![]() |
[09.08.11 19:03] Alle dei politiske partia i Klepp har gått i lag om å arrangera ein utekonsert i Meierigården fre. 19.aug. kl. 20.30 – 22.30. Arrangementet er å sjå på som ei gåve til ungdommen for å visa at lokalpolitikk ofte handlar om samarbeid for å få til gode løysingar.
Felles oppfordring til ungdommen er: Engasjer deg - meld deg gjerne inn i eit politisk parti – bruk stemmeretten din 12.sept. ! Demokratiet vårt treng ungdommeleg pågangsmot og handlekraft for å utvikla eit varmt og inkluderande nærmiljø for alle.
Innhaldet i konserten håpar vi treff ungdom i alle aldrar:
Oppvarmingsbanda Alcane og Shadowmind er frå Klepp og held seg i metal-sjangeren. Rapparen Atlars frå Stavanger kjem med fransk DJ og gir oss smakebitar frå nyslept CD: ”Veien framigjønå”. Atlars har og sagt ja til å vera konferansier. Hanne Sørvaag stiller med gitar og nydeleg versjon av ”My heart is yours”, og Tommy & Tigeren Band klarer kanskje endeleg å få fram sommaren med rockelåtar som t.d. ”Sann Imydlå Tædene” eller ”Massey Ferguson”.
Konserten blir på nedsida av mjølketankane (mot Klepp stadion) pga straumuttak frå Tine Meieriet Kleppe.. Ein stor takk til meierisjef Runa Horgen, som tente på ideen med Meierirock , og har lagt forholda til rette. Ho nemner at det i helgene av og til står parkert svære trailarar på parkeringsplassen, og vil oppfordra folk til å finna anna parkeringsplass denne fredagskvelden. Vidare takkar vi Kurt Madland på det varmaste, som gratis stiller til disposisjon trailerscene med tak. Folk frå alle partia i Klepp tek seg av rigging, vakting og rydding.
Med vennleg helsing: Klepp Arbeiderparti, Klepp Senterparti /Jæren Senterungdom, Rødt, Klepp Venstre, Klepp Høyre/Jæren Unge Høyre, Klepp Kristelig Folkeparti , Klepp Framskrittsparti og Klepp Sosialistisk Venstreparti.