|
|
[27.08.11 14:51] Å redusera folkeveksten til 1,5 prosent i året er ikkje noko problem, men det krev politisk styring, seier Sp sin listetopp Hilde Kraggerud.
Klepp er den mest folkerike kommunen på Jæren, og den som har hatt størst vekst siste åra. Men vekst kostar. Den dreg med seg utgifter til skule, barnehage og hjelpetilbod. Dessutan går den ut over den dyrka jorda. I Klepp er så godt som all jord dyrka, det er ikkje mange knausar å byggja på.
Ap, Sp, SV, V og KrF står bak eit forslag for å bremsa veksten. Med knappast mogleg fleirtal vedtok kommunestyret å redusera den årlege veksten til 1,5 prosent innan 2013. H og FrP stemte mot.
Hilde Kraggerud er skuffa over at andre parti ikkje følgjer opp.
– Både Ap og KrF vil byggja ut i fullt tempo på Tjøtta. Der hadde dei sjanse til å visa i praksis kva dei står for, seier Sp-kandidaten.