Til forsiden
Du er her: Politikk  / Stortingsvalgprogram 

Kulturpolitikk

 


Snarveier:

12.1. Frivillig arbeid
12.2. Lokale, regionale og nasjonale institusjonar og kulturskolar
12.3. Idrett
12.4. Kultur og næringsutvikling
12.5. Kultur gjev helse
12.6. Kulturbygg og møteplassar
12.7. Språk, identitet og tilhøyrsel
12.8. Mediet
12.9. Biletkunst, kunsthandverk og design
12.10. Kulturminne og kulturminnevern
12.11. Bibliotek, museum og arkiv
12.12. Film

Mål

Kultur gjev livskraft til både menneske og samfunn. Kulturpolitikken skal gjenspegle at kultur har ein eigenverdi, ut over kulturen sine førebyggjande, bevarande og utviklande funksjonar. Kulturen skal vere bakteppet som tilfører entusiasme, skapartrong og livskvalitet. Senterpartiet vil setje av minst 1 prosent av statsbudsjettet til kulturformål.  Senterpartiet vil ta vare på og føre vidare kulturarven. Skapande menneske som formidlar og foredlar kunst og kultur skal støttast gjennom offentlege midlar. Både profesjonelle og amatørar er viktige for å få eit mangfaldig kulturliv. Kulturen er for alle og skal ikkje overlatast til marknaden aleine for å sikre kvalitet, nyskaping og mangfald.   Senterpartiet vil ha eit mangfald av kulturelle arenaer og kunstnarleg nyskaping, både nasjonalt og lokalt. Dei nasjonale kulturinstitusjonane skal fremje kunnskap og vere nasjonale formidlarar. Mangfaldet av lokale og regionale institusjonar skal sikre at alle har høve til å oppleve kultur i nærmiljøet sitt.   

12.1.  Frivillig arbeid

Dugnadsånd er drivkrafta bak frivillig innsats. Frivillige organisasjonar skaper arenaer for tilhøyrsel og samhald i nærmiljøet. Deltaking i frivillige lag og organisasjonar gjev verdifulle røynsler som byggjer demokrati og skaper likeverdige borgarar. 58 prosent av den vaksne befolkninga seier at dei deltek i frivillig arbeid, 84 prosent er medlem i ein eller fleire organisasjonar. Til saman har organisasjonane 10 millionar medlemer. Frivillig sektor medverkar med frivillig arbeidsinnsats tilsvarande langt over 100 000 årsverk. 

Frivillige organisasjonar er viktige partnerar for å fremje lokal kultur og tradisjon, i folkehelsearbeid og næringsutvikling. Senterpartiet meiner at kommunane må bruke dei frivillige enda meir i det lokale arbeidet og gjerne ha frivilligråd underlagt kommunestyret med representasjon frå frivillig verksemd i lokalsamfunnet. 

Frivillig sektor spenner over eit vidt spekter av aktivitetar, men vi må tilpasse verkemidla til nye former for frivillig aktivitet etter kvart som samfunnet utviklar seg. Frivillige organisasjonar som ikkje er ordinære medlemsorganisasjonar og dermed ikkje opererer med medlemstal, har vanskar med å få tilskot. Frivillige organisasjonar bruker mykje tid knytt til tilskotssøking og rapportering gjennom eit tungvint byråkratisk system. Senterpartiet vil leggje til rette for at organisasjonane kan bruke mest mogeleg av tida på kjerneaktiviteten sin og ikkje på søknadsskriving.  Senterpartiet vil gje frivillig sektor fullt fritak for moms på kjøp av varer og tenester. Etter oppfatninga vår vil dette vere det beste verkemiddelet for å leggje til rette for auka aktivitet i frivillige organisasjonar over heile landet.

Senterpartiet vil: 

  • Innføre full momsrefusjon av vare- og tenestemoms for frivillige organisasjonar knytt til Frivilligregisteret. 
  • Gje mest mogeleg av den offentlege stønaden til frivillige organisasjonar gjennom grunnstøtte eller frie driftsmiddel.
  • Gjennomgå tilskotssystemet, for å tilføre nye former for frivillig verksemd offentlege stønad, redusere byråkratiet og gjere all samhandling med det offentlege nettbasert. 
  • Auke overføringar frå tippemidlar til kultur og frivillig verksemd utan at slik auke fører til reduksjon av annan statleg stønad.
  • Sikre at overgangsordninga ved bortfall av speleautomatinntekter får ein permanent karakter og at det blir sett av nok midlar til å kompensere for inntektstapet som organisasjonane har fått.
  • Styrkje lågterskelordninga Frifond økonomisk og når det gjeld kapasitet slik at ho kan nå enda fleire og breie grupper av barn og unge i heile landet. 
  • Arbeid for at det blir etablert fleire frivilligsentralar, åtte av og basert på samarbeid mellom organisasjonar.
  • At festivalar og større arrangement der inntekta går til frivillig arbeid og frivillige organisasjonar får refunderte kostnader til politivakthald.
  • Utvide instrumentfondet.
  • Leggje til rette for at kor og korps skal kunne ha dirigentar og instruktørar tilsette i den lokale kulturskulen.

12.2.  Lokale, regionale og nasjonale institusjonar og kulturskular

Senterpartiet vil ha eit mangfald av kulturelle arenaer og kunstnarleg nyskaping, både nasjonalt og lokalt. Dei nasjonale kulturinstitusjonane, inkludert Riksteatret, Rikskonsertane og Riksutstillingar, skal saman med universitetsmusea sørgje for bevaring, nyskaping og formidling av kultur og kunst i brei forstand til alle grupper i heile landet. Regionale kulturinstitusjonar og kulturinitiativ er med på å utvikle eit breit kulturtilbod i Noreg.  

Senterpartiet vil at kulturskulen skal vere eit lågterskeltilbod for alle barn og unge, og styrkje samarbeidet mellom desse og andre lokale, regionale og nasjonale kulturinstitusjonar. Kulturskulane er viktige kompetansemiljø og for mange kommunar vil denne kompetansen vere ein føresetnad for amatørverksemd og som grunnlag for kultur som ein del av næringsutviklinga. Samtidig må dei høgare kunst- og kulturutdanningane på regionalt og nasjonalt nivå styrkjast, og samarbeidet med internasjonale krefter aukast.

Senterpartiet vil: 

  • Setje i gong/gjennomføre "Kulturskulelyftet" ved ein fireårig opptrappingsplan for kulturskulane for å nå målet om at minst 30 prosent av alle born skal få tilbod om plass.
  • Forbetre stønadordningane for utbetring og bygging av lokale fleirbruksbygg og regionale kulturbygg. 
  • Auke stønaden til dei regionale kulturinstitusjonane, og stille krav til formidlingsansvar i regionen, til utveksling av kunstverk mellom regionane og med dei nasjonale institusjonane, og til samarbeid med frie, sceniske grupper. 
  • Auke samarbeidet mellom regionale institusjonar for å sikre formidlingsaktiviteten og at det blir fleire godkjente scener og visingsstader.
  • Auke utvekslinga mellom norske og utanlandske institusjonar for høgare utdanning innan kunst og kultur.
  • Sikre dei profesjonelle orkestera og korpsa økonomisk, samtidig som det blir stilt krav til formidlingsansvar i regionen.
  • Auke festivalstønaden.
  • Byggje opp kulturkompetansen på dei norske ambassadane.
  • Auke stønaden til den nasjonale scena for joik, parallelt med krav om nasjonal formidling av denne samiske kulturforma. 

12.3.  Idrett 

Idrettsnasjonen Noreg skal satse både på topp- og breiddeidrett. Breiddeidretten skaper grunnlag for toppidretten – toppidrett på høgt nivå stimulerer til meir breiddeidrett. Lagarbeidet, dugnadsanden og den frivillige innsatsen som blir lagde ned i idrettslag landet over, skal ha gode rammevilkår. Ein god idrettspolitikk med ei fysisk aktiv befolkning vil ha positiv effekt på helse og trivsel. 

Senterpartiet vil: 

  • Sikre gode stønadordningar for bygging av idrettsanlegg for breidde- og konkurranseidrett tilpassa born, ungdom og vaksne.
  • Auke stønaden til nærmiljøanlegg.
  • Sikre også uavhengige grupper som driv med idrett, og utøvarar av idrettar som er nye i Noreg, offentleg stønad til nærmiljøaktivitet. 
  • Gjennom målretta stønadordningar gjere idretten enda betre i stand til å fungere som integrasjonsfaktor for minoritetar. 
  • Arbeide for at det blir sett av av meir pengar til anti-dopingarbeid nasjonalt og internasjonalt. 

12.4.  Kultur og næringsutvikling

Kultur representerer eit stort uutnytta potensial for lokal verdiskaping. Kulturopplevingar kan inngå i lokale eller regionale reiselivspakkar, stimulere innovasjonsevne i bedrifter og skape ringverknader for tilgrensande næringar. Samtidig kan næringslivet medverke til å auke medvitet til kulturinstitusjonane om eigne inntektsalternativ.  Senterpartiet meiner at finansiering av norsk kulturliv framleis skal vere eit offentleg hovudansvar med fagleg styrte kvalitetskriterium og politisk styrte prioriteringar. Samtidig må næringslivet i langt større grad stimulerast gjennom skatteordningar til å satse på kunst og kultur, og til å ta i bruk kulturlivet i næringsutvikling. Offentlege kulturinstitusjonar må i langt større grad samarbeide med frivillige og private aktørar, samtidig som den faglege og uavhengige styringa av desse institusjonane og prioriteringane deira må stå fast. 

Tradisjonelt har samarbeidet mellom kultur og næring omfatta design- og produktutvikling, marknadsføring og organisasjonsutvikling. I dag veks det fram nye behov for samarbeid knytte til merkevarebygging, nyskaping, omstilling og innovasjon. Eit slikt samarbeid opnar høve for at kreative personar og lokalsamfunn kan realisere ulike typar prosjekt og tiltak som kan medverke til kulturelt og næringsmessig mangfald. Fleire finansieringskjelder og former for finansiering vil på sikt medverke til å skape større mangfald og at fleire prosjekt og tiltak kan realiserast.

Senterpartiet vil: 

  • Samle stønadordningane for rådgjeving, nyskaping og røynsleinnhenting på området kultur og næring i einingar på fylkesnivået, auke rammene og gjennomgå regelverket slik at fleire kan få støtte inkludert ikkje-kommersielle aktørar.
  • At stønadordningar på området kultur og næring stimulerer til å markere og marknadsføre lokalt og regionalt særpreg, tradisjon og historie. 
  • Gje Innovasjon Noreg som sentral og koordinerande instans større tildelingsrammer til fordeling innanfor kultur- og opplevingsbransjen.
  • Forbetre skattereglane for skattefrådrag for bedrifter som støttar kulturtiltak.
  • Ta initiativ til å forenkle og samordne noverande offentlege verkemiddel og tilskotsordningar for å gje fleire lokale prosjekt og aktørar høve til stønad. 

12.5.  Kultur gjev helse

Deltaking i kulturlivet gjev betre sjølvopplevd helse, målbare kroppslege effektar og lengre levetid. Helse kan fremjast gjennom kulturpolitiske tiltak. Det frivilligbaserte kulturlivet er ofte sentrale lokale samarbeidspartnarar i arbeidet for å utvikle gode lokale kultur- og helseaktivitetar. Det breie aktivitetsspekteret innan idrett og friluftsliv, musikk, dans og teater, folkeopplysning og humanitært arbeid gjev i tillegg til eigenverdien, auka livskvalitet og betre helsa for deltakarane. Dette er godt dokumentert gjennom forsking og frå blant anna  arbeidet til Na-Ku-Hel (natur-kultur-helse-nettverket). Både for å fremje folkehelsa og for å redusere auken av behandlingskrevjande sjukdom, er det viktig å satse på kultur og frivillig innsats i regional og lokal folkehelsepolitikk.

Senterpartiet vil: 

  • At kultur og fritidstiltak skal vere eit viktig satsingsområde i psykiatrien.
  • Styrkje ordningar for tverrfagleg samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgstenesta blant  anna  gjennom "Den kulturelle spaserstokken".
  • Arbeide for at kulturtiltak blir satsingsområde i alle offentlege folkehelseplanar på fylkes- og kommunenivå. 
  • Stimulere til spreiing av natur-kultur-helse-nettverk.
  • At det lokale tverrfaglege og tverretatlege samarbeidet mellom kultur-, skule-, helse- og sosialsektoren også skal omfatte natur-, kultur- og helsetilbod.
  • Sikre eldre og andre med nedsett funksjonsevne transport- og følgjeordningar for å kunne delta på kulturtilbod i nærmiljøet sitt.
  • Gje eldre og personar med nedsett funksjonsevne i institusjon høve til å oppleve kunst- og kulturuttrykk.
  • Ta initiativ til å etablere ein nasjonal idébank der gode kultur- og helsetiltak kan presenterast.

12.6.  Kulturbygg og møteplassar

Eit vitalt lag- og foreiningsliv krev eigna lokale og samlingsarenaer. Gode lokale møteplassar gjev grunnlag for tilhøyrsel og attraktivitet prega av dugnadsånd og trivsel. Offentlege bygg og fellesarenaer bør i størst mogeleg grad vere tilgjengelege på ikkje-kommersielle vilkår for frivillige lag og lokale kunst- og kulturtiltak i lokalmiljøet. Offentleg finansierte bygg må planleggjast og byggjast slik at dei kan brukast av ulike lag og grupper til aktivitetar og arrangement. Senterpartiet vil understreke behovet for bygging av nye større kulturhus i mange kommunar/bydelar. Staten må vere med på å sikre finansieringa av desse.

Senterpartiet vil: 

  • Etablere ei enkel og oversiktleg stønadordning for bygging og utbetring av lokale og regionale fleirbruksbygg og kulturbygg.
  • Auke stønaden til opprustning av eksisterande kulturbygg og nybygg. 
  • Arbeide for at nye lokale blir bygde i samarbeid med lokale organisasjonar og brukarar, og så langt mogeleg vere samlokalisert med til dømes skule, eldresenter, bibliotek og idrettshallar.

12.7.   Språk, identitet og tilhøyrsel

Å kjenne tilhøyrsel til eigen kultur er ein føresetnad for å forstå andre kulturar og møte dei på ein open og inkluderande måte. Historisk, kulturelt og språkleg er vi ein del av eit sterkt nordisk fellesskap, samtidig som vi i nyare tid har fått eit mangfald av språk og kulturar innanlands. Senterpartiet vil sikre alle individ og alle grupper likt høve til å delta i utforminga av den norske kulturarven i framtida.

Senterpartiet vil:

  • La alle skuleelevar møte både nynorsk og bokmål og dei norske minoritetsspråka tidleg i barneskulen, og i ei moderne form, for å førebyggje fordomar og vise til dømes nynorsk og samisk som moderne bruksspråk. Oppmode og hjelpe elevane til å bruke sitt eige talemål.
  • Gjere det mogeleg å velje fordjuping i norsk og nordisk i vidaregåande skule. 
  • Innføre stipendordningar for omsetjarar som vel å bruke nynorsk som målform.
  • Gje stønad til utvikling av nynorsk digitalt leksikon/kunnskapsbase.
  • Gjere samisk tilgjengeleg som B- og C-språk for alle vidaregåande elevar gjennom moderne teknologi.
  • Gjere store minoritetsspråk i Noreg, som urdu, arabisk og tyrkisk, tilgjengeleg som B- og C-språk på fleire vidaregåande skular.  
  • Handheve konsesjonskrava til allmennkringkastarane strengare på dei språklege områda, og gje stønad til teksting av DVD-filmar på nynorsk og samisk
  • Auke stønaden til Språkrådet og sikre at Norsk Ordbok blir fullførd innan 2014. 
  • Arbeide for at alle kommunar og bydelar etablerer lokale språkbankar for ord, uttrykk og stadnamn.

12.8.  Mediet

Noreg er landet med dei mange lokalavisene, og vi har i mange tiår vore det mest avislesande folket i verda. Avisfloraen og allmennkringkastarane har spela ei viktig folkeopplysande og identitetsbyggjande rolle og er avgjerande for bevaring og utvikling av det norske språket. Senterpartiet vil at fellesskapet stadig skal ta eit sterkt ansvar for mangfaldet i mediesektoren gjennom pressestøtta og eit sterkt NRK. 

Senterpartiet vil:

  • Auke stønaden til lokalavisene og dei meiningsberande riksavisene.
  • Ta vare på NRK som statleg stifting og som reklamefri kanal. 
  • Behalde tv-lisensen som finansiering av NRK.
  • Sikre at lisensfinansierte tv-kanalar når ut til alle.
  • Ikkje tillate politisk reklame i fjernsyn og radio. 
  • Styrkje programsamarbeidet mellom NRK og dei andre nordiske allmennkringkastarane økonomisk, slik at norske tv-sjåarar får sjå fleire nordiske program. 
  • Arbeide for konsesjonskrav som gjer dei nordiske allmennkringkastarane tilgjengelege i Noreg.
  • Arbeide for auka bruk av nynorsk i riksdekkjande medium.

12.9.  Biletkunst, kunsthandverk og design

Senterpartiet meiner at utsmykking av det offentlege rommet, saman med auka satsing på kvalitet i arkitektur og design er viktig. God utforming av stader, mangfaldig arkitektur og sterkt innslag av kunst og kultur i det offentlege rommet skal prege det fysiske miljøet i norske lokalsamfunn. Senterpartiet ønskjer å vurdere løysingar som i sterkare grad ansvarleggjer lokale og regionale satsingar på produksjon av kunst, samtidig som statleg finansiering blir sikra.

Senterpartiet vil: 

  • At 1 prosent av kostnadene til offentlege nybygg blir sett av av til utsmykking.
  • Arbeide systematisk og målretta gjennom ei eiga satsing i Kultur- og kyrkjedepartementet for at fleire internasjonale festivalar, utstillingar og konsertar blir lagde til Noreg. 
  • Gjennomgå statlege stønadordningar for utøvande/skapande kunstnarar og sikre dei gode arbeidsvilkår.
  • Gjere kommunane økonomisk i stand til å la fleire møte meir kunst i det offentlege rommet og avgrense kommersialiseringa frå skjemmande reklame. 

12.10. Kulturminne og kulturminnevern 

 Kulturminna er ei eineståande kjelde til innsikt, identitet, oppleving og næring. Vi forvaltar dei materielle spora etter fortida på vegner av komande generasjonar, og det er derfor viktig at generasjonen vår ikkje forringar kulturarven.   Eit kjernepunkt i kulturminnepolitikken er skatte- og avgiftsinsentiv. Senterpartiet vil bruke skatte- og avgiftspolitikken aktivt i staden for å satse på tilskot for å ta vare på kulturminna. Noreg treng ordningar som stimulerer dei "freda og bevaringsregulerte eigarane" til jamt vedlikehald, slik at bygningane ikkje forfell og behovet for skippertak blir mindre. Dette blir gjort best gjennom skattesystemet. I dag kjem tilskota fyrst når forfallet har kome langt. Det er heilt naudsynt å premiere eigarane for at dei gjennomfører ordinært vedlikehald på bygningane sine. 

Senterpartiet vil: 

  • Auke stønaden til frivillige organisasjonar innan kulturminnevern.
  • At staten tek eit større ansvar for vedlikehald av kyrkjebygningar, og tek heilt over vedlikehaldsansvaret for mellomalderkyrkjene. 
  • At staten skal overta det økonomiske ansvaret for registrering, utgraving og sikring av fornminne.
  • Arbeide for skatte- og avgiftslettar for private eigarar av freda og bevaringsregulerte eigedomar.
  • Auke Kulturminnefondets grunnkapital til 2,1 milliardar kronar, slik at avkastninga aukar til ca. 100 millionar kronar årleg. 
  • Gå inn for at kulturhistorisk viktige eigedomar i staten sitt eige ikkje blir selt som investeringsobjekt for private, men blir behalde og brukt til kulturformål i samarbeid med lokale interesser. 
  • At alle kommunar utarbeider kulturminneplan og innføre eit statleg tilskot for dette.
  • Sikre digitalisering av NRK-arkiva økonomisk, og at denne fellesnorske kulturarven blir fritt tilgjengeleg for alle. 
  • Styrkje fartyvernet. 
  • Auke løyvingane til Norsk lokalhistorisk institutt, slik at enda fleire kommunar kan få utarbeidd historiefagleg gode by- og bygdebøker.
  • Gå inn for at UNESCO-budsjettet blir utvida til også å omfatte vedlikehald av verdsarvobjekt, med særleg vekt på verdsarv i fattige land. 
  • Sørgje for at Miljøverndepartementet skiftar namn til Miljø- og kulturminnedepartementet fordi kulturminna er ein viktig del av Miljøverndepartementets ansvarsområde.

12.11.  Bibliotek, museum og arkiv

 Bibliotek, arkiv og museum er kjelder til kunnskap og opplevingar, historie og ny kultur. Det er hjørnesteinar i samfunnet vårt som forvaltarar av uerstattelege fellesverdiar, og medverkar til å fremje og formidle fellesskap, mangfald, kunnskap, demokrati og ytringsfridom. Samtidig fungerer desse institusjonane som møteplassar for nasjon, region og lokalsamfunn. Senterpartiet vil byggje ut tilboda, gjere dei tilgjengelege for fleire og sikre gratis tilgang til alle i enda større grad enn i dag.

Senterpartiet vil:  

  • Sikre biblioteka som gratis tilbod. 
  • Sikre økonomisk oppfølging av Bibliotekrefom 2014.
  • Arbeide for å sikre fagpersonell ved dei lokale biblioteka.
  • Opprette "Bibliotek i butikk" med jamleg utskifting av utlånsmaterialet i bygder og bydelsutkantar, der det er langt til bibliotek og ikkje bokbusstilbod. 
  • Opprette ei innkjøpsordning for musikk, film og dataspel knytt til folkebiblioteka. Betre tilbod av dette i alle lokalsamfunn vil også ha ein utjamnande effekt mellom ulike sosiale og geografiske grupper.
  • Støtte tiltak for å fremje leselyst hos barn, bl.a. ved å betre skulebibliotektilboda, og betre samarbeidet mellom skule og dei kommunale biblioteka og styrkje dei nasjonale leseprosjekta.
  • Sikre kommunane økonomi til å kjøpe inn betre IKT-utstyr og gje god breibandstilgang ved alle bibliotek i landet.
  • Auke løyvingane til sikring av samlingane til arkiva, biblioteka og musea i landet.
  • Gje arkiv, bibliotek og museum auka driftsmidlar og dermed større sjølvstende i prosjektarbeid. 
  • Sikre dei nasjonale institusjonane auka ressursar til lokalt og regionalt formidlingsarbeid.
  • Styrkje formidlingsarbeidet til Riksarkivet og statsarkiva og auke løyvingane til digitalisering og tilgjengeleggjering av historisk kjeldemateriale. 
  • Tilføre fleire bøker til den kulturelle skulesekken med vektlegging av litteratur på den målforma skulen nyttar.
  • Auke stønad til Norsk lyd- og blindeskriftbibliotek for å sikre at ei større breidde innan nyare og eldre litteratur blir gjord tilgjengeleg for synshemma.
  • Utvide innkjøpsordninga for faglitteratur.
  • Opprette statlege stipend for omsetjarar av faglitteratur.  
  • Sikre lik og rik tilgang til litteratur over heile landet gjennom å etablere ei varig stønadsordning for distriktsbokhandelen gjennom Merkur-bok.
  • At e-bøker blir likestilte med trykte bøker.
  • At opphavsretten blir sikra framover gjennom ei oppdatert åndsverklovgiving tilpassa nye plattformer og kanalar for formidling av kunst og kultur.
  • Arbeide internasjonalt for at det blir oppretta eit bokfond i regi av FN. Fondet skal sikre bibliotek med innhald som ledd i demokratiseringsprosessar i den tredje verda. 
  • Auke driftsstønaden til Norsk Folkemuseum slik at samlingane til museet blir forsvarleg konserverte og tilgjengeleg for eit nasjonalt og internasjonalt publikum.
  • Hindre nedlegging og sentralisering av dei konsoliderte musea ved å sikre dei naudsynte drifts- og investeringsmidlar.

12.12. Film

Senterpartiet vil arbeide for å halde fram med den positive utviklinga i norsk film. Vi vil halde fram med å styrkje filmfonda og medverke til at meir norsk film blir produsert. Gjennom kinolovgjevinga som gjev kommunane eit hovudansvar i kinopolitikken, har Noreg utvikla eit breiare kinotilbod både kvalitativt og kvantitativt enn mange andre land. Senterpartiet vil framleis arbeide for at kommunane ser kinoen som ein viktig kulturinstitusjon og vil også medverke til at Bygdekinoen blir oppretthalden, for å gje tilbod på mindre stader som ikkje har kommersielt grunnlag for eigen kino.

Senterpartiet vil: 

  • Gje økonomisk tilskot til digitalisering av kinoar i heile landet gjennom aktiv bruk av avgiftsmidlar frå Film- og kinofondet.
  • Opprette fylkeskommunale lågterskelordningar for amatørgrupper som jobbar med film.
  • Styrkje Frifond økonomisk som stønadordning for barn og unge som jobbar med film og fjernsyn. 
  • Gje økonomisk stønad til nynorsk og samisk teksting av filmar og DVD-filmar.
  • Sikre digitalisering og tilgjenge på DVD  for publikum på alle norske filmar produsert etter 1945, gjennom å styrkje Norsk filminstitutt økonomisk. 

Til toppen