Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland 


Uttale frå fylkesstyret i Hordaland:

Hardangerfjordforskrifta må utsetjast

[03.02.12 17:39] Langenuen må ut av verkeområdet, seier Jostein Ljones, som uttala seg på vegne av fylkesstyret i Hordaland Senterparti på NRK Hordaland onsdag. 300 arbeidsplassar vil vere i fare om forskrifta vert vedteken som ho no ligg, og det kan ikkje Senterpartiet akseptere.


Hordaland Senterparti (HSp) sluttar seg til formålet med forskrifta som er å bidra til å sikra ei bærekraftig utvikling av Oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden. Forskrifta omfattar forhold knytt til fiskehelse, og omsynet til ville bestandar av laksefisk, og dermed heile utviklingsgrunnlaget for oppdrettsnæringa i Hardanger. HSp støttar opp om ei framtidsretta og miljøvenleg oppdrettsnæring med stort potensiale for sysselsetting og verdiskaping.

HSp merkjer seg at 50 000 tonn MTB i produksjonskapasitet i fjordsystemet i realiteten vil bety ein nedgang i framtidig produksjon om taket skulle bli ståande. Bakgrunnen for dette taket var at ein ynskte å frysa produksjonen på 2008 nivå. Seinare har Langenuen ut frå faglege vurderingar blitt inkludert i virkeområdet for forskrifta utan at taket vart heva. Dette vil i realiteten bety ein betydeleg reduksjon i produksjonen med dei fyljer det har for sysselsetting og verdiskaping i regionen. Eit anslag på 300 arbeidsplassar vil gå tapt.

HSp er opptekne av at fordelinga av byrden ved ein eventuell nedgang i produksjonen må ta omsyn til:

  • Andel av totalproduksjonen for den enkelte aktør innan for virkeområdet for forskrifta. Ein del større lokale oppdrettarar ha mesteparten av si verksemd knytt til verkeområdet for forskrifta. Det må takast omsyn til at desse vanskeleg kan kompensera for tapt produksjon ved å flytta ut av Hardangerfjorden.
  • Aktørar med høg foredlingsgrad lokalt. Aktørar med høg foredlingsgrad er mest sårbare med omsyn til råstoff tilgang til foredlingsbedriftene i regionen. Sysselsetting målt pr. konsesjon vil vera høgast for selskap med hør foredling, og dei vil bety mest for lokalsamfunna der dei er lokaliserte.
  • Ansiennitet bør tilgodesjåast

Vegen vidare forskrift eller ikkje forskrift:

Før ei forskrift vert vedteken må regjeringa vera trygg på konsekvensane av å innføra forskrifta. Slik HSp ser det ville det vera særs uheldig å innføra ei forskrift for oppdrett i Hardangerfjorden. Om konsekvensen er ein betydeleg reduksjon i næringa i Hardanger samtidig som gevinstane ein søkjer å oppnå med forskrifta er usikre. Difor meinar HSp det er naudsynt å venta til ein har eit godt dokumentert faktagrunnlag basert på konsekvens undersøkjingar før forskrift vert innført. Det har i den seinare tid kome fleire forskrifter som regulerar oppdrettsnæringa med føremål å bekjempa sjukdom og lakselus, og i vareta villfiskinteressene i området. Det er etablert eit samarbeid mellom næringa og villfiskinteressene i Hardanger for å ivareta villfisken. Næringa arbeider med ein rapport som skal ligge føre i løpet av året. Det er viktig å byggja vidare på dette, og sjå heilskapen i alle tiltak som vert sette i verk. Hordaland Senterparti ber om at politisk handsaming av forskrifta vert utsett til denne rapporten føreligg.

Om ein skal oppnå føremålet med forskrifta, ei berekraftig utvikling av oppdrettsnæringa i Hardangerfjorden avgjerande.  

 

Vedteke av fylkesstyret i Hordaland Senterparti 30.01.2012

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut