![]() |
[03.09.09 12:22] Det er med undring( eller kanskje ikkje) eg les Henning Skumsvoll sitt svar til redaktøren i Agder 26/8 ang. Hidra Landfast dersom FRP kjem i regjering.
Dette blir for lettvint Hr. Skumsvoll!
Det er å ”kaste blår i augene” til folk på Hidra å påstå at tunnelprosjektet GARANTERT blir fullfinansiert utan bompenger. For å få tunnelprosjektet i gang NÅ, trengs det ein finansineringsplan som går i balanse.
I tillegg til ferjeavløysningsmidlar frå Staten, ferjetilskuddsmidler i 30 år, som Senterpartiet har kjempa fram i regjering., midlar frå Fylkeskommunen og Flekkefjord kommune, trengs det og bidrag frå brukarane. Deretter må ein bompengeproposisjon vedtas av Stortinget før prosjektet kan settes igang.
Så får me heller kjempe for at avgiftsperioden blir så kort som mulig på lik linje med Flekkerøytunnelen.
Å tru at eit prosjekt som Hidra Landfast vil bli prioritert fyrst og få fleirtall, når Staten ifølge FRP sitt program, skal overta all bompengefinansiering over heile landet, det er vel mest som å tru på julenissen. At ein oppegåande kar som Henning Skumsvoll trur på dette, er meg heilt uforståelig.
Folk på Hidra har jobba for tunnelforbindelse til fastlandet i snart 20 år med stadige skuffelser.Nå er målet nærmere enn nokon gong. Me treng å få realisert Hidra Landfast nå. Det vil vere ein styrke for lokalbefolkningen, ikkje minst med tanke på næringsutvikling og busetting.
Sigmund Oksefjell
1.kanditat for Senterpartiet i Vest Agder.