Til forsiden


Saker vi vil jobbe for 2009-2013

[11.08.09 14:38] Desse sakane vil Møre og Romsdal Senterparti jobbe for i regjering 2009 - 2013.


Eit grønare næringsliv - der du bur
Senterpartiet vil ha eit mangfaldig og
berekraftig næringsliv i alle delar av fylket og
landet. Vi ønskjer at det skal vera enkelt å starte
og drive ei bedrift, fordi vi veit dette skapar
fleire og tryggare arbeidsplassar. Vi vil støtte
opp om ny miljøvenleg teknologi og
produksjon.

Senterpartiet vil:
• ha småkraft, vindkraft og bioenergi som
distriktsnæringar
• ha ei berekraftig hausting av fiskeressursane
med ein variert fiskeflåte
• skjerme sårbare gyteområde mot
oljeverksemd, t.d. Møreblokkene
• sikre eit livskraftig landbruk og trygg mat
med gode rammevilkår og målretta
støtteordningar
• styrke reiselivsnæringa
• forenkle regelverk og redusere skjemaveldet
• fjerne formueskatt på arbeidande kapital
• innføre like sosiale rettar for arbeidstakarar
og sjølvstendig næringsdrivande

God samferdsel – der du bur
Senterpartiet veit at trygge vegar, gang- og
sykkelvegar og eit godt ferje- og kollektivtilbod
er viktig for at folk skal trivast. Lokalsamfunn
og næringsliv er avhengige av gode
kommunikasjonar.

Senterpartiet vil:
• satse vidare på betre vegar og viktige
ferjeavløysingsprosjekt
• at alle husstandar og bedrifter skal ha
fibertilkobling
• byggje langt fleire gang- og sykkelvegar
• satse vidare på rassikring
• sikre nok midlar til fylka slik at dei kan ruste
opp og vidareutvikle eit godt fylkesvegnett
• byggje breiare og trygge vegar – alle
riksvegar skal vera breie nok til å ha gul
midtstripe
• realisere Stad skipstunnel snarast råd
• auke vrakpanten til 20 000 kroner og gi
opptil 40 000 kroner ved bytte til miljøbil

God skule og omsorg – der du bur
Senterpartiet ønskjer at ungar skal få utvikle dei
mangfaldige evnene sine og bli trygge som
vaksne. Derfor må vi satse meir på skulen og
gje eit tilbod som stimulerer både teoretiske,
praktiske og kreative evner. Sjuke og eldre skal
få gode helse- og omsorgstenester av god
kvalitet til rett tid i heimen eller så nær heimen
som mogleg.

Senterpartiet vil:
• avgrense kontantstøtta til eittåringane, men
auke den monaleg for å gje foreldre eit meir
reelt val om å vera heime frå ungen er 1 til 2 år
• ha fleire lærarar i skulen, og særleg i 1.-4. trinn
for å sikre at ungane lærer å lesa og rekne
• ikkje ha heildagsskule, men ein heilskapleg
skuledag med rom for varierte læresituasjonar
og fysisk utfalding
• leggje til rette for meir praktisk undervisning
og kreative fag på ungdomstrinnet
• sikre tilbod om leksehjelp i
skulefritidsordninga (SFO)
• utvikle eit desentralisert utdanningstilbod som
gjer det mogleg for fleire å ta utdanning
heime
• innføre skattefrådrag for tilpassingar i eigen
bustad som gjer at eldre og/eller sjuke kan
bu heime lenger
• setje førebygging i høgsetet
• auke talet på årsverk i helse-, pleie- og
omsorgssektoren
• sikre at kommunane får tilført fleire legar/
sjukepleiarar og at samhandlingsreformen blir
gjennomført på ein god måte

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut