20.1. Nye globale utviklingstrekk
20.2. Forvaltning av dei globale fellesgode våre
20.3. Solidarisk global miljø- og klimapolitikk
20.4. Ein ny internasjonal matpolitikk
20.5. Handel som utjamnar
20.6. Bistand
20.6.1. Institusjonsbygging
20.6.2. Jordbruk i bistanden
20.7. Eit sterkare FN
20.8. Samarbeid mellom likeverdige statar
20.8.1. EU og EØS
20.8.2. Norden
20.9. Tyngdepunkt i polarområdet
20.10. Nedrusting og tryggleik
20.11. Noreg sine internajonale militærbidrag
20.12. Midtausten
Mål
Visjonen til Senterpartiet globalt og nasjonalt er å byggje samfunn nedanfrå. Vi vil ha folkestyre, rettferdig fordeling, sterke menneskerettar og ei ansvarleg forvalting av naturressursane. Det inneber framleis motstand mot reindyrka økonomisk liberalisme og frikopling av marknadskreftene frå politisk styring, og dessutan arbeid for desentralisering av eigedomsrett, makt, busetjing og kapital. Auka økonomiske skilnader er vår tids tryggingspolitiske utfordring. Fordeling av fellesgode, ressursane, kunnskapen og makta i verda er ein føresetnad for å oppnå rettferdig, stabil og berekraftig utvikling. Senterpartiet vil arbeide for å sikre alle land kontroll over eigne ressursar, økonomisk og politisk utvikling. Internasjonal handelspolitikk må styrast og utviklast slik at handel kan bli berekraftig og eit verkemiddel for å omfordele frå rike til fattige land. Senterpartiet meiner at Noreg som eit rikt land skal ha eit høgt nivå på utviklingshjelp og naudhjelp til land som treng det.
Senterpartiet vil oppnå fredeleg sameksistens mellom nasjonane ved å føre ein politikk som varetek intensjonane og prinsippa i folkeretten. Det inneber framleis oppbygging av eit sterkt og effektivt FN og ein verdsorden som førebyggjer konflikt, og der krig ikkje er noka løysing. Senterpartiet vil framleis arbeide mot åtakskrigar, og utanlandsoperasjonar som ikkje er forankra i folkeretten.
FN er det beste og mest legitime systemet verda har for eit balansert samarbeid mellom sjølvstendige nasjonar, basert på folkerettslege prinsipp og universelle normer. Senterpartiet vil vidareutvikle FN og folkeretten, baserte på prinsippet om eitt land – éi røyst. Handel og kapital er verkemiddel, ikkje mål, og må underleggjast demokratisk kontroll i FN-systemet. Senterpartiet vil jobbe aktivt for å innfri tusenårsmålet til FN Suverenitet bør berre gjevast ifrå for å oppnå globale mål og verdiar, og for at nokre statar ikkje skal hindre utvikling og tryggleik for andre. Senterpartiet meiner mellomstatleg samarbeid mellom suverene statar gjev dei beste vilkåra for folkeleg medverknad.
I to tiår har den globale politikken vore prega av nyliberalistisk tenking. Den sentrale målsetjinga til den globale nyliberalismen har vore å redusere nasjonal styring til fordel for marknadsmekanismar. Det har ført til at ansvaret for tradisjonell felleseigedom som vatn, luft og biologisk mangfald har blitt privatisert, saman med offentlege velferdstenester. Store globale selskap har etter kvart fått dominere både verdsmarknadene og politikkutforminga.
Sidan tusenårsskiftet har svingningar i den globale økonomien skapt auka utryggleik. Både klimakrisa og den globale matvarekrisa kom til overflata før finanskrisa. Men desse krisene hadde enno ikkje råka maktsentruma i verda nok til å samle full politisk handlekraft frå leiarar og media. Veikskapane ved ei globalisert finansnæring utan overordna politisk rammeverk og styring slo inn for fullt hausten
2008. I kjølvatnet av finanskrisa spør stadig fleire aktørar no etter nye mekanismar og sterkare politisk styring av finansmarknadene ut frå meir heilskaplege samfunnsbehov. Både klima- og energikrisa, matvare- og matjordkrisa og vassforsyningskrisa har vore varsla lenge, heilt sidan Stockholmskonferansen i 1972 og Brundtlandrapporten frå 1987. Krisene er globale, og synleggjer at løysingar må vere felles og at alle må medverke. Samtidig er det også slik at konsekvensar av krisene rammar dei svakaste hardast, medan hovudansvaret for krisene må dei rike bere.
Respekten for menneskerettane må liggje til grunn for internasjonale engasjementet som Noreg tek del i. Kunnskap, kommunikasjon og kulturelt mangfald er fellesgode som bør vere internasjonale og tilgjengelege for alle. Rett til arbeid og inntekt vil i hovudsak vere eit nasjonalt ansvar. Nasjonale styresmakter må derfor ha handlingsrom til å byggje nasjonal produksjonskapasitet, identitet og sjølvtillit, som gjev eit solid fundament for å dele idear, samarbeide og drive handel på likeverdige vilkår.
Klimaendringane har gjort oss meir merksame på dei globale fellesgoda våre: luft, jord og vatn. Utsleppa har i all hovudsak kome frå dei vestlege landa. Det er likevel dei fattigaste menneska i fattige land, som lever nær og av naturen, som er dei fyrste som merkar konsekvensane og må bere dei største kostnadene. Dette er både urimeleg og urettferdig og krev ein ny politikk som Senterpartiet vil medverke til ved å utvikle prinsippet om å handle lokalt, men tenkje globalt. Klimaendringane kan føre til store endringar i tilgang på dyrkbar jord og vatn til matproduksjon. Store område som i dag er dyrkbare kan bli uskikka til matproduksjon på grunn av tørke og/eller mangel på nedbør. Kamp om jord- og vassressursar kan skape konfliktar mellom folk og nasjonar. For å sikre alle menneske ein tilgang til naudsynte ressursar må den rike delen av verda avgrense forbruket sitt. Senterpartiet vil fremje ein internasjonal forvaltingspolitikk som tek omsyn til at jord og vatn er ein underskottsressurs, som må underleggjast langt strengare forvalting og fordelingsomsyn enn i dag.
Tiltaka som blir sette i verk for å motverke klimakrisa er naudsynte for heile verda, og ikkje berre ei solidaritetshandling overfor dei som blir ramma fyrst. Vi har aldri tidlegare fått tydelegare illustrert at vi berre har éin klode. Nedhogging av tropiske skogar i Sør-Amerika påverkar nedbørsmengda i Himalaya, og ferskvasstilgangen eller flaum for millionar av menneske i Asia. Klimaflyktningar kan få eit omfattande omfang frå land der jorda ikkje lenger gjev levebrød, vasskjeldene tørkar ut, eller kystsona blir ubueleg. Klimautfordringane vil bli ein test på evna til å ta eit felles ansvar for framtida og finne fram til felles handling som omfattar alle land. Internasjonalt miljøsamarbeid må ta sikte på å redusere forbruk og transport i den rike delen av verda, styrkje evna til matproduksjon ut frå lokale behov, sikre vassressursane og det biologiske mangfaldet, og hindre avskoging og ørkenspreiing. Energiforbruket i verda må vriast bort frå fossilt brensel og over på fornybare alternativ.
Senterpartiet vil:
Verdsmarknadsprisane på mat stig og matvarelagera i verda er mindre enn på mange år. Matvareorganisasjonen til FN (FAO) vurderer at produksjonen må auke med 50 prosent innan 2030 for at folket i verda skal ha tilgang på nok mat. Klimautfordringane tydeleggjer også behovet for ein politikk globalt som stimulerer ein berekraftig matproduksjon lokalt og nasjonalt, og som ikkje stolar på ein verdsmarknad for fordeling av mat. Senterpartiet meiner alle land skal ha rett til å produsere
mat til eige folk, og vil stanse all dumping av matvarer. Posisjonen til Senterpartiett i internasjonale forhandlingar er at alle land skal få handlingsrom til å utvikle verkemiddel som varetek mattryggleik og produksjon av mat til eige folk.
Noreg importerer cirka 50 prosent av forbruket sitt av landbruksvarer. Den delen som blir importert frå EU er meir enn 70 prosent og aukande. Senterpartiet vil medverke til auka import frå utviklingsland gjennom styrkte og målretta tiltak for produksjon og handel. Stønad til produksjon til internt forbruk i eit land må behandlast annleis enn eksportretta produksjon.
Matkrisa viser tydeleg at rammeverket som blir forhandla i WTO må vidareutviklast. Det blir forhandla om reduksjon av importtoll, samtidig som mange tradisjonelle eksportørar av mat legg ned forbod mot eksport eller innfører eksporttoll for å unngå matmangel hos eige folk. Industrialisering og sentralisering av jordbruket har utarma jord, humus og vatn, og lagt såkalla marginale område brakk. I framtida må slik jord takast i bruk gjennom ein aktiv landbrukspolitikk. Grunnlaget for framtidig matproduksjon må bli betre teke vare på og internasjonale handelsreglar må blant anna støtte opp om langsiktig ressursforvalting, mattryggleik og klimautfordringar.
Senterpartiet vil:
Handelspolitikken må utformast slik at han kan medverke til politikk for lokal, regional og global omfordeling, frå rike til fattige land og folk. Handelspolitikken må bli mest mogeleg klimanøytral, økologisk berekraftig og solidarisk. Noreg har eit høgkost-jordbruk og ein eksportretta fiske- og sjømatindustri. I internasjonale forhandlingar om handel vil Noreg ha defensive jordbruksinteresser og offensive interesser på industritoll. Senterpartiet meiner Noreg må unngå å stille seg i ein usolidarisk posisjon der vi ønskjer nasjonal kontroll når vi har eigne interesser, men ikkje gjev utviklingsland same fleksibilitet på kjenslevare område for dei. Noreg må unngå ei uheldig samanblanding av nærings- og handelsinteresser, og utviklingspolitikk innan energitenester, miljøtenester, teletenester og finansielle tenester og industrivarer.
Senterpartiet vil støtte opp om interessene til dei fattigaste landa i WTO Fleirtalet av dei fattigaste landa i verda er fyrst og fremst avhengig av betre infrastruktur for å få tilgang til eigne heimlege og regionale marknader, og ei handelsliberalisering trugar ofte dette. Senterpartiet meiner at WTO tradisjonelt har vore prega av lukka prosessar og manglande open praksis.
Utfallet av dei vidare WTO-forhandlingane er avhengig av kvart enkelt medlemsland sine eigne ønskje og strategiar. Senterpartiet meiner at Noreg må utnytte dette handlingsrommet for å finne fram til gode løysingar som varetek eigen matvareproduksjon/-tryggleik. Noreg bør byggje alliansar med andre netto matimporterande land, basert på retten til å styre eigen matpolitikk.
Ikkje alle sektorar eignar seg for liberalisering gjennom internasjonale handelsavtalar. Senterpartiet meiner blant anna at naturressursar, essensiell infrastruktur, kommunikasjon og sentrale offentlege tenester er område som ikkje bør inkluderast i eit internasjonalt handelssystem.
Senterpartiet vil:
Senterpartiet meiner alle samfunn best blir sett i stand til å styre eiga utvikling når organiseringa av samfunnet har lokal legitimitet og demokratisk forankring. Utvikling av det sivile samfunnet er avgjerande for at politiske leiarar skal kunne stillast til ansvar og for å kunne etablere ein demokratisk, legitim og global rettsorden. Senterpartiet vil medverke til at utviklingslanda sjølv i større grad kan ta ansvar for eiga utvikling. Samarbeid om å styrkje demokratiske institusjonar og etablere god forvaltingspraksis må prioriterast.
Det har blitt hevda at bistanden har blitt ein allianse mellom sterke interesser i vestlege land og elitane i utviklingsland, og at hjelpa har undergrave utvikling og fattigdomsnedkjemping. Noreg kan med Statens pensjonsfond – Utland, sterke eigarskap i tidlegare statsmonopol, offensive handelsinteresser og etter måten store u-hjelpsbudsjett kome i skade for å blande roller som ikkje er i tråd med verdiane våre om å medverke til å byggje nasjonar og fremje ein solidarisk utviklingspolitikk.
Senterpartiet vil:
Senterpartiet meiner Noreg har dei beste føresetnader for å medverke til landbruksutvikling i sør. Noreg har kompetanse bygt opp ved Universitetet for miljø- og biovitenskap, røynslene med landbrukssamvirke, utvikling av foredling, prisstøtte, standardar og bonden sine rettar og kontroll med eigne produkt. Som netto importerande land av landbruksvarer har Noreg meir legitimitet enn mange andre vestlege land i å støtte produksjonskapasitet og lokale marknader i utviklingsland i same situasjon.
Landbruk og matproduksjon i bistandsarbeidet er blitt forsømt både av norsk bistand og av internasjonale organisasjonar. Det har skjedd ei dobbelt diskriminering, av periferien og av bønder fordi dei er kvinner, særleg i Afrika. Ingen andre næringar kan som landbruket skape sysselsetjing og økonomiske ringverknader blant dei fattige. Tilgang på mat og arbeid for fattige i byområda vil vere avgjerande for å førebyggje sosial uro og mogeleg kaos og konfliktar i fattige land.
Senterpartiet vil:
I kjølvatnet av den økonomiske globaliseringa har grensene mellom land fått stadig mindre å seie. Mangfaldet av mellommenneskeleg deltaking og representasjon, påverknad og innverknad representerer positive tilskot til internasjonalt samarbeid.
Korrupsjon på alle nivå er ei av dei største hindringane i arbeidet mot fattigdom og for ei meir rettferdig fordeling. Tryggj velferdsstatar er sentrale for å byggje ned korrupsjonskultur. FN bør styrkjast som fredsbyggjar og politisk rådgjevningsorgan som kan stå i sentrum for arbeidet med å etablere funksjonsdyktige statar baserte på ei open forvalting, ansvar, demokrati, menneskerettar og lov og rett som berande prinsipp. I dette arbeidet må dei politiske organa i FN og bistandsorganisasjonane til FN, med utviklingsprogrammet til FN i spissen, bringast tettare saman. Det er behov for meir langsiktig bistand og berekraftige tiltak i ei heilskapleg tilnærming til fredsbygging. På den bakgrunnen meiner Senterpartiet at ein vesentleg større del av bistandsbudsjettet bør gå til å styrkje utviklingsarbeidet og til FN som organ for meir effektiv førebyggjande handling.
Senterpartiet vil ha ei betre rolleavklaring mellom FN og Verdsbanken/Pengefondet (IMF). FN bør ha eit overordna politisk ansvar. Rolla til Verdsbankens og Pengefondet (og dei regionale utviklingsbankane) bør vere meir operative som rådgjevarar og støttespelarar for økonomisk utvikling og fordeling, underlagt dei overordna målsetjingane til FN.
Senterpartiet vil:
Noreg har i dag eit nært samarbeid med EU på ei lang rekkje politikkområde. Senterpartiet vil vidareutvikle samarbeidet med land i EU på same måte som med andre land i Europa på folkerettsleg grunnlag, som eit gjensidig forpliktande samarbeid mellom sjølvstendige statar.
Utfordringane vi står overfor internasjonalt krev samarbeid på tvers av kontinent, samarbeid mellom den rike og den fattige delen av verda. Styreforma i EU avvik frå korleis vestlege demokrati hittil har vore styrt, fordi EU ikkje skil mellom utøvande og lovgjevande makt, og lovgjevande makt har ikkje forslagsrett. Til skilnad frå alle andre grunnlover, grunnlovs- eller traktatfestar EU ein bestemt ideologi. I EU er nyliberalismen nedfelt som lov.
EU sin Lisboa-traktat (grunnlov) samsvarer ikkje med Senterpartiet sine grunnhaldningar når det gjeld politikk, ideologi og verdiar. Senterpartiet vil framleis arbeide aktivt imot ein søknad om norsk EU-medlemskap.
Senterpartiet har i regjering vist at det er mogeleg å reversere pålegg frå EU som ikkje er samsvarer med norsk oppfatning av god ressursforvalting og samfunnsutvikling (bl.a. differensiert arbeidsgjevaravgift og heimfallsregimet). Dette er svært arbeids- og tidkrevjande prosessar som kunne vore løyst enklare ved ei anna samarbeidsform med EU.
EU utviklar seg mot ei føderal statsdanning. Det medfører at stadig nye område som utdanning, offentlege velferdstenester, helsestell, skattepolitikk, naturressursar, infrastruktur og tenester blir vurderte som relevante for verkeområde og konkurranseregelverk i unionen. Senterpartiet meiner Noreg må leggje ei restriktiv haldning til grunn og ikkje godta avståing av suverenitet over essensielle og samfunnsberande oppgåver gjennom EØS-avtalen. Schengensamarbeidet kan påverke tilhøvet mellom den sjølvstendige utanrikspolitikken i Noreg og den felles utanriksen og- tryggingspolitikken i EU. Det viser blant anna opprettinga av det felles grensekontrollsystemet Frontex.
Likevel er det ein vesentleg skilnad på dagens tilknytningsform og ein medlemskap i EU. Landbrukspolitikk, fiskeripolitikk, økonomisk politikk og utanriks- og tryggingspolitikk er døme på område der vi i all hovudsak ikkje er underlagt den felles politikken til EU, og der ein medlemskap ville tyde vesentlege endringar i negativ retning. Så lenge Noreg er ein del av EØS vil Senterpartiet arbeide for ein aktiv bruk av reservasjonsretten når det er naudsynt for å sikre avgjerande interesser.
EØS-avtalen blei etablert som ein mellombels avtale. Dagens tilknytingsform til EU gjennom EØS- og Schengenavtalen bind Noreg for tett til EU og medverkar til å svekkje den politiske og økonomiske handlefridomen vår. Senterpartiet vil evaluere EØS-medlemskapen og konsekvensane for Noreg og utgreie alternativ til avtalen. Vi ønskjer å seie opp EØS-avtalen og i staden ha handels- og samarbeidsavtalar med EU for å sikre interessene våre.
Senterpartiet vil:
Senterpartiet vil jobbe for å vidareutvikle det nordiske samarbeidet innanfor område som kultur, utdanning, internasjonalt fredsarbeid, økonomi og forsvar. Dei nordiske landa har valt ulik tilknytingsform til EU og NATO. Dei nordiske landa bør i større grad utnytte dei europeiske og globale arenaene ein deltek i til å fremje nordiske standpunkt. Austersjø-området har historisk sett hatt mykje kontakt. Noreg må styrkje samarbeidet i regionen gjennom auka satsing på område som atomnedrustning, fredstryggjande arbeid, handel, kultur, utdanning og forsking. Dei vestnordiske landa har mange fellestrekk både kulturelt, innan næring og når det gjeld utvikling av små berekraftige lokalsamfunn. Saman forvaltar Færøyane, Grønland, Island og Noreg store delar av Nord-Atlanteren gjennom sine økonomiske soner.
Utviklinga etter Sovjetunionens fall, og det auka behovet for ressursar i verda har gjeve nordområdepolitikken fornya vekt. Barentsregionen og Barentshavet utviklar seg til å bli ein regional motor. Dette tyder auka fokus på stabilitet, tryggleik og vernebuing. Landa i regionen blir integrerte politisk, økonomisk og gjennom folkeleg og kulturelt samarbeid. Dialog må løyse eventuelle usemjer. Ressursovervaking vil i mykje større grad kome i fokus i tida som kjem. Målet til Senterpartiet om å ta heile Noreg i bruk føreset ein berekraftig befolknings- og forvaltingsstruktur i Nord-Noreg. Regionale ressursar må gje regional utvikling. Tryggingspolitisk er også Noreg heilt avhengig av ein livskraftig nordleg landsdel.
Røynsler frå andre regionar med oljeutvinning, i Noreg og utanlands, viser at det langt frå er garantert at ein ressursrik region vil få velferds- eller sysselsetjingseffektar på lang sikt av utvinning av naturressursane i området. Ofte ser vi at ressursrikdomen og pengestraumane går ein annan veg. Forventningane om snarleg velstand hindrar ofte ei offensiv satsing på langsiktig og berekraftig
utvikling. Senterpartiet vil følgje ei varsam line når det gjeld press om rask utvinning av olje- og gassressursar i Barentshavet. Teknologisk grenseland, omsynet til arktisk fiske og økosystem og globale klimaomsyn tilseier dette. Det er behov for ein tydeleg og samstemt politikk for å hindre at olje- og gassutvinning i desse sårbare områda medfører varige miljø-, klima- og kulturelle øydeleggingar. Derfor vil Senterpartiet at det skal satsast offensivt i Nord-Noreg, ut over ei avgrensa oljeverksemd. Regionen har potensial til å utgjere eit teneste-, nærings- og kunnskapstyngdepunkt til nytte for heile polområdet. Noreg sin langsiktige distrikts- og busetjingspolitikk i regionen er unik, og gjev oss spesielle sjansar for å ta ei rolle i det internasjonale samarbeidet i heile regionen. Det krev eit aktivt medverkande lokalsamfunn, diplomatiske, økonomiske og politiske investeringar. Det må leggjast spesielt vekt på tryggleik og stabilitet, miljø, utdanning, kompetanse, landbasert næringsverksemd og infrastruktur. Senterpartiet vil ha ei satsing på nordområda som skal peike langt ut over tidsalderen til petroleumsverksemda.
Senterpartiet vil:
Ustabilitet og urett gjer konfliktløysing og konfliktførebygging vanskeleg og skaper grobotn for terrorisme. Senterpartiet meiner det polariserte verdsbiletet som er skapt i kjølvatnet av "krigen mot terror" frå 2001, har verka konfliktintensiverande. Senterpartiet ønskjer eit auka fokus på førebyggjande handling. Det er svært få mellomstatlege konfliktar i dag. Dei fleste konfliktar skjer mellom grupper innan land. Ein strategi for førebyggjande handling må røre ved dei vanlegaste årsakene til konfliktar både mellom statar og internt, mangel på kontroll over land og vatn og innverknad over eigen livssituasjon. Internasjonale selskap som driv ressursutvinning kan ofte vere ein del av slike konfliktar, og det er viktig at det blir utvikla bindande retningsliner, nasjonalt og globalt, for samfunnsansvaret deira.
Utviklingshjelp må i større grad nyttast til konfliktførebygging, fredsmekling eller gjennomføring av fredsavtalar. Reglar i FN-pakta om bruk av makt, der berre Tryggingsrådet kan autorisere maktbruk, må respekterast av alle statar. Skal Tryggingsrådet kunne spele ei større rolle i konfliktførebygging må det få ei meir demokratisk samansetjing og det må bli meir proaktivt.
Ein strategi for førebyggjande handling må omfatte eit oppdatert rammeverk for ikkje-spreiing av atomvåpen og nedrusting og tiltak for å nedkjempe terrorisme. Avtalar om atomnedrustning må ratifiserast og nye avtalar utviklast. Det er framleis behov for strengare handheving og kontroll med ikkje-spreiingsavtalen. Kjernevåpensystem må destruerast. Russland har ansvaret for å rydje opp i radioaktivt materiale i Nordvest-Russland, men vestlege land må medverke med hjelp og kompetanse. Noreg må følgje opp meir målretta enn i dag. Avtalen om tak på konvensjonelle våpen (CFE-avtalen) må utviklast blant anna gjennom tillitskapande tiltak. Noreg var ein sentral pådrivar i den suksessrike internasjonalen kampanjen for å forby landminer. Likeins viser avtalen om forbod
mot klasevåpen at det er viktig å oppretthalde eit sterkt press frå norsk side for vidare nedrusting. Senterpartiet vil leggje menneskerettane til grunn i arbeidet sitt mot atomvåpen, atomvåpenprogram og spreiing av atomvåpen, og krevje innsyn omkring utbygging av atomenergiprogram for å hindre utvikling og spreiing av atomvåpen. I den samanhengen er revitalisering av ikkje-spreiingsavtalen avgjerande.
Senterpartiet meiner Noreg må ta internasjonale initiativ som kan redusere omsetjing og bruk av handvåpen. Innsatsen må i fyrste rekkje bli retta inn mot konfliktområde. Senterpartiet meiner også at Noreg bør ta initiativ, og gå føre, når det gjeld sluttbrukarfråsegn for våpeneksport og eksport av våpendelar. Ikkje minst gjeld det i ein situasjon der Nato og Noreg sjølv er med i aktive krigshandlingar utanfor området til alliansen.
Senterpartiet vil:
Senterpartiet har historisk og ideologisk lagt til grunn at hovudansvaret for det norske forsvaret er å forsvare norsk territorium. Rolla til Nato har vore å støtte behova til medlemslanda for suverenitetshevding innanfor eigne grenser. Med fallet til Sovjetunionen og utviklinga av det nye strategiske konsept til Nato blei denne lina endra, og i dag opererer også Nato utanfor eige territorium. Senterpartiet vil utvikle Nato-samarbeidet under prinsippet om at forsvar av dei nasjonale territoria til medlemsstatane er hovudføremålet for alliansen. Senterpartiet meiner Noreg med det store landarealet og sjøterritoriet sitt, men med eit lite folketal, må gjere tydelege prioriteringar når nasjonen skal avgjere kva det norske forsvaret skal medverke med globalt i framtida. Senterpartiet meiner Noregs tryggingspolitiske utfordringar og geografisk plassering framleis tilseier at territorialforsvaret og suverenitetshevding er det fremste bidraget frå Noreg til internasjonal stabilitet og tryggleik. Desse prioriteringane må styre kva bidrag Noreg kan gje til andre internasjonale fredsoperasjonar.
Senterpartiet vil:
Senterpartiet meiner at varig fred i Midtausten berre kan bli oppnådd gjennom ei to-statsløysing mellom Israel og Palestina og at FN-resolusjonen frå 1967 blir respektert. Ein fredsavtale må vareta dei palestinske flyktningane sine rettar og ei løysing må vere basert på FN sin resolusjon 194 og menneskerettsfråsegna til FN. FN-resolusjonane 242 frå 1967 og 338 frå 1973 slår klart fast at Israel må trekkje seg ut av områda dei okkuperte i 1967. Israel si ignorering av FN-vedtaka undergrev folkeretten og rolla til FN. Eit stabilt palestinsk samfunn føreset institusjonsbygging og utvikling av eit velfungerande statsapparat. Krava til forsvarleg forvalting av norske bistandsmidlar til dei palestinske områda okkupert av Israel må vere ein føresetnad for det høge bistandsnivået. Krava til palestinske styresmakter om å forhindre væpna angrep inn i Israel, nedkjempe korrupsjon og avslutte den interne krigføringa, må halde fram. Det internasjonale samfunnet må arbeide for ei stabilisering som underbyggjer evna til dei palestinske styresmaktene til å opptre som samfunnsbyggjar og ordensmakt. Krigføringa til Israel og blokaden mot Gaza fører til enorm liding for sivilbefolkninga og medverkar ytterlegare til å undergrave høvet for palestinarane til å løyse interne konfliktar. Senterpartiet støtta ikkje invasjonen av Irak og meiner at tilnærminga til Iran må basere seg på ønsket om ikkje- konflikt og stabilisering av tilhøvet mellom Midtausten og Vesten. Det er avgjerande for folket i Irak og for stabilitet i verda at krigen i Irak stansar.
Senterpartiet vil: