|
|
[21.12.11 10:59] Regjeringa la fram stortingsmelding om landbrukspolitikken i desember. Meldinga er viktig og blir eit fundament for politikken i åra framover. Men ei melding gjer ingen sommar åleine – det krevst gode jordbruksoppgjer og statsbudsjett kvart einaste år for å setja ho ut i livet. Kven som får fleirtal i åra framover avgjer derfor den verkelege kursen. Leiaren i BT 8.12. tok ikkje inn over seg dette.
Hordaland Senterpartier nøgd med hovudstolpane i meldinga:
Dette er sjølve kjenneteikna på den landbrukspolitikken den raud-grøne regjeringa har ført siste seks åra, med forsterka innhald. Når BTs leiar set søkjeljoset på få verkemiddel i sjølve meldinga, og kallar politikken «lite ambisiøs» og «tru på julenissen», bommar den på kva som er avgjerande for framtida for landbruket i Noreg og særleg på Vestlandet. Varemerket til eikvar stortingsmelding er først og fremst politisk retning og ikkje direkte pengeløyvingar. Avgjerande for framtida er kven som har makta i Storting og regjering.
Me raud-grøne har vist at me vil satsa på trygg, norsk mat til beste for forbrukarar og produsentar, og har gjort ein historisk snuoperasjon der inntektsutviklinga siste seks åra har vore som for andre grupper, i kroner (langt meir i prosent, gitt det låge inntektsnivået i 2005). Høgrepartia viser ved alle høve i Stortinget at dei vil rasera dei mange og satsa på dei få og store - i den grad eingong dei kan konkurrera, under svekka importvern og billegare jordbruksoppgjer.
Regjeringa er modigast når den set som mål at produksjonen skal aukast i takt med folkeveksten, og tydeleg reiser utfordringane det er naudsynt å løysa for å oppnå det: Dyrkingsarealet må aukast gjennom sterkare jordvern og stimuli til nydyrking. For å oppnå dette skal politikken betre tilpassast lokale tilhøve, og næringsutviklingsmidlane skal forvaltast regionalt. Dette anerkjenner BT-leiaren - og eit kvart trena auge ser då at meldinga ber preget til Sp-Brekk heller enn Ap-Stoltenberg eller -Johnsen.
Meldinga skal no behandlast i Stortinget, og det er grunn for alle mat-interesserte til å følgja med på dei store politiske skiljelinene som vil koma framigjen. Hordaland Senterparti vil stilla krav til konkretisering av tiltak i åra framover for å nå måla i meldinga.
Steinulf Tungesvik, leiar og Jostein Ljones, nestleiar