Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Hordaland 


Samferdsleministeren får valet om å avslå eller godkjenne ei mulig samkøyring. Bilete frå Statens Vegvesen sin demoversjon.
Spontan Samkøyring:

Mobil-app kan redde bylufta!

[09.09.11 22:56] Har du lyst å sitte på og sleppe og køyre sjølv, eller likar du selskap i bilen? Dele taxirekning?

I dag sit det i snitt 1,15 personar i kvar privatbil som køyrer i Bergen. Om ein får auka dette talet til 1,4 ville differansen utgjere det same som alle som tar kollektivtransport i dag!

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa har saman med Senterpartiet sine kandidatar til fylkestinget og bystyret i Bergen fått demonstrert ein ny mobil-app som skal gjere det mogeleg å enkelt dele sanntidsinformasjon om ledig kapasitet i bil og kollektivruter.


Bergen kommune har fått ein unik sjanse til å vere pilotby for eit stort prøveprosjekt for ei teknologisk løysing som vil sette den enkelte i stand til å på ein enkel måte bidra til reduserte køar, mindre utslepp og billegare transport.

Sak om delfinansiering av prosjekt Spontan Samkøyring har vore oppe i 2010 i både bystyret i Bergen og i fylkestinget utan å få tilstrekkeleg økonomisk støtte. Sitjande fleirtal har ikkje forstått at den løysinga som Statens Vegvesen utviklar saman med ITSNorge og Triona kan legge store positive føringar for korleis vi løyser trafikkutfordringane i framtida. Det er svært synd, og no har Senterpartiet tatt tak i saka og fått presentert hentmeg.no for samferdsledepartementet.

Torsdag 08. september hadde Magnhild Meltveit Kleppa, saman med Bergen og Hordaland Senterparti eit møte med Arild Eggen i Statens Vegvesen der pilotprosjektet vart grundig presentert og demoen vist. Testing av løysinga er allereie starta, og innan 2014 har Bergen By muligheita til å verte den første by i landet som får teste dette i fullskala.

Ein slik fullskala test krev medfinansiering både frå kommuna og fylkeskommuna. Dette skal Senterpartiet vere garantisten for å minne om når nytt bystyre og fylkesting trer saman!

For detaljar om saka, kontakt oss i Senterpartiet som er overtydd om at dette er ei kjempesak for framtida!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut