|
|
[17.02.12 18:01] Avtroppande fylkesleiar si fjerde leiartale til fylkesårsmøtet i Hordaland Senterparti.
Kjære partivener!
Stor glede å halda leiartale i HSp for 4. gong. (09: Ulvik, 10: Bergen, 11: Stord, 12: Bergen)
Politikk er alvor
Det har vore for lett i vår tid å blåsa av politikken som supperådverksemd og ”politikarane” som egosentrerte, sjølvoppnemnde overdomarar i saker der dei ikkje har greie på noko som helst.
Me veit at politikk først og fremst er hardt arbeid. Alle som er her brukar fleire kveldar og helger enn me eigentleg ønskjer, året gjennom, fordi me kjenner at det er viktig å delta i å dra lasset, å gjera ein innsats for land og folk. Og fordi det gir oss noko å få vera med å påverka. Det er uendeleg mange som ikkje har interesse eller vilje til det. Dei har grunn til å vera takksame overfor den som bruker fritida, engasjerer seg, set seg i situasjonar der veldig vanskelege val for samfunnet må takast, der ein vert ståande midt i striden.
I sommar skjedde det grufulle i regjeringskvartalet og på Utøya. Det var politikken som vart angripen – det sentrale apparatet og dei unge i organisasjonen til Ap. Motivasjonen var klårt uttalt politisk med basis i eit forkvakla og menneskefiendsleg verdssyn langt til høgre, og målet var å stansa Ap si politiske verksemd og all demokratisk politisk verksemd.
Eg ber alle reisa seg og minnast dei mange som meiningslaust vart drepne 22/7. (1/2 minutt).
Valdeltakinga auka i lokalvalet etter mange år med nedgang. Den umiddelbare reaksjonen frå grasrot til topp var ei kraftig revalueringav verdien til politisk arbeid. Det er grunn til å venta og vona at likegyldigheita og forakta for politikk ikkje kjem tilbake som før 22. juli, men det stiller krav til oss som driv politisk arbeid at me tek tak i dei viktige spørsmåla og let småkjeklinga meir i fred.
Senterpartiet si rolle
I framlegget til arbeidsplan står det:
”Senterpartiet står for likeverd av geografiske og sosiale ulikskapar, med eit særleg hjarte for byggjesteinane i lokalsamfunnet: Næringsliv, møtestader og kulturliv, gode offentlege velferdstenester, infrastruktur, miljø, energi og ressursutnytting. Me ønskjer eit demokratisk samfunn der marknadsøkonomien fungerer innanfor politiske råmer, som ei motvekt til sentralisering.”
Eg har ofte snakka om den unike plassen me har i norsk politikk. At me fyller ein plass som ingen andre tek, men som mange er avhengige av at me tek. Me må få meir ut av den!
Prinsipiell EU-motstand og EØS-kritikk, frivillig kommunestruktur, statskyrkja, landbruksvekst, breiband til alle, samferdslesatsing der hovudparolane er vegbygging i distrikta og kollektivutbygging i byane. Og pelsdyra! Dette er både konservatisme og nyskaping for å vareta mål om livsvilkår overalt og dermed valfridom. Kort sagt: Å byggja landet, å vidareutvikla eit veldig godt utgangspunkt.
Oppslutnaden om partiet er ikkje urovekkjande, men me vil gjerne auka den. 2011-valet var ikkje godt nok. Folk kan ikkje lita på Sp og likevel ta Sp sin styrke for gitt. Me må få fleire med på laget! Mykje av arbeidet fram mot 2013 vil handla om det.
Senterpartiet skapar løysingar
I hovudstadspressa (og bergenspressa) manglar det ikkje på svartmaling av SP-politikken. Me er vande med det, og veit at det rekrutterer veljarar :-). Eit blikk ut i Europa syner endå tydelegare enn før at me får mykje til i dette landet. Sp har regjert nest lengst etter krigen, me har vår del av æra for årsakene til dette: Balansert blandingsøkonomi utan frislepp, sterk kommunesektor, aktivt tilretteleggjande og ikkje passiv nøytral næringpolitikk, spreidd busetnad og varsam sentralisering, god infrastruktur i heile landet. Og så fann me olja då Sp hadde statsministeren!
Undersøkingar som Norsk Monitor viser jamt at Sp har størst truverd i desse spørsmåla:
Me må få fram fakta og skryta mykje meir av kor godt me lukkast i kampen mot tvungen sentralisering.
«Mindre sentralisering
Til tross for stor flytteaktivitet er likevel sentraliseringen avtagende, for fjerde år på rad. Selv om det hvert år er netto innflytting til de mest sentrale kommunene (sentralitet 3) og netto utflytting fra de minst sentrale kommunene (sentralitet 0), har altså sentraliseringstakten vært minkende i noen år. Ikke siden begynnelsen av 1990-tallet har sentraliseringen gått saktere. Den gangen var imidlertid flytteaktiviteten lav på grunn av lavkonjunktur. De senere år har derimot sentraliseringen avtatt til tross for høykonjunktur og høy flytteaktivitet.» (SSB: http://www.ssb.no/vis/emner/02/02/20/flytting/main.html)
Dette er ikkje berre noko som «skjer». Det skuldast aktiv Sp-politikk i regjering, Storting, fylkesting og kommunestyre. Det handlar om å skapa framtidstru der folk bur og ønskjer å bu. Det er småbyen eller storbyen for nokon, bygda eller grenda for andre. Grepa som tel er:
2 faktaopplysningar:
1. Ingen av desse grepa er moglege for parti som samarbeider med Høgre.
2. Tala står i skarp kontrast til SSB-prognosane avisene er fulle av om busetnad i 2030, då visstnok alle kjem til å bu i storbyane (eller i Oslo).
Det er i så fall aller mest problematisk for Bergen og dei andre storbyane. Men den sanne statstikken viser altså at SSB føreset ein heilt annan politikk - Høgrepolitikk. Det er vår oppgåve å påvisa dette, eg har gjort ein opptakt her. Og det er ei sterk påminning til KrF i deira orientering om samarbeidspartnarar.
Utfordringar i Hordaland
Me har mange politiske utfordringar i eige fylke. Ein del av dei er tekne opp i fråsegnene.
Eg vil peika kort på nokre her.
Hardangerfjordforskrifta
Forskrifta handlar om vilkår for ei berekraftig oppdrettsnæring i Hardangerfjorden, området med høgast tettleik av anlegg. Balansen skal finnast mellom næring/arbeid og økologi. Etter nokre år med elendig oppgang av villaks var 2011 eit gledeleg godt år. Kanskje har oppdrettsnæringa fått skulda for det som også er naturlege variasjonar. Samstundes er det gjort viktige forbetringar i næringa, mot rømming, sjukdom, lus. I regionen er det fleire større vidareforedlingsbedrifter, som me elles har for lite av i Noreg. Framlegget til forskrift som har vore på høyring kan setja 300 arbeidsplassar i fare, i sårbare distrikt. Me må stilla krav til eiga regjering om at dette framlegget - frå ein Ap-statsråd - ikkje skal innførast.
U 864
Ubåten ligg der. Med kvikksølvet. Mange utgreiingar. Reelt dilemma: Er det farlegare å heva han fordi meir kvikksølv då kan bli frigjort? Me krev at saka blir avgjort no, og me ber om at alle variantar for å fjerna gifta vert utprøvde. T.d. å henta ut kvikksølvet frå skroget, og heller la det liggja att, dersom det er tryggare.
Dei store samferdslesakene
Jostein sit i Samferdsleutvalet på fylket, som overtok brorparten av vegane i 2010 (forvaltingsreforma). Eg har nærast ved eit tilfelle hamna i Samferdsledepartementet igjen, skal vikariera der 7 veker i pappapermen til Lars Erik Bartnes. Dei skal utnyttast godt.
E 134:Sambandet Stavanger-Haugesund-Sunnhordland-Hardanger-Austlandet m tilknyting til Bergen via Jondalstunnelen. Den store saka: Nye Røldalstunnelar. Inne i NTP no. Kor dyre? EØS-krav om 2 løp? Magnhild avklara denne veka: 1 løp, oppstart i første del av komande NTP-periode (2014-2017)
E39 Kyststamvegen.Os-Bergen nærmar seg proposisjon, framleis ventar ein på Os og Bergen kommunar. Ferjefritt! Mykje spennande skjer, jf førre årsmøte der Ellevset var. Mange ballar høgt oppe i lufta. 30 KVUar på veg no, mange på denne vegen. I Hordaland, særleg opptekne av Hordfast. 3 alternativ er lanserte. Mykje vil nok bli klårare når KVUane kjem. 3 faktorar: Tidsfaktoren, semje, prioritering. Og alle veit kva Hordaland Sp har vedteke i saka så langt.
Jernbane.To ting for oss: Vossebana og lyntog. For truverdet i jernbanepolitikken er det heilt naudsynt at me i motsetnad til tidlegare regjeringar frå meir sentralistiske parti brukar midlar også andre stader enn i Oslo-området, slik me har gjort på Stavanger-Sandnes. Derfor: Det er planlagt godt for dobbelspor i Ulriken no, og no kjem det! Oppstart skal skje i 2013. Lyntog: Magnhild sette i gang høgfartsutgreiinga. Det er det store instrumentet for å vri midlar til jernbane og byggja den ut til å tena fleire. Store løft, krev gjennomslag for annan finanseringsmodell. Får me til det, ligg grunnlaget der, utgreiinga støttar opp om kombinasjonen av aust-vestsamband og samanbinding av byane på Vestlandet.
Landbruksmeldinga
Svært godt vitja møte i går, om meldinga og vestlandsjordbruket. Samarbeid med Bondelaget. Lars Peder Brekk «reserve» for Harald Buttedahl!
Bergenspolitikken
Det er med undring eg studerer bergenspolitikken og det som skjer der. Høgre og Monica Mæland har 40 % på gallup samstundes som dei køyrer byen i grøfta. Vinteren har vore full av skandalar.
Bergen er eit politisk katastrofeområde, eit utstillingsvindauge for oss mot 2013 som viser at høgresida ikkje er styringsdugande. Dei løyser ikkje problema, dei klarar ikkje samhandla med andre forvaltingsnivå, dei vedtek ikkje heilt naudsynte framtidsretta grep (men skuldar på veret i staden for å gjera noko med trafikken).
Ove arbeider hardt saman med opposisjonen i kommunen. Det er stor mediainteresse om bergenspolitikken. Pressa er liberal og bypatriotisk, og det er utfordrande å få rom for tung kritikk. Samstundes er regjeringa eigentleg byrådets naudhjelpar ved at den raudgrøne veksten i kommuneøkonomien gjer det mogleg å dekkja over mykje vanstyre.
Sp har stor omtanke for Bergen og innbyggjarane, og me har meir å tilby her som elles i fylket. Me må arbeida saman på alle nivå for å løfta fram eit sterkt og truverdig alternativ.
Takk etter 4 år
Trygve skal få overta her og snakka meir om alternativet Sp, våre verdiar og grunnleggjande idear, programmet me skal vinna på i 2013, og kva som er avgjerande for partiet sine vegval.
Eg vil takka dykk for å ha fått tena fylkeslaget som leiar i 4 år, når eg no ber om veksling i leiarstafetten. Det har vore gjevande år, eg har blitt langt betre kjend med svært mange gilde folk. Eg ser eit HSp i framgang, medlemsveksten i 2011 er ein grunnpillar for at det skal halda fram på andre område av verksemda vår.
GODT MØTE og TAKK FOR MERKSEMDA!