Til forsiden

Liv Signe Navarsete
Liv Signe Navarsete taler på Senterpartiets landsstyremøte

- Nærmiljø Sp-sak i lokal-valkampen

[14.01.11 16:11] Senterpartiet skal reise styrking av nærmiljøet som ei politisk sak i den komande lokalvalkampen. Sp krev at alle større endringar i dei regionale helseføretaka må stoppast inntil Stortinget har handsama Nasjonal helse- og omsorgsplan, sa Sp-leiar Liv Signe Navarsete i sin tale til partiets landsstyre.


Partileder Liv Signe Navarsetes tale til landstyremøte i Senterpartiet fredag 14. januar 2011

NB! Må sjekkes mot framføring.

 

Du skal få en dag i mårå…

Godt nytt år! 

 ”Du skal få en dag i mårå, som rein og ubrukt står” song Alf Prøysen. 2011 er året me kan ”rette opp alle feila frå i går”. For fjoråret var utfordrande for oss. No er tida inne til å sjå framover. Rette ryggen, enten vi er folkevalde, tillitsvalde eller tilsette. Vere stolte over det me har oppnådd og arbeide beinhardt for nye resultat. For det skjedde mykje godt politisk handverk i fjor, som kom i skuggen av andre saker. Og Senterpartiet arbeider utålmodig og skal oppnå resultat i viktige saker i arbeidsåret me nettopp har starta på.

Partistøttesaka tok ei ny vending etter at me møttest sist. Økokrim si gransking var ikkje godt nytt. Det er med å trekke saka ytterlegare ut i tid. Samstundes er det bra å få alle fakta på bordet. Det håpar eg me får no. Så må Økokrim få gjere jobben sin i fred. Som eg sa på partileiardebatten førre torsdag; Senterpartiet er eit solid parti som har mykje ugjort i norsk politikk og vil overleve både Økokrim og andre rystelsar. Dei som ynskjer partiets undergang vil bli skuffa. Nok ein gong. 

Takk for all støtte eg har fått i 2010. Eg trur den er ærleg meint. For eg trur senterpartistar seier det dei meiner. Eg vil i alle høve i dag seie tydeleg frå om at talarstolen er open for alle meiningar. Eg håpar landstyremøtet som partiets høgaste organ mellom landsmøta kan vere den politiske verkstaden eg og leiinga ynskjer. Men då må ein ta dei kreative forslaga, debattane og brytingane som skal bringe partiet vidare inn hit. Eg ser fram til ein god og konstruktiv  debatt.

 

Me oppnår resultat.

Så til det viktige - politikken.

Mot slutten av fjoråret fekk vi i Senterpartiet gjennomslag for to saker vi har arbeidd med i fem år i regjering.

8. desember underteikna Terje Riis-Johansen og Sveriges næringsminister, som også er leiar for det svenske Centerpartiet, Maud Olofsson, ei svært viktig avtale. Avtala om grøne sertifikat inneber at vi frå neste år får ein felles marknad for el-sertifikat. Vi skal fase inn 26 Twh fornybar energi fram mot 2020. Det er like mykje energi som tre byar på Oslo-storleik brukar, eller produksjon tilsvarande totalt 43 - 44 Altakraftverk, altså 5 nye Altakraftverk kvart einaste år fram til 2020.  Det hadde ikkje skjedd utan Senterpartiet og ei raudgrøn regjering. Det tok tid, men no er me der. Og me skal setje nye mål for fornybar energi og miljøteknologi.  

Så fekk me like før jul lagt fram ei sak Senterpartiet, som det einaste av dei tre raudgrøne partia, hadde programfesta; fritak frå revisorplikt for små verksemder. Det tok fem år, ja vel, men no er resultatet der. Ei av dei viktigaste sakene for forenkling i næringslivet i nyare tid, seier næringslivet sjølve. Dei små og mellomstore bedriftene er sjølve ryggrada for arbeidsplassar landet rundt. Difor skal Senterpartiet framleis halde trykket på ytterlegare forenkling. Me skal setje djerve mål for korleis folk kan nytte sine skapande krefter over heile landet.  Til verdiskaping meir enn rapportering og skjemavelde. Difor skal me arbeide beinhardt for å ytterlegare redusere dei administrative kostnadene knytt til lover og forskrifter i åra som kjem!

 

Makt og motmakt

I 2010 reiste Senterpartiet også ein debatt om makt og motmakt. Det er eit tema me skal drøfte vidare  i 2011. Maktforholdet mellom stat og kommune er viktig i den samanheng. I Kommunal- og regionaldepartementet har eg sett i gang arbeidet med ei stortingsmelding om korleis staten styrer kommunesektoren. 

I løpet av dei siste ti åra er forvaltinga vorte meir omfattande og komplisert. Me må stille spørsmål om summen av alle gode vedtak, forskrifter, retningsliner og handlingsplanar med nye kontrollregime, rapporteringssystem også vidare er i ferd med å kvele lokaldemokratiet.   Vil det føre til avmakt? Er det muleg for den vanlege mann og kvinne å få innsyn?

Opprettinga av nye direktorat og tilsyn dei siste 20 åra har skilt fag og politikk og ført til ein meir fragmentert og mindre heilskapleg stat. Marknaden står modell for tenkinga, innbyggarar er bytta ut med brukarar, det er bestillarmodellar og konkurranse.

Ein effekt av dette er stadig  sterkare statleg styring av kommunane, handlingsrommet for heilskapleg politisk prioritering er redusert. Det endrar maktbalansen mellom stat og kommune, ikkje nødvendigvis i retning av ulike departement, men ved at makt og styring er overført frå  folkevalde organ til ulike fagorgan og føretak. Og det skaper unødvendig byråkrati og systemtvang.

Dette er viktige spørsmål for folkestyrepartiet Senterpartiet og for ei raudgrøn regjering med ynskje om heilskapleg tenking og politisk handlekraft.  

 

Nærmiljø

Dette handlar også om ulike former for makt.  Politisk makt eller byråkratimakt.  Lokal makt eller sentral makt.  Makt til å bli høyrt, men også makt til å skape utvikling, få til ting i fellesskap. Folk i små kommunar har kort veg til dei styrande, og slik gode vilkår for å få nå fram og få støtte til sine saker. Men dei langt fleste bur i større kommunar. Også her bur folk i nærmiljø i sine bydelar. Med eit velfungerande bydelsråd står innbyggarane sterkare enn der kommunen har sentralisert makta til byrådet.  Difor er nærmiljø også eit spørsmål om politikk og makt.

I dette lys skal Senterpartiet også reise styrking av nærmiljøet som ei politisk sak i den komande lokalvalkampen. 

Senterpartiet må tydelegare løfte fram våre mål for samfunnsutviklinga. Vårt mål er ei rettferdig utvikling som inkluderer alle. Difor går me inn for utbygging av breiband, bane og veg i heile landet, slik at alle skal kunne få mulegheit til å skape seg arbeid og  bygge ein heim der dei vil bu.

Me går mot tvangssamanslåing av kommunar.  Det er urett å bruke tvang i desse sakene. Det handlar om store avgjerder med konsekvensar for lokalsamfunn og menneske. Folk veit best sjølve.

Når eliten representert ved NHO, akademikarane,  juristforbundet, helsedirektøren og utdanningsdirektøren går inn for omfattande kommunesamanslåing av kommunar i Noreg er det ein allianse me kjenner att frå EU-kampane. Også i denne kampen har me eliten mot oss, men folket med oss. 

Det same kan me seie i kampen for å sikre helsetenester og sjukehus  i distrikta, oppretthalde desentraliserte skular, lensmannskontor med bemanning, styrke landbruket,  eller å satse  på næringsutvikling i heile landet. Me møter stort sett dei same motkreftene. Viss folk ser at me er tøffe og tek kampane vil me få støtte. Om folk ser at det nyttar vil dei ta viktige avgjerder; dei vil flytte heim,  bygge hus, skape seg eit arbeid, stifte familie og bygge nærmiljøet sitt. Det er målet. Levande nærmiljø i by og bygd!

 

Lokalsjukehus

For vel ein månad sidan kom busslastar med sjukehus-demonstrantar til hovudstaden. Framfor Stortinget protesterte dei mot endringar i sjukehustilbodet rundt om i landet.

Eg ser på sjukehusprotestane som har kome dei siste månadene som ei klar melding frå folk i distrikta. Dei finn seg ikkje i at deira kvardag skal bli mindre trygg og at deira helse skal vere mindre viktig enn for dei som bur i meir tettbygde strok av landet. Dei finn seg ikkje i å få ein lengre reiseveg til viktige helsetilbod. Dei trur ikkje på at det blir eit betre helsetilbod ved å leggje ned fødetilbod, gjere om fødeavdelingar til fødestover, eller ved at akuttavdelingar vert nedlagt. Folk i distrikta vert provosert når byråkratar i Oslo på sitt teoretiske vis reknar seg frem til at det er lønnsamt å legge ned tilbod og gi pasientar lang reiseveg i distrikta, medan sjukehusa ligg tett på det sentrale austlandsområdet. Ingen kunne tenke seg å foreslå at pasientar skulle køyrast frå Oslo til Hamar eller Hønefoss for å få behandling. Det er minst slike avstandar me snakkar om rundt om i landet.

Dette er ei klår melding til oss i Senterpartiet. Det er vi som må ivareta folk i distrikta sine interesser! Hadde det ikkje vore for Senterpartiet ville folk rundt i landet neppe hatt eit så godt sjukehustilbod som i dag. Og vårt oppdrag er å sikre dette tilbodet og i framtida. Det er eit oppdrag eg tek alvorleg.

Sjukehusdemonstrasjonen før jul var og ei mishagsytring over måten sjukehusa blir styrt på.  Kven er det som skal gjere dei viktige, vesentlege avgjerdene som gjeld sjukehustilbodet? Folk flest meiner dette skal vere politikarar, ikkje styra i helseføretaka, ikkje byråkratane.

Senterpartiet krev at alle større endringar i dei regionale helseføretaka må stoppast inntil Stortinget har handsama Nasjonal helse- og omsorgsplan. Planen er no ute på høyring, og skal handsamast av Stortinget våren 2011. Dersom styra i dei regionale helseføretaka gjer vesentlege endringar i sjukehustilbodet før Stortinget har behandla Nasjonal helse- og omsorgsplan vil det synleggjere for alle at Stortinget har abdisert til fordel for helseføretaka. Det har aldri vore meininga.

Mange føretak planlegg no ei omlegging av dagens lokalsjukehus til sjukehus utan akuttkirurgi. Senterpartiet er  uroa for at ei slik omlegging vil rasere den breidda i kompetansen som er styrken til lokalsjukehusa i dag, og fryktar for kvaliteten og for rekrutteringa av fagfolk til slike sjukehus. Lokalsjukehus må som eit minimum ha vaktkompetanse innan indremedisin, generell kirurgi og anestesi, og dessutan tilgong til klinisk-kjemiske og radiologiske tenester.

Ein helsepolitikk der vi gir distriktskvinner lengre vei til fødetilbod, er ikkje Senterpartiet med på. Eg har fått mange – og sterke – reaksjonar frå kvinner i distrikta på utspelet frå professor Pål Øian for nokre dagar sidan der han sa at lengre reiseveg for fødande ikkje vil føre til fleire transportfødslar og i grunnen ikkje spelar nokon stor rolle for mor og barn.

Dette er i direkte motstrid til ein forskingsrapport frå Nederland som blei publisert elektronisk  8.12.2010 i det vitskaplege tidsskriftet British Journal of Obstetrics and Gynekology. Forfattarane har undersøkt 96 % av alle fødslar i Nederland og brukt eit GPS-basert system å finne ut køyreavstanden mellom heim og sjukehus. Dei har teke med vegstandard og omrekna det i minuttar køyretid. Undersøkinga  viser ein klar samanheng mellom lengde på køyretid frå 20 minuttar og  risiko dødelegheit for mor og barn, samt uheldige hendingar generelt. Moglege andre faktorar som sosial status, by/distrikt, mor si alder, og fleire andre endra ikkje dette resultatet.

At transportfødslar er uproblematiske er det truleg berre menn i Oslo som kan seie. Ei kvar kvinne som har opplevd  fødsel under transport veit at dette er feil.

Striden om sjukehus handlar om sentralisering og sektorisert økonomiskfagleg tenking. Eg vil minne om at sentraliseringsspiralen har ingen ende. Sektortenking  gjer at det enkelte fagområde vil maksimere effektivitet innanfor sitt område. Heilskapen uteblir. Distriktsinteressene taper. Victor Norman skal ein gong ha sagt at det er ingen tvil om at for Posten, isolert sett, ville vere mest lønsamt om alle kom til Oslo kvar dag for å hente posten sin. Men ikkje for samfunnet vårt.

 

Kommunestruktur

”Om jeg hamrer eller hamres – lige fullt så skal det jamres”, seier Ibsens Peer Gynt.

Innbyggarundersøkinga som viste at folk busette i små kommunar er mest nøgde med dei kommunale tenestene må ha ergra mange, også BI. Dei har laga ein regresjonsanalyse som dei hevdar skal vere bevis for at nærleik ikkje betyr noko. Rapporten frå BI som vart offentleggjort i Aftenposten denne veka hevdar at årsaka til at folk er mest nøgd med tilbodet i små kommunar handlar om at desse kommunane har mykje betre økonomi og dermed råd til betre tenester enn større kommunar. Ikkje om identitet og korte avstandar mellom folk og dei som styrer kommunen. Her er noko som ikkje stemmer. 

Dei siste månadene er me tuta øyrene fulle om at små kommunar må slåast saman med tvang på grunn av at tenestene der har for dårleg kvalitet. Men brått er det slik at dei same kommunen har betre tenester enn dei større kommunane! Då treng vi i alle høve ikkje bekymre oss over at innbyggarane i desse kommunane lir overlast på grunn av dårlege tenester. Det var no enno godt. Økonomien – og dermed tenestene – er tvert i mot for gode! Så vart det også eit problem, for alle dei som har bestemt seg for at kommunesamanslåing, gjerne med tvang, er svaret. Kva spørsmålet var trur eg dei for lengst har gløymt.

Stikk den. Angrepa på småkommunane kjem frå alle kantar og med ulik vinkling. Men meiningseliten bør bestemme seg. Må me slå saman små  kommunar fordi dei har for dårlege tenester eller har dei for gode tenester og for god økonomi etter som folk utan tvil er mest nøgde med tenestene i desse kommunane? Eg vil slå fast følgjande: At det er gode tenester vil aldri bli eit problem for Senterpartiet!

 

Bygge landet

Distrikts- og regionalpolitikk høyrer til dei evige områda i norsk politikk. Omgrepet har kanskje ikkje alltid vore nytta, men politikarar har til alle tider vore oppteken av korleis landet skal bli halden i hevd.

For vikingane er det vel ikkje heilt presist å snakke om distriktspolitikk. Dei dreiv maktpolitikk, tidvis borgarkrig, men sjølvsagt også med eit ønske om å kontrollere ressursrike område.

Seinare har me lagt vekk sverd og brynje. På 1800-talet handla det mykje om nasjonsbygging, men nasjonen skulle bli knytt saman til ei effektiv eining. På 1900-talet skulle det moderne samfunnet finne si form. Sjølvsagt spela distrikt og regionar ei viktig rolle for korleis velferda blei skapt og fordelt, og kva parti som vaks fram i det politiske landskapet.

På 2000-talet er det ny omstilling å handtere. Verda er blitt mindre, krava til velferd er store, eit tenestesamfunn veks fram. Samstundes er nokre konfliktar dei same og ordskiftet framleis friskt og skarpt.

”Kvifor er hatet mot hovudstaden så sterkt?”, var den tabloide overskrifta på eit debattmøte som Aftenposten og NRK arrangerte i fjor haust. Sjølv har eg som statsråd erta på meg nokre rikssynsarar, med snever synskrins, fordi eg har invitert til møte om motmakt og regional utvikling.

 

Dei grunnleggjande spørsmåla

Det får så vere. Mitt ærend er ikkje å hisse til strid mellom by og bygd. Eg er ganske enkelt oppteken av dei grunnleggjande spørsmåla på dette politikkområdet:

  • Korleis forvaltar me felles ressursar til beste for heile samfunnet?
  • Kvar kjem ny verksemd?
  • Korleis blir omstilling takla og busetjing sikra?
  • Korleis skal dette landet sjå ut om nokre tiår?

Og ikkje minst: Korleis handterer me samspel og maktkamp mellom by og land?

Regjeringa har gjort mykje bra.

Me har gjeninnført differensiert arbeidsgjevaravgift, fått til eit distriktsløft der me har auka løyvingane til dei særskilte distrikts- og regionalpolitiske verkemidla med 743 millionar kroner, heile 56 prosent frå 2005 til 2011.

Me har styrkja kommuneøkonomien og satsa på innovasjon og entreprenørskap. Me har fått på plass ein konkret og ambisiøs transportplan, landbruks- og matnæringa er i siget og spennande næringsklynger veks fram nye stader. Fylkeskommunen som regional utviklingsaktør er styrka. Me har fått til ei storstilt satsing på 1. generasjon breiband og har no ambisjonar om få til enda større kapasitet på digitale løysingar over heile landet.

Noreg har utvikla seg, blitt rikare og meir moderne dei siste tiåra. Næringslivet langs kysten har omstilt seg. Landbruket er framleis viktig. Produktiviteten og konkurransekrafta er framleis god i Noreg. Mange regionar og lokalsamfunn klarar seg bra. Entreprenørskapet er minst like godt i spreiddbygde strøk som i byane. Flyttinga går begge vegar.

Den andre innfallsvinkelen fortel om utviklingstrekk som uroar.
Me ser tendens til skeivfordeling av arbeidsplassar og fødselsunderskot i for mange lokalsamfunn. Ikkje all næringsverksemd er like framtidsretta. Offentlege arbeidsplassar kan bli ei sovepute for einskilde samfunn. Me slit med å tilby dei mange nyutdanna frå høgskular og universitet passande arbeid i heile landet.

 

Innvandring og positive tendensar

Som politikar med ståstad i Distrikts-Noreg, er eg mest tiltrekt av dei positive trekka. Det er jo trua på at samfunnet kan bli betre som er grunnlaget for det politiske virket. Eg er stolt av at me har lukkast md å velje ein annen veg i distrikts- og regionalpolitikken enn Sverige.

Difor held eg fast på at me ser gode tendensar når det gjeld flyttetal og utvikling av folkesetnad. Alle regionalministrar blir målt på utviklinga på desse områda. Det er naturleg når me gjennom mange år har hatt som overordna mål å hald fast ved hovudtrekka i busettingsmønsteret.

Utviklinga i folketal har vore gode for heile Noreg både i 2009 og første halvår 2010. Innvandringa har vore uvanleg høg dei tre siste åra, noko som har ført til vekst i folketal i stadig fleire kommunar. Også fødselsoverskotet var rekordstort i 2009. Me må tilbake til 1973 for å finne eit høgare fødselsoverskot enn i fjor.

Men hovuddelen av endringa ser ut til å skuldast auka tilflytting til småkommunane i form av innvandring. Av dei 300 kommunane med vekst i 2009, ville 111 ikkje hatt ei slik auke utan innvandringa.

Dette tyder at inkludering av tilflyttarar blir viktig. Anten dei nye innbyggjarane kjem som arbeidsinnvandrarar frå Polen, Tyskland, Litauen, Sverige eller Nederland, som familieinnvandrarar frå Russland og Thailand eller som flyktningar, vil det påverke utviklinga i kommunane. 

Innvandring og inkludering vil bli ein stadig viktigare del av distrikts- og regionalpolitikken. Innflyttarane representerer mulegheiter. Dei lokalsamfunna som er mest opptekne av dei som kjem og mindre opptekne av dei som reiser, vil kunne stå fram som vinnarar om nokre år.

 

Skape eiga verksemd

På plussida ser eg også at me har fått eit breiare ordskifte om nyskaping, grunderverksemd og arbeid utanfor byane. Mange menneske ynskjer å utvikle eigne verksemder utanfor dei mest sentrale stroka. Dei ser at mindre stader har store kvalitetar. Dei kan realisere sine profesjonelle draumar samstundes som det er tid til eit liv med litt lågare puls.

Eg har møtt mange lokale eldsjeler, medvetne lokalpolitikarar og kommunalt tilsette som vil bidra til å utvikle lokalsamfunnet sitt. Dei er ikkje opptekne å vere offer. Men dei stiller krav eller peiker på hindringar. Til dømes kapitaltilgang, sviktande samferdsel, dårleg energiforsyning, fordeling av offentlege midlar eller dårleg samordning innanfor det offentlege virkemiddelapparatet.

Gjennom politiske vedtak kan me eliminere mange av desse hindringane.  Difor trengs Senterpartiet i posisjon. 

Men skal det bli ytterlegare fart i innovasjon og nyskaping trengs først og fremst menneske med initiativ og stå-på-vilje. Som Pikene på Broen i Kirkenes. Snart er dei i gang med avvikling av årets Barents Spetakel, den 8. i rekka. Ein internasjonal grenseoverskridande kunst og kulturfestival med vekslande tema. Dronning Sonja opnar festivalen i år. Eg siterer frå programmet: ”Viss man løsriver seg fra tradisjonelle forestillinger om sentrum og periferi og forteller egne historier med det utgangspunkt at alt er mulig, så skjer det noe, med oss som bor her, og med dem som ser oss utenfra.  Kartet snus på hodet. Periferi blir til sentrum. Og underveis er vi alle med på å bygge framtida! ” Årets slogan er Mind the Map. Det er mange måtar å sjå kartet på. Kvifor er det lenger frå Oslo til Kirkenes enn frå Kirkenes til Oslo, spør Pikene på broen.Og minner oss om at avstand ikkje berre er ein fysisk storleik. Eg gler meg til å møte gründarane bak Pikene på broen i Kirkenes om nokre veker.

 

Framtidsretta landbrukspolitikk

Me skal også utvikle det eksisterande næringslivet. I vår skal landbruksmeldinga leggjast fram. Det vert ei av dei viktigaste sakene for oss dette året. I meldinga skal retninga for framtidas landbruk trekkast opp. Det er forventningar til meldinga. Det er forventningar til at den raudgrøne regjeringa skal utgjere ein forskjell. Dei komande åra må det leggast til rette for investeringar i bygningar og jordvegar. Inntektsnivået må løftast slik at ungdom vel å gå inn i næringa. Meldinga må skape realistisk optimisme. Mat er trendy, kortreist mat er in.  Norske  råvarer har fått sin rettmessige plass blant dei beste. Landleg livstil, verdival, bygdeliv, det ekte og rotfesta er etterlengta. Og me har eit etisk ansvar for å produsere meir mat i Noreg, i ei verd der matmangel og svolt er eit stadig veksande problem.

I botnen for dette ligg landbruket og den norske landbruksmodellen. Ein modell som skil seg frå politikken i våre naboland gjennom eit sterkt importvern, tilstrekkeleg budsjettstøtte, samvirkebasert marknadsregulering og eigedomsregulering som fremjar produksjonsøkonomien. Den har overlevd tre tiår med nyliberalisme, og er framleis intakt. Men behovet for fornying er stort og lønsemda er for låg, trass ei betre utvikling dei siste fem åra. Ein politikk som kombinerer det beste frå stat og marknad. Denne modellen må styrkast og vidareutviklast. Noreg treng fleire aktive bønder, ikkje sterk vekst i passive eigedomsforvaltarar. Ei stor utfordring på ein sektor der Senterpartiet ikkje utgjer ein vippepunkt i sentrum, men må dra alle andre parti etter oss. Men eg kan love: Me skal stå på!

Me står også beinhardt på for å gjennomføre Soria Moria-erklæringa på rovdyrpolitikk.  Ein politikk  som skal ta bygdefolk på alvor.

Over for lang tid har bestandstala for jerv og gaupelege langt over bestandsmåla. Dette er uakseptabelt og fører til dårlig utnytting av ressursane i beiteområda og press på dei som driv næring, ressursar og ei næring som ikkje berre vi,  men eit samla storting har sagt ein vil utnytte og som ein ynskjer. Det er klart det gjer inntrykk på folk som finn dyra sine ihjelrivne og i tillegg må finne seg i å bli mistenkt for juks når dei registrerer tap. Det er mange som oppgjer dette som grunn til å slutte i næringa.

  • Me treng effektivisering av jakta, dyr som ikkje vert felt i den ordinære lisensjakta må ut og kvotene må settes slik at bestanden over tid er i samsvar med stortingets vedtak. 
  • Nye bestandstal for ulv og bjørn.
  • Rekne inn grenseulvane.  Sverige tel grenseulvane inn i sine bestandsmål.  Soria Moria seier: rekne 0.5 inn i bestandsmåla. 
  • Tillate jakt på vårsnø.
  • Sikre nødvergeparagrafen også for hund.
  • Ikkje ynglingar i rovdyrfrie soner. Skadedyr må takast ut raskt. Må ta ut dyr ein veit vil gjere skade før beitesesongen tek til.
  • Spesiell oppfølging i de sørsamiske områda der hele næringa og kulturen er i fare.
  • Erstatningsordningane må bli meir rettferdige og føreseielege enn i dag. Vi er utålmodige i forhold til arbeidet i ekspertutvalet som er satt ned.

 

Kjære landstyre!

Me er inne i valåret 2011. No har  eg berre snakka om nokre av alle dei viktige sakene Senterpartiet skal arbeide med dette året. Samferdsleløftet, kommuneøkonomien, fornybar energi og nettframføring er andre viktige senterpartisaker. Me skal vise at me er ein viktig reiskap for folk i heile landet.  

”Det er små samfunn som skaper dei store” heiter det. Difor er nærmiljø eit viktig tema for oss  i valåret. Gode og inkluderande nærmiljø skal byggast både i storbyar, tettstader og på bygda. 

Me har ambisjonar om eit godt valresultat. Det krev innsats på alle plan. Det veit eg de vil stille opp for. Saman skal me bygge tillit hjå veljarane og løfte fram våre lokale kandidatar. For det er eit lokal og fylkestingsval, med lokale saker og det må prege valkampen.

Eg starta med Alf Prøysen. Særs mykje skal skje i Senterpartiet i tida som kjem,  fylkesårsmøte, landsmøte, valkamp. Så sjølv om dagane kjem reine og ubrukte trur eg likevel dei vil gå fort. Ikkje alltid vil me kunne starte med blanke ark, men uansett er det vår oppgåve å nytte fargestiftane og teikne biletet av framtidssamfunnet.

Lukke til!

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut