Til forsiden
Du er her: Politikk  / Uttalelser  / Landsmøtet 2011 


Vedtatt resolusjon frå Senterpartiets landsmøte i Stjørdal 20. mars 2011:

Auka matvaretryggleik føreset eit inntektsløft

[27.06.11 13:17] Nesten ein milliard menneske svelt. Samstundes aukar folketalet i verda, og klimaendringane gjer det vanskelegare å produsera mat. Vi i Noreg har ikkje berre ein rett, men òg ei plikt, til å utnytta arealressursane våre for å styrkja matproduksjonen i verda.


Sjølvforsyningsgraden vår er under 50 prosent som følgje av stor import av mat og korn som fôr til husdyra våre. Denne sjølvforsyningsgraden må aukast.  Det må skje gjennom større areal i bruk og auka fruktbarheit i jorda. Eit sterkare importvern som brukar den WTO-godkjente tollsatsen som gjev det høgaste tollbeløp ved innførsel, legg grunnlag for ein nasjonal jordbrukspolitikk der vi kan få ein auke av marknadsprisane for plante- og husdyrprodukt. Målet må vere at importen av korn blir redusert så mykje som mogleg. Den beste matjorda må brukast til korn og grønnsaker, og vi må satsa endå sterkare på beite- og utmarksressursane. Det siste krev ein rovdyrpolitikk med færre rovdyr, slik at den økologiske og dyrevenlege beitebruken i utmark blir gjeve auka respekt. For å sikra den nasjonale matvaretryggleiken må eittårs beredskapslager for korn atterreisast.

Jordbruksarbeid treng eit inntektsløft slik at det blir attraktivt for ungdom å utdanna seg og gå inn i næringa. Inntektsgapet mellom arbeid i jordbruk og andre grupper må tettast. Senterpartiets landsmøte krev at jordbruksoppgjeret i år og landbruksmeldinga blir starten på eit inntektsløft i tillegg til kronemessig lik utvikling. For å sikra dette utan ein framtidig øydeleggjande overproduksjon med tilhøyrande inntektsfall, er det heilt avgjerande at garden sine eigne areal og arbeidskraftressursar blir prioritert. Den løpande driftsøkonomien må leggja grunnlaget for nødvendige investeringar som trengs til kontinuerleg forbetring av driftsapparatet. Statleg investeringsstøtte til nydyrking, grøfting og driftsbygningar må bli fordelt slik at alle bruksgrupper i ein variert bruksstruktur blir ivareteke. Kvoteordninga på mjølk må vidareførast.
Den familieeigde jordbruksproduksjonen har store samfunnsøkonomiske fordeler fordi han stimulerer til meir langsiktig forvaltartankegang kombinert med ein nødvendig oppbygging av eigenkapital. Senterpartiet vil vektleggja det familieeigde jordbruket sterkare ved at slik produksjon på heil- og deltid blir gjeve reelt framtidshåp. Dette er avgjerande i eit land med variert bruksstruktur og svært ulike klimatiske og topografiske forhold. Denne desentraliserte produksjonen fordelt på gardsbruk av ulik storleik må tilpassast naturressursgrunnlaget som varierer mykje mellom ulike område i landet.

I tillegg til matvareproduksjon må det leggjast til rette for inntektsmoglegheiter med grunnlag i reiseliv, omsorg og eit breitt spekter av næringar med utgangspunkt i kompetanse, areal og bygningar på garden. Denne heilskapsforståinga som byggjer på mangesysleri skal gje grunnlag for ei økonomisk, økologisk, sosial og berekraftig utvikling på våre svært ulike gardsbruk. Ei slik landbruksnæring gjev store ringverknader og er avgjerande viktig for mykje anna næringsliv.

Vi må styrkja landbruksutdanninga og den må vera relevant, attraktiv og framtidsretta. Difor må det opprettast eit nytt eittårig offentleg finansiert fagskuletilbod etter fullført vidaregåande utdanning i teori eller andre praktiske fag, saman med ei styrking av naturbruksutdanninga i vidaregåande skule. Dette må gje nødvendig kompetanse for å driva gard. Utdanninga ved UMB må opprustast kraftig i biologiske fag, slik at vi kan få naudsynt menneskeleg kapasitet på ekspertnivå for å løysa dei enorme utfordringane i framtida knytt til klima, fornybar energi og matvaretryggleik. Statlege institusjonar som står for formidling og forskingsmessig utprøving av nye driftsmetodar frå universitet til gardbrukar, må utviklast desentralisert over heile landet. I tillegg lyt vi i Noreg satsa på forsking, innovasjon og utvikling i heile matverdikjeda for å sikra auka produksjon og utvikling av nye produkt, løysingar og marknader.

Ressursane som er naudsynte for å auka matvaretryggleiken er uerstattelege og finst spreidde over heile landet. Regjeringa må setja ut i livet sterkare nasjonale tiltak for å hegna om matjorda. Auka matproduksjon føreset at den dyrka og dyrkbare jorda får eit langt sterkare vern gjennom langsiktige vernegrenser. Varig vern av matjord må heimlast i jordlova. For å hindra gjengroing av gras og kornareal, må lønsemda i bruk av jorda på de marginale areala styrkast. Den personlege bu- og driveplikta må praktiserast strengt.

Norske forbrukarar ynskjer norsk mat og er opptekne av at maten dei et er trygg. Norsk matproduksjon er i all hovudsak miljø- og ressursvenleg, og plante- og dyrehelsa er svært god. Dette er ikkje noko vi kan ta for gjeve. Vi må heile tida betra og vidareutvikla matproduksjonen for å sikra sunn og trygg mat. Det må satsast sterkare på lokalprodusert mat og økologiske produkt. Mange ynskjer å eta sunn og næringsrik kost. Dette gjev moglegheiter for auka verdiskaping og variert produksjon. Kosthald og helse blir stadig meir påakta og billegmatsyndromet kan gå på helsa laus. Difor må det opplysast om produksjonsmåten og opphavslandet til maten, kombinert med at denne kvaliteten blir jamleg kontrollert.

Vi må få ei ny maktfordeling mellom næringsmiddelindustrien og daglegvarekjedene slik at produksjonsleddet blir styrkja i høve kjedene. Kjedemakta i daglegvarebransjen kan reduserast ved at dagens kjeder blir splitta opp i fleire økonomisk, juridiske einingar med ulike eigarar. Konkurransetilsynet må få i oppdrag å gjennomføra dette. Dermed kan også gardbrukar og næringsmiddelindustri få sin rettmessige del av dei verdiane som blir skapte i matkjeda.

I ei verd med ustabil matforsyning og høge matprisar er auka nasjonal sjølvberging internasjonal solidaritet i praksis.

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut