si det, eg trur folk er veldig fornøgde med situasjonen i Hemsedal, seier Oddvar Grøthe. Han meiner dei politiske frontane i kommunen er betydeleg svakare enn dei har vore.

Ikkje skuffa
Mens ordføraren kunne lene seg attende i kontorstolen sin og humrande nyte sigeren, sat konkurrent Odd Holde (H) på valvaka på Åpenbar (t) og absorberte resultatet.
– Eg er ikkje skuffa. Nei, dette var som venta det, seier Odd Holde, som var mest spent på resten av oppteljinga. Han sette si lit til eit godt resultat for partiet, og håpa på fleirtal i kommunestyret saman med Frp og Ap.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut