|
|
[21.10.11 10:47] - Senterpartiet på Stortinget vil om kort tid fremje eit forslag om å grunnlovsfeste ei nasjonal valuta, slik til dømes USA og Sveits har gjort, sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete i sin tale til landsstyret i Sp som er samla til møte på Gardermoen.
- Noreg står fritt til å velje vår eigen veg når krisa rammar. Ein nasjonal valuta har tent oss vel. Den økonomiske krisa er følgd av ei like djup politisk krise. EU-prosjektet er ramma av ei indre mistillit som både rammar den økonomiske styringa og det breiare politiske samarbeidet.Mange hadde nok ikkje venta å høyre meg stå på denne talarstolen og seie meg lei for at EU ikkje evnar å tale med ei røyst. Men det gagnar sjølvsagt ikkje Noreg at våre næraste naboar ikkje maktar å gjere jobben sin. Når avisa the Guardian kan fortelje at EU-landa ikkje finn saman i felles innlegg i FNs generalforsamling, vitnar det om ein organisasjon med enorme problem, sa Navarsete.
- Dei som ropte varsku om den globaliserte og liberaliserte finansøkonomien fekk rett. Den internasjonale økonomien hadde ikkje system på plass til å styre utviklinga og syte for balanse. No står me framfor ei alvorlig statsgjeldskrise i land som står oss nær, påpeika Navarsete.
- Noreg ligg som ei skjerma øy i eit opprørt hav av arbeidsløyse og finansiell uro. Me veit ikkje når brottsjøane også kan nå vår kyst. Me må vere budde på å reagere med tiltak om så skjer. Noreg er godt stilt, men krisa kan også ramme oss. Konkurranseutsette næringar er sårbare for ei sterkare krone og lågare etterspurnad. Kommunane har ei høg gjeldsgrad, og berre eitt prosentpoengs renteauke vil seie mellom ein og halvannan milliard i ekstra kostnader for dei, sa Senterpartileiar Liv Signe Navarsete.