Til forsiden
Du er her: Sp der du bor  / Telemark  / Notodden  / Kultur 

Kultursti i Heddal

 


 

Notodden Senterparti satser på kultur og kulturlandskap, noe dette utdraget fra media viser.

 

KULTURSTI: I Heddal samarbeider mange om å få til ein kultursti med mykje attåt fortel Svein Sem, Kjersti Versto Roheim, Berit Lindheim, Anne Margit Tveiten, Randi Stivi Retterholt, Torgeir Retterholt, Audun Simones, Bente Clausen, Peder og Julie Cloumann som var til stades tysdag ettermiddag.
 
Prosjektleiar Svein Sem, Berit Lindheim og Kjersti Versto Roheim fortel at stien kan gå vidare om kyrkjegarden, prestegardstunet, låven med Café Olea og utstillingane og låvekyrkja, vidare om kornmagasinet, på nedsida av prestegardsbygningen og menighetshuset, vidare på nedsida av Svintrudberget, sjølve berget og ikkje minst bygdetunet med alt det har å by på.

–Me vil at kulturstien med dei mange stoppestader og utsiktspunkt skal gjere dei fastbuande - både vaksne og barn - og dei mange turistane som finn vegen hit, betre kjent i denne delen av bygda og med historia og kulturarven vår. Og det skal dei bli gjennom informasjon og opplevingar seier Sem, Lindheim og Versto Roheim. Dei tre presiserer at dette så langt berre er eit forprosjektet, og at styringsgruppa har tilsett to prosjektleiarar som byrjar det konkrete arbeidet 2. januar. Dei to skal dele på ein 50 prosent stilling som i fyrste omgang er oppretta for eit år

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut