Sps historie
[09.12.09] Når "gamle" politiske parti ikkje fangar opp viktige straumdrag i tida, vil nye melde seg på scenen. Enkelte av nykomarane framstår som protestparti utan å ha truverdige politiske alternativ. Dei er for det meste "symptom" på samfunnskriser og får ein kortvarig eksistens. Andre nye parti hevdar seg over lengre tidsrom. Slike parti viser at dei i tillegg til å gjera opprør mot det gamle, også kan påverka utviklinga framover. Etter som tida går, teiknar dei eit nokolunde påliteleg bilete av kva dei står for. Målestokken er verdiar og samanhengen i politikken. Senterpartiet er døme på eit "nytt parti", skipa i protest, men som trassa mange spådomar om å bli ei døgnfluge. Kanskje er forklaringa at nykomaren heilt frå starten av plasserte seg i, eller var eit uttrykk for det vi kan kalle "historiens lange liner"? Mykje tyder på det. |
||
Historiske navn og tall
[09.12.09] Her finn du oversikt over (fra 1920 til nå): |
||