Til forsiden


Navarsete opna valkampen

[17.08.11 16:03] I dag opna Senterpartiet sin sentrale valkamp på Eidsvolls plass i Oslo. - Valet den 12. September handlar om nærleik til velferd, rom til å skape og tryggleik for våre grunnleggande verdiar, sa partileiar Liv Signe Navarsete under opninga.


På valkampopninga heldt 1. kandidat til bystyret i Oslo Margaret Eide Hillestad og 1. kandidat til fylkestinget i Akershus Morten Vollset appellar. Hege Øversveen spelte og song, sola skein og det vart delt ut plommer og eplesider frå Harald Oskar Buttedals gård i Lier. Mykje folk møtte opp og det var eit strålande arrangement!

 

Hovedpunkt frå Liv Signe Navarsete sin tale:

Fire saker står i fokusfor dei 8431 senterpartistane som no skal drive valkamp rundt om i landet:

  • Trygg omsorg og pleie når du treng det
  • Vi byggjer landet raskare
  • Ein skule der alle skal kunne lukkast
  • Vi skaper framtidas grøne arbeidsplassar

 

Partileiaren lova i si taleat ”Senterpartiet skal i alle kommunar arbeide hardt for å utvikle ein skule der ungane blir sett og kan lukkast, ut frå sine eigenskapar. Ungdomsskulen skal bli meir praktisk retta, det same skal teorifaga innan fagutdanningane på vidaregåande skule. Det viktigaste verkemiddelet er læraren.  Læraren er navet for kvalitet i skulen. Med betre kommuneøkonomi set me kommunane i stand til å tilsette fleire lærarar og ha mindre klasser med færre elevar.”

 

Omsorg blir eit anna sentralt tema.-Våre eldre skal kunne velje å bu heime så lenge helsa tillet det.  Betre kvalitet i heimebasert omsorg og meir midlar til ombygging av hus og leilegheiter skal sikre den valfridomen.  Også ei storstilt utbygging av dagtilbod for demente vil gjere det muleg for fleire å bu lenger heime.  Heildøgns omsorgs- eller sjukeheimsplass skal vere på plass når den enkelte ikkje lenger greier seg heime, sa Senterpartileiaren

 

-Senterpartiet er gründerpartiet, sa Navarsete vidare i si tale. - I dag blir gründerar urimeleg behandla ved eigen sjukdom. Prinsippet om full løn frå første sjukdomsdag må gjelde alle, også for sjølvstendig næringsdrivande. Det er og på høg tid å gje kvinnlige gründerar same rett til fødsels- og adopsjonspengar og sjukepengar under svangerskap, sa Liv Signe Navarsete på Senterpartiets valkampopning.


 



Les talen til Navarsete her:                                   

Gode vener av Senterpartiet!
Ein av dei vakre songane til The Beatles er ”A day in the Life”. Ein dag i livet. Dagen i dag er ein av desse dagane. I livet. Det var 22. juli 2011 òg. Men den dagen var meir enn rekkje av dagar som kjem og går. Det var ein dag då delar av Oslo vart gjort om til ein samtidsruin. Og det var ein dag då framtida vart brutalt stolen frå uskuldige ungdomar, vaksne menn og kvinner.

Denne vonde og brutale ugjeringa er ufatteleg.  I Oslo vart bygningar som er symbol på folkestyret vårt sprengde og uskuldige menneske vart drepne og skadde.

På Utøya var ungdom frå AUF samla til sosialt samver og til debatt om framtida sine utfordringar.  Dei var opptekne av rettferd, miljø og fred.  Dei vart brutalt drepne for sine meiningar skuld.  Der skal me ikkje gløyme.  Alle kan vise respekt og vørnad for deira samfunnsengasjement ved å bruke røysteretter 12 september.
Men folket reiste seg.  Folkestyret består testen.  Løftet frå folk etter terroren har vore dette: at me skal slå ring om folkestyret vårt.
Også me, dei folkevalde, skal gje eit løfte: Me skal gjere folkestyret enno betre og famne enno fleire. Me skal skape eit enno meir inkluderande, ope og moderne demokrati.

Senterpartiet er folkestyrepartiet.  Ja, me heitte til og med Folkestyrepartiet i ein kort periode. (3. mai til 12. juni 1959)  Senterpartiet var opphavet til offentlegheitslova og hadde det første partilandsmøtet som var ope for pressa i 1961. Openheit og deltaking er kjernen i det me står for. Difor skal me gå i bresjen for å fornye og forsterke folkestyret vårt. Og den jobben startar no, ved lokalvalet. Både som partileiar og valminister kjenner eg eit stort ansvar for å utvide og fordjupe folkestyret.

Det lokale sjølvstyret i Noreg har alltid vore spydspissen i utviklinga av eit breiare og djupare folkestyre. Nokre døme: Kvinner fekk lokal røysterett før dei fekk høve til å røysta i stortingsval. Utlendingar og innflyttarar har røysterett i lokalval, men ikkje i stortingsval. Og i haust får 16- og 17-åringar i eit sneis kommunar for fyrste gong høve til å røysta.  Me gir også nye mulegheiter til deltaking gjennom forsøk med e-val. Lokaldemokratiet viser veg. Vidare, mot eit betre folkestyre også i stort.

Det lokale folkestyret speglar òg eit sant mangfald. Det skifter litt i form og farge mellom kommunar og fylke. Ulike av storleik og folkesetnad. Ulik natur. Dei hyser ulike menneske, forskjellige språk, alternative ålmenter og offentlege samtaler. Mangfaldet er mangfaldig. Lat oss dyrke mangfaldet i det flotte langstrakte landet vårt!

Når me på denne dag markerar at  kommune- og fylkestingsvalkampen er i gong,  vil eg først takka innbyggjarane i hovudstaden vår. Åtaka mot Noreg 22. juli starta her i hovudstaden og enda i ei massakre på Utøya. I timane etter angrepet kunne innbyggjarane våre i Oslo og elles i landet ha reagert på så mange vis. Men bodskapen frå folk var tydeleg; gjerningsmannen hadde ikkje lukkast i å svekke folkestyret. Me vil møte hat med openheit, samhald og sterkare folkestyre. Me vil slå ring om våre felles verdiar.  Kanskje er det slik at verdiane våre må bli trua før me ser kor verdifulle dei er?



Oslo er no hovudstaden som er komen oss alle nærare. Oslo er vorte rausheita sin  hovudstad. Og til hovudstaden har tusenvis av menneske frå heile landet kome for å vise varme og støtte til folk i denne byen som vart så hardt råka.  Me har kjent sorga i lag frå Hammerfest til Lindesnes. Alle kjenner seg berørt. Den nasjonale fellesskapen er styrka.

Lat oss ta vare på den inkluderande fellesskapen når kvardagen no kjem sigande attende!  
Det betyr ikkje at me ikkje skal ha meiningsbryting og fri debatt.  Ikkje minst det frie og friske ordskiftet skal vere kjenneteikn på det levande folkestyret.   Der alle kan delta og alle meiningar kjem fram i det offentlege rom. Slik vert dei også gjenstand for debatt og sunn kritikk og meiningsveksling.

Valet den 12. September handlar om nærleik til velferd, rom til å skape og tryggleik for våre grunnleggande verdiar.  
Mange kjenner på utryggleik no. Dersom folkevalde ikkje tek folk si frykt på alvor har me svikta. Det kan vere frykt for arbeid og inntekt, frykt for truslar mot våre samfunnsverdiar eller frykt for å miste nærleiken til grunnleggande tenester som skule, omsorg og sjukehus. Og lokal beredskap i krisesituasjonar.

Me har fått tydeleg demonstrert kva det betyr for oss å ha ei god førstelineteneste i kommunane.  Difor er me i Senterpartiet opptekne av å byggje robuste nærmiljø i heile landet.  Kvardagen er ikkje så ulik enten ein bur i ein bydel her i Oslo, ein småby på vestlandet eller ei bygd i Nordland;   Tilgang på arbeidsplassar. Barnehageplass og ein god  skule for ungane våre.  Trygg reiseveg dit ein skal. Omsorg for våre eldre og pleietrengande når dei treng det. Tryggleik for at politi og helsehjelp er der når ulykka råkar.

Som politikarar bør me tenkje som filosofen og biskopen Augustin gjorde på 400-talet:  "fastheit i det sentrale, fridom i det perifere, kjærleik gjennom alt"
Halde fast på dei sentrale stolpene i samfunnet vårt, verdiane våre.  La myndige menneske styre eigne liv og gjere val me som styresmakter ikkje treng blande oss i.   Og ha kjærleik til det felles prosjektet som samfunnet vårt er.   Møte kvarandre med rausheit og greie å skilje stort frå smått.



Lokalvalet handlar om dei lokale sakene som er sentrale i liva våre.
Senterpartiet skal i alle kommunar arbeide hardt for å utvikle ein skule der ungane bli sett kan lukkast, ut frå sine eigenskapar.  Ungdomsskulen skal bli meir praktisk retta, det same skal teorifaga innan fagutdanningane på vidaregåande skule. Målet er ein skule der alle får utvikla sine sterke sider og gjennomførre vidaregåande skule.  Det viktigaste verkemiddelet er læraren.  Læraren er navet for kvalitet i skulen. Med betre kommuneøkonomi set me kommunane i stand til å tilsetje fleire lærarar og ha mindre klasser med færre elevar. Læraren er sjefen i klassen. Viss  ikkje læraren er sjefen, står  ein elev klar til ål ta den jobben. Difor vil Senterpartiet styrke  etter- og vidareutdanninga og prioritere klasseleiing. Ro og god leiing gir godt læringsmiljø.
 
Senterpartiet vil syte for og trygg omsorg og pleie når folk treng det. Våre eldre skal kunne velje å bu heime så lenge helsa tillet det.  Betre kvalitet i heimebasert omsorg og meir midlar til ombyggging av hus og leilegheiter skal sikre den valfridomen.  Også ei storstilt utbygging av dagtilbod for demente vil gjere det muleg for fleire å bu lenger heime.  Heildøgns omsorgs- eller sjukeheimsplass skal vere på plass når den enkelte ikkje lenger greier seg heime. Regjeringa har lagt eit godt  grunnleg ved å auka tilskota, me må følgje opp med frie midlar slik at det også vert kvalitet i drifta.  Høgre og Frp køyrer fram privatisering som si store sak. Eg er samd med vår ordførar Ivar Prestbakmo som på TV2 sa som sant er at ”det finst ikkje nokon marknad for private omsorgstenester i Salangen”. Han kunne snakka om dei aller fleste av kommunane våre.  (I Senterpartiet er me opptekne av å stimulere det private initiativ, men me vil heller bruke pengane til omsorg enn til profitt for private aktørar og anbodsprosessar med si byråkratisering av tenestene.)

Me må legge betre til rette for gründarane som skapar sin eigen og andres arbeidsplass.  I dag blir dei urimeleg behandla ved eigen sjukdom. Prinsippet om full løn frå første sjukdomsdag må gjelde alle, også for sjølvstendig næringsdrivande. Det er og på høg tid å gje kvinnelege gründerar same rett til fødsels- og adopsjonspengar og sjukepengar under svangerskap. Det er tøffe, sjølvstendige folk med stao-pao-vilje som skal utvikle landet vårt, og Senterpartiet er gründerpartiet!

For å skape vekst skal me frå Senterpartiet halde fram med å byggje Noreg raskare, binde folk og land saman ved ei sterk samferdslesatsing. Noreg løyver mest pengar til veg av alle landa i Norden, uavhengig av storleiken på vegnettet. Fylkeskommunane er no den største vegeigaren. Fylka må få rammer som gjer ei storsatsing muleg også i regionane der det meste av dei vareproduserande næringane ligg. Det er utgifter som gir landet inntekter og overskot!
 
Satsinga på veg og jernbane vil óg monne for våre pendlarar. Dei har på mange strekningar vore med og teke ein stor del av rekninga for utbygginga. Senterpartiet vil at me skal auke pendlarfrådraget.  Saman med ei veg- og jarnbaneutbygging som gir gode bu og arbeidsregionar er det eit viktig grep for å sikre tilgang til viktig arbeidskraft, busetjing og aktivitet i mange deler av landet.


 
Til slutt; me står framfor ein hektisk valkamp. Målet vårt er at så mange som mogleg av dei 8431 senterpartikandidatane kjem inn i kommunestyra  etter 12. september. Gullbehaldninga til Senterpartiet skal auke. Me er stolte av våre nær 90 ordførarar, og etter valet vert dei enda fleire!
 
Eg håpar me vil sjå ein meir dempa rikspolitisk valkamp i år.  For det er ikkje Siv Jensen som stiller til val i haust - det er Carl I Hagen (!) og 60 000 andre kandidatar til kommunestyre og fylkesting. Om lag 11 000 av dei skal veljast den 12. september.  Kommunane har ulike utfordringar og partia har ulike svar.   Så bruk tida fram til valet og finn ut kva partia og dei ulike kandidatane i  din kommune vil prioritere dei neste fire åra. Då vil du sjå at Senterpartiet har ein skreddarsydd politikk for nett ditt lokalsamfunn!

Dagen i dag er ein dag i livet. "A Day in the Life".  Carpe Diem - grip dagen. Grip mulegheitene me har til å bygge landet vårt vidare. Med samhald, toleranse og entusiasme i botn.  Trygge og spennande  nærmiljø med trivsel der du bur vert resultatet.

Bruk røysteretten i haust.  Lat oss saman skape eit mangfaldig samfunn, mange gode dagar i livet  for oss alle. Det er det valet eigentleg handlar om.


Godt val!
 

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut