Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Rogaland  / Klepp 

Alle snakker om eldrepolitikk - kva med litt yngrepolitikk?

 


Alle snakker om eldrepolitikk - kva med litt yngrepolitikk?
-om etablering av ungdomsråd.

 

Me er heldige i Klepp Kommune. Me har eit velfungerande Barnas Kommunestyre, der
engasjerte barn og unge frå alle krinser er med i demokratiet. Og her blir midlar løyvde til
saker som er viktige for barn/unge. For nokre år sidan konkluderte barna at pengane dei skulle
fordela til tiltak i Klepp Kommune ville bli best nytta ved å hjelpa barn i andre land. Me skal
vera stolte av ungene våre!

Ungane blir raskt ungdommar. Dei fortener også då å ha høve til å påverke
lokalsamfunnet. Men skal ungdommane engasjera seg, må dei politiske partia og etablerte
kommunepolitikarane visa at dei tar ungdom på alvor. Det gjer Senterpartiet. Senterpartiet
ynskjer at alle kommuner skal ha ungdomsråd organisert etter Barne og Likestillingsdepartementet sine anbefalingar. For at ungdom skal få gjennomslag for
ungdomssaker, må ungdom få reel påverknad. Eit aktivt ungdomsråd, som politikarane lytter
til, er ein måte å få til det på. Ungdomsråd er ein svært god demokratiskule; ungdommane
lærer tidleg korleis avgjerder vert tatt, og korleis ein kan påverke for å få gjennomslag.

Ein lokal ungdom kom til oss med innspelet: "Alle snakker om eldrepolitikk- kva med litt
yngrepolitikk?" Dette vil me ta på alvor i Klepp Senterparti. I kommunen vår har me lang
tradisjon for eldreråd som talar dei eldre si sak. Det er på tide å la ungdommen kome på banen
på lik linje.

Godt val!
Kathrine Kristiansen. 3.kandidat Klepp Senterparti.

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut