Til forsiden


Senterpartiet 7000 dagar i regjering

[25.01.12 15:09] - Heile tida med det mål å utvikle dei gode lokalsamfunna i heile landet, gjere kvardagen for folk flest betre - og å nytte landets ressursar til beste for fellesskapen, sa Liv Signe Navarsete ved markeringa av at Sp har vore 1000 veker i regjering.


Innleiing av partileiar Liv Signe Navarsete ved markering av 1000 veker i regjering for Senterpartiet, i statsrådsalen på Stortinget 25. jaunar.

 

Gode Senterpartivener: Gratulerar med dagen! 7000 dagar i regjering. 1000 veker. Tusenvis av saker og tusenvis av avgjerder. Blanke sigre og gode kompromiss. Heile tida med det mål å utvikle dei gode lokalsamfunna i heile landet, gjere kvardagen for folk flest betre - og å nytte landets ressursar til beste for fellesskapen.

 

Det er verdt å feira, og er det noko me kan i SP er det feiringar. Eg er særleg glad for at dei tidlegare leiarane i Senterpartiet Dagfinn Vårvik, Johan J. Jacobsen og Lars Peder Brekk er med oss i dag. 


7000 dagar er ingen ”naturleg” milepæl. Einskilddagar kan vera det. Som den fyrste skuledagen. Ja, ein femtiårsdag også. Men tusen på tusen av dagar minner meir om kvardagar. I ordbøkene vert slike dagar omtala som dei gråe, jamne. I poesien er det annleis: Olav H. Hauge skreiv ein gong at ”… det gjeng an å leva i kvardagen òg, den grå stille dagen, setja potetor, raka lauv og bera ris.” Og han heldt fram: ”Det er so mang å tenkja på her i verdi, eit manneliv strekk ikkje til”.

 

Så: 7000 dagar i regjering. Ein slags Senterparti-kvardag, det. Det tek ein del tid, ja, å tenkja over det. Her er tre korte tankar om dette:

 

1. Riksstyre. Både på bokmål og nynorsk er ordet regjering synonymt med riksstyre. Det er eit godt ord. Det handlar om å styra riket – i samsvar med grunnlov og i saman med dei andre statsmaktene. Dette har vi vilja, dette har vi gjort lenger enn alle andre parti unnateke Ap etter krigen. Kvifor? Det beste svaret ligg i tittelen på prinsipprogrammet vårt frå 1965; året som innleidde regjeringsdagane våre for alvor: ”Vilje til ansvar”. Nett det er meir treffande enn hug etter makt. Og for kvar kvardag i regjering, jo betre summerer vilje til ansvar opp kva Senterpartiet er og bør vera.

 

2. Kompromiss. Etter krigen har vi dessutan aldri styrt åleine. I Einar Gerhardsens fyrste regjering den fyrste fredssumaren og -hausten vi i lag med både Ap, kommunistane, Heimefronten, Høgre og Venstre. Under Lyng og Borten var vi fire parti som delte på taburettane og ansvaret dei fører med seg. Samarbeid er det viktigaste og mest lærerike arbeidet. Kritikk og velvilje, motstand og gjennomslag i lag med andre har heile tida sett sitt preg på dei 7000 dagane. Vi har lært av andre, vi har lært om oss sjølve. Ikkje minst har vi lært at politikk – dag etter dag etter dag – ofte handlar om kompromiss; middelvegar mellom anten-eller. Her har vi vonleg mykje å læra andre òg.

 

3. Arbeidet held fram. Ein skigard kan’kje vara evig, heiter det. Og ingen veit om det ventar oss 7000 nye regjeringsdagar. Langt på veg er det opp til andre: til veljarane, til andre parti. Men det står òg på oss: Vi må ha blikka festa framover, vi må bera til torgs svar på nye spørsmål, vi må tilpassa oss tida og tilhøva – utan å mista oss sjølve på vegen. Vi må vera relevante og vi må ha ny vilje til nytt ansvar. Dei 7000 dagane er god ballast; vi kan læra mykje av det vi har gjort og fått til. Og korleis vi har fått det til. Men verken dagane som gjekk eller dagen i dag seier all verda om korleis morgondagane vert. Samstundes er det noko tidlaust ved dei verdiane og dei konfliktane som gjev oss næring og meining: det norske konstitusjonelle folkestyret, sentrum-periferi, den evige innsatsen for å ta heile Noreg i bruk. Så, jobben er ikkje gjort, arbeidet er ikkje over – vi skal halda fram utan punktum i sikte. 

 

Senterpartiet har sett tydelege spor i norsk politikk. Noreg ville sett annleis ut utan vår tydelege hand på rattet gjennom store delar av etterkrigstida. Eg tenkjer særleg på det sterke lokale folkestyret, den spreidde busetnaden og det aktive næringslivet i alle delar av landet.

 

La meg peike på nokre viktige pålar SP har satt ned i regjeringshistoria:

Borten-regjeringa:

Offentligheitslova

Korvald-regjeringa:

Frihandelsavtala med EF

Sentrumsregjeringa:

Operavedtaket og Utjamningsmeldinga

Den raud-grøne regjeringa:

Gjeninnførd differensiert arbeidsgjevaravgift.

Sikra heimfallsretten, fått på plass grøne sertifikat og ei storstilt utbyggjing av grøn energi.

Fått på plass samferdselsløftet.

 

EU-saka.Så må eg dvela med ei sak, som ikkje har fått sin avklaring med Senterpartiet i regjering. Men som har vore naudsynt for å sikre det norske folkestyret: EU-saka. Det har vore den viktigaste saka for Senterpartiet gjennom alle desse åra å sikre at Noreg ikkje er medlem i EU. Så er det ikkje dagen for å hovera, men me fekk rett. EU har i dag store økonomiske og demokratiske problem, det unnar eg ikkje nokon. Men det var me som åtvara mot det. EØS-avtalen er meir inngripande enn nokon kunne førestille seg, me åtvara mot det. Er det ein ting eg har lært av EU-saka er det at me skal stole på eigen politikk!

 

Så til dagen i dag. Eg meiner at Sp aldri har fått gjennom så mykje senterpartipolitikk som vi gjer no i samarbeid med Ap og SV. Den regjeringa vi no er ein del av er den lengstlevande regjeringa vi har sitte i. Nokon har spurd meg om det raud-grøne prosjektet er ekte kjærleik eller eit fornuftsekteskap. Det er vel ein dag tå kvart, må eg vel ærleg innrømma. Men det finst ikkje alternativ no. Men om me får feira gullbryllaup saman får meg sjå…

 

Igjen, gode vener - vi har god grunn til å feire at vi i dag har vore i posisjon til å styre samfunnet i ein grøn og riktig retning i 1000 veker. No skal vi ete kake. Så skal vi gå tilbake til striskjorta og havrelefsa og styre landet vidare i mange, mange nye veker.

 

Senterpartiet i regjering i 7000 dager/100veker

John Lyng              28. august 1963 – 25. september 1963                   29 dager
Per Borten             12. oktober 1965 – 17. mars 1971                        1983 dager
Lars Korvald           18. oktober 1972 – 16. oktober 1973​​ ​​                     363 dager 
Kåre Willoch           8. juni 1983 – 9. mai 1986                 ​​​                  1067 dager
Jan P. Syse           16. oktober 1989 – 3. november 1990                    384 dager
Kjell M. Bondevik    17. oktober 1997 – 17. mars 2000                         883 dager
Jens Stoltenberg​    17. oktober 2005 – 24. januar 2012                       2291 dager

24. januar 2012:                                                                             7000 dager

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut