Til forsiden
Fylkes- og lokallag

Search

Du er her: Sp der du bor  / Hordaland 

Uttale frå fylkesstyret i Hordaland:

Hardangerfjordforskrifta må utsetjast

[03.02.12] Langenuen må ut av verkeområdet, seier Jostein Ljones, som uttala seg på vegne av fylkesstyret i Hordaland Senterparti på NRK Hordaland onsdag. 300 arbeidsplassar vil vere i fare om forskrifta vert vedteken som ho no ligg, og det kan ikkje Senterpartiet akseptere.

Les mer


Benthe Bondhus, foto HPJ
Samferdsel:

Framlegg om kutt i snøggbåtrutene er det politiske fleirtalet sitt ansvar!

[16.01.12] Det er ikkje berre å skyta på fylkesrådmannen når han har føreslege å kutta i snøggbåttilbodet i Sunnhordland. Det politiske fleirtalet i fylkestinget, der m.a. Frp er med, må òg ta sin del av ansvaret for det som skjer. Det seier fylkespolitikar Benthe Bondhus (Sp) frå Ænes etter utspelet frå Ole Torbjørn Holmedal (Frp) på HusnesNett laurdag.



Jon Askeland. Foto HPJ
Orkanen Dagmar:

Ordføraren skal gje Statsministeren beredskapsråd

[05.01.12] Ordførar Jon Askeland vart invitert av Fylkesmannen til å delta i eit rådslagsmøte med Statsministeren på Leikanger 5. januar. Statsministeren varsla i nyårstalen sin at han vil til Vestlandet og søkja råd om beredskap etter juleorkanen. Radøy vart tidlegare i haust kåra til årets beredskapskommune i Hordaland, og ordføraren får no dela tankar med statsministeren i saka.

Ordføraren vil ta med synspunkt samla opp frå kommuneplanarbeidet i Radøy, og frå drøftingane i kommunen etter juleorkanen. Ordføraren vil snakka etter nasjonale og kommunale linjer. Han vil leggja vekt på å ta vare på enkeltmennesket i slike situasjonar,- då vert ansvarsrett ved byggesaker viktig stikkord.



Landbruksmeldinga:

Framtidstru for landbruk og matproduksjon

[21.12.11] Regjeringa la fram stortingsmelding om landbrukspolitikken i desember. Meldinga er viktig og blir eit fundament for politikken i åra framover. Men ei melding gjer ingen sommar åleine – det krevst gode jordbruksoppgjer og statsbudsjett kvart einaste år for å setja ho ut i livet. Kven som får fleirtal i åra framover avgjer derfor den verkelege kursen. Leiaren i BT 8.12. tok ikkje inn over seg dette.

Les mer

Gjennomslag i fylkestinget:

Spontan Samkøyring på politisk veg

[15.12.11] Eit samla fylkesting gav støtte til framlegget frå Senterpartiet om å sjå på saka om spontan samkøyring. Dette er svært gledeleg, seier Jostein Ljones, medlem av samferdsleutvalet.