Til forsiden


Liv Signe Navarsete til Sps landsstyre:

– Etter valet 2011 – kva med 2013 og 2015?

[21.10.11 14:18] Kommune- og fylkestingsvalet i 2011 har så langt resultert i 89 ordførarar og minst 70 varaordførarar, to fylkesordførarar og tre fylkesvaraordførarar. Så langt, så godt!


Partileiar Liv Signe Navarsete – tale til landsstyret i Senterpartiet, 21. oktober 2011 – Etter valet 2011 – kva med 2013 og 2015?

 

                                                                                                         

Sjekkast mot framføring

 

 

Gode møtelyd!

 

Kommune- og fylkestingsvalet i 2011 har så langt resultert i 89 ordførarar og minst 70 varaordførarar, to fylkesordførarar og tre fylkesvaraordførarar. Så langt, så godt!

 

Men, og det er eit men, når Senterpartiet i dag samlar seg til landsstyremøte her på Gardermoen. Bakteppe er at kommune- og fylkestingsvalet var eit historisk dårleg kommuneval for vår del.

           

6,3 prosents oppslutning ved fylkestingsvalet, og 6,7 prosents oppslutning ved kommunevalet vart fasiten. Det dårlegaste resultatet me har hatt i eit kommuneval sidan 1951.

 

Målet før valet var 100 ordførarar, me er ikkje langt unna. Me skal glede oss over at vi på mange måtar held stillinga i antall ordførarverv kring i landet. Samstundes må me gå i oss sjølve å finne ut av kvifor me fekk ein tilbakegong ved dette valet.

 

Eg ser det er fleire kommentatorar som tviheld på inntrykket av Senterpartiet som hestehandlarar når det gjeld makt og politikk. Men politiske kommentatorar har ikkje skjønt mykje av politikkens form. For det er inga tvil om at det er ein stor skilnad på om ordføraren kjem frå Framstegspartiet eller SV. Då er det, som elles i politikken, at det er i sentrum ein finn kompromissa – og ein finn dei dyktige folka.

 

«Sjå på kommunevallistene, og dei beste av bygdas folk er på Senterpartiet sine lister», sa John Dale for fleire år sidan. Og det er noko i det. Trass i det må med ta grep. Viss me skal halde fram med å miste oppslutning i tråd med årets val, er det ikkje lengje me makter å halde på lokalpolitisk makt.

 

Ein ting er kva dårleg som skjedde. Men kva var det som gjorde at me hausta større oppslutning i 120 kommunar? Senterpartiet må ta tak i suksesshistoriene i staden for å grave seg ned i det som gjekk gale. For det er i kommunane me gjekk fram løysinga ligg for oss.

 

Eg er ikkje i tvil om at Senterpartiet har ein viktig misjon i norsk politikk. Det er naudsynt med meir Sp-politikk for å få til gode lokale løysingar. Det er no arbeidet med å sikre Senterpartiet i ei ny regjeringsperiode startar. Det er no våre lokalparti startar ferda mot lokalvalet i 2015.

 

Det blir difor viktig at Senterpartiet framover makter å vere eit parti i takt med si tid. Eg ser til dømes at fleire punkt i stortingsvalprogrammet allereie er i ferd med å bli gamle synspunkt. No har programkomiteen starta arbeidet med eit nytt program, det skal vera ei brei prosess i partiet slik at medlemmane får sagt si meining.

 

Ein barrikade av gamal vanetenking og agitasjon me må bryte ned er at Senterpartiet berre er eit parti for bygdene. Vårt prinsippsyn er eit godt grunnlag å byggja på i arbeidet for framgang og trivsel så vel i bygda som i byen.

 

Denne utfordringa må me møte med å setja mykje meir inn på å klargjere at Senterpartiets grunnsyn femner omsynet til alle i samfunnet. Det er difor eg har sagt klart frå til Trygve Slagsvold Vedum som leiar av programkomiteen at me skal sjå på kva område vi særleg skal leggje vekt på i bypolitikken vår framover.

 

Vårt land er spesielt, både i høve til at vi ligg langt mot nord, har eit særeigent klima (som nå diverre endrar seg stadig raskare) og ein unik natur. Ressursane våre ligg spreidd. Nettopp difor arbeidar vi for at innbyggjarane skal ha like kår, og at vi skal ha busetjing i heile landet.

 

Våre ressursar; fisken i havet, olja på havbotn, minerala i fjella, dyrka jord og bioenergien i skogen ville aldri ha vore nytta om det ikkje var for spredt busetjing og levande lokalsamfunn. Nettopp difor vil aldri Senterpartiet byggje sin politikk på dei frie kreftene sitt spel, fordi dei aldri vil gje jamnbyrdige kår. Det frie spel vil berre vere til gangs for nokon få.

 

Klårere liner

Vi har i over seks år vore i ei regjering som har sikra vekst og velferd i heile landet. Inn imot stortingsvalet om snaue to år, er det no naudsynt for oss å vere sjølvkritiske og utålmodige.

 

Den raudgrøne regjeringa kan sjølve bli råka av det som vart ei utfordring for Bondevik II-regjeringa; nemleg at folk trøtnar av politikken som blir ført. Men i motsetnad til Bondevik II-regjeringa, så er det ikkje slik at vår grunnpolitikk går i feil retning.

 

Senterpartiet har alltid vore eit systemkritisk parti, ja – ofte har vi gått til kamp mot kontorstyre og skjemavelde. Når vi kjem til valet om to år, skal vi samstundes forsvare dei grepa som har skjedd dei siste åtte åra.

 

 

Eg meiner Senterpartiet framleis skal vere systemkritiske. Eg trur alle veljarar set pris på at Senterpartiet framover legg opp til ei politisk line som markerar oss som eit sjølvstendig sentrumsparti med klåre liner. Men som samstundes er innstilt på å innfri sjølvsagte krav som regjeringssamarbeidet krev.

 

Senterpartiet har vore partiet som har stått på for å oppretthalde balansen mellom by og bygd. Og fått tyn for det. Fordi sterke interessentar, slik som næringsliv, presse og til dels stat, har meint at dette skulle vere ei svekking av byen. Men likevel meiner eg at vi må prøve å stille distrikt, yrkesgrupper, næringar og einskildmenneske likt – både når det gjeld goder og byrder.

 

Krav til tillitsmenn

Noko av det vi ser frå valresultata rundt omkring i landet er at der vi får fram dei beste kvinner og menn i by og bygd, der går vi fram. Sjølv om vi framleis har ei overvekt av sjølvstendig næringsdrivande menn mellom 40 og 60 år på listene våre, er det fint å sjå at me får tillitsmenn frå alle yrkesgrupper og distrikt i vår organisasjon.

 

Men nedgongen ved valet i 2011 set krav til auka partiinnsats i alle deler av landet. Eg trur at noko av vår framtidsvekst kjem via ein aktiv organisasjon. Syn meg korleis lokalt apparat me har i Senterpartiet, og eg skal syne deg korleis vår politiske kraft er.

 

Eg gler meg over at me får inn mange unge, nye fjes i våre kommunestyre. Men eg er ikkje nøgd med totalen når det gjeld kvinner og ungdom i folkevalde organ. Det er ikkje berre i Senterpartiet me har ei utfordring der. Men me ser frå konstitueringa rundt omkring at det ofte blir Tordenskjolds soldater som får alle verv. Vi må prøve å få flest mulig engasjerte inn. Difor er skolering og oppmoding om aktiv deltaking eit viktig grep for oss framover. Mange sa ja til å stå på lista til Senterpartiet, ikkje alle kom inn i kommunestyre. Eg trur mange av dei ventar på å bli brukt.

 

Medlemsvekst og verving

Senterpartiet har i dag eit godt partiapparat, og det er ikkje mange kommunar me ikkje har eit lokalledd. Men vi må bli mykje betre for å vekse. Eg er glad for at eg overfor landsstyret no kan melde at me i Senterpartiet får ei gledeleg medlemsvekst i år. Ein iherdig innsats frå mange, men ikkje minst frå Senterungdommen, syner at det er mogleg å gjere noko.

 

Mellom anna vil eg trekke fram Loppa Senterungdom. I Loppa kommune gjorde Senerpartiet eit rimeleg dårleg val, og sit no att berre med ein kommunestyrerepresentant. Dei har ikkje hatt Senterungdomslag før. Før no i haust. For her har dei vore skikkeleg flinke og starta nytt lokallag. Det har i sin tur ført til at me har over 50 nye senterungdomar i Finnmark. Det lover godt for neste val.

 

Og i Sigdal, der vi har ein framifrå ordførar i Kari Ask, har Senterungdommen verva heile 70 medlemmar! Det er fantastisk og eit stort oppmuntringsbidrag til oss alle saman. Senterungdommen er i ferd med å nå målet om 2000 medlemmar. Dei har starta ei kampanje om at kvar og ein av oss skal verve eit medlem kvar. Målet er difor innan rekkevidde – og ikkje noko anna ville ha vore meir gledeleg om me nådde målet innan landsmøtet i Senterungdommen neste månad.

 

Organisasjonsgjennomgong

Me skal halde fram med å ha eit kritisk blikk på vår organisasjon. Me må mellom anna ha ein kritisk organisasjonsgjennomgong av korleis me er organisert. I Agder har ein kome fram til å ha eit felles fylkeskontor, det same syslar ein med i Oppland – som gjerne vil ha med seg hedmarkingane. Eg meiner at skal me bli eit breiare folkeparti, må me og sjå på vår organisasjon.

 

Fleire fylkeslag arrangerer no regionale arbeidslag. Eg er overtydd om at jo fleire som møtast på tvers av kommunegrenser for å snakke om politikkutvikling, jo betre er det.

 

Vi går no inn i ei aktiv årsmøtetid for våre lokallag og i februar og mars skal det vere fylkesårsmøter. Mi oppmoding er at valkomitear og andre nytter høve til å tenkje minst to år fram i tid. Kva slags folk skal vi ha med oss? Korleis skal me utvikle ein politikk som gjer at den løfter oss opp mot eit stortingsval i 2013? Og seinare ved kommune- og fylkestingsvalet i 2015?

 

Evalueringsrapporten

Vi sette ned ein evalueringskomite etter valet, leia av vårt sentralstyremedlem, Per Inge Bjerknes, som etter valet og vart fylkesvaraordførar i Østfold. Gratulerer! Per Inge får ordet etter meg, så eg vil ikkje nå gå inn på kva den førebelse rapporten syner.

 

Ein blankpussa kløver

Stortingsvalet i 2013 blir eit svært avgjerande val. Eg trur at når me kjem fram til landsmøtet i Sogn og Fjordane i april 2013, vil me oppsummere åtte års regjeringsdeltaking som vellukka.

 

Eg er overbevist om at utviklinga ville ha vore ein ganske anna om ikkje det senterpolitiske synet skulle vere medvirkande på retninga i politikken og i framtida. Senterpartiets beste varemerke er vår kløver. Når vi går mot ei ny stortingsperiode, kjenner eg på at vi no må blankpusse kløveren vår. Dei politiske løysingane må bli betre. Me må bli meir ambisiøse og setje større krav.

 

Meiningsmålingane varierer for vår del. Eg vil berre seie til dykk i landsstyret: på dei 689 dagane som står att før valet i 2013 vil det kome sju månadlege meiningsmålingar. Det  inneber til saman over 150 meiningsmålingar. Dei vil gå opp og ned. Men det er fyrst måndag 9. september 2013 som vil gje den endelege fasiten. 

 

Det er mange som kjem med utsikter til at me får eit toparti-system her til lands. Eg trur ikkje det blir slik. For partia me har her til lands er ein føresetnad for vårt folkestyre. At folk kjem saman i eitt parti er eit av dei viktigaste kjenneteikna på fridom og rettssikkerheit i ein stat. Det er gjennom partiorganisasjonen at den enkelte har moglegheit til å påverke, ved sidan av å røyste annakvart år.

 

Difor blir det slik at når me nå planlegg for valet i 2013 og 2015, er politikkutvikling, organisasjonsbyggjing og talentrekruttering det viktigaste me arbeidar med no i mellomvalåret. Me har ikkje meir enn tida og vegen; det er for mykje som står på spel om me ikkje tek det på alvor.

 

Takk for meg!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut