|
|
[09.08.10 15:09] Senterpartileiinga dreg onsdag 11. august til Hardanger for å møte partifolk, lokale folkevalde og interesseorganisasjonar.
Det har den siste tida vore sterke reaksjonar, både lokalt og nasjonalt, etter at vedtaket om kraftlina mellom Sima og Samnanger vart fatta. Me har stor respekt for reaksjonane, og ynskjer å møte dei som vert påverka av vedtaket slik at me kan ha ein direkte dialog. Difor dreg eg og Olje- og energiminister Terje Riis-Johansen til Hardanger på onsdag seier partileiar Liv Signe Navarsete.
Etter møter med lokale partifellar vil dagen bli avrunda med eit orienteringsmøte i Øystese der eit utval lokale folkevalde og lokale interesseorganisasjonar er invitert. På dette møtet vil og Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, statsråd på Statsministarens kontor, og generalsekretæren i Senterpartiet Knut M. Olsen delta.
Møter:
1. Lukka medlemsmøte for Senterpartimedlemmer i Granvin, Ulvik og Kvam onsdag 11. august kl 13.30 i Granvin.
2. Orienteringsmøte om kraftlinesaka i Hardanger
- Tid: Onsdag 11. august kl 17.00
- Stad: Hardangerfjord Hotell i Øystese
- Møtet er ope for media