Til forsiden


Senterpartiets landsmøte i Stjørdal 18. mars 2011:

Senterpartileiar Liv Signe Navarsete sin opningstale

[23.03.11 10:33] - Eg varslar med dette at me skal fjerne søknadsplikta for våtromsarbeid, spesielt ved utbetring av bad i eksisterande bygg. Me skal ikkje kontrollere folk i hel, saSenterpartileiar Liv Signe Navarsete sin opningstale til Sp-landsmøtet.


 

 

Gode landsmøte, gode Senterparti-vener, vel møtt til landsmøte!

 

Det er godt å vera her, gildt at me på nytt er samla til landsmøte, ei ære å få leia Senterpartiet i spanande tider. Og det er godt å vera i Stjørdal, nett som å koma heim på ein måte. Koma til eit utstillingsvindauge av ein senterpartikommune! Takk til alle som lokalt har stått på for å legge til rette for at desse dagane skal bli eit strålande landsmøte.

 

I 1894 vedtok Stortinget ei lov som heitte «Log um sams normaltid fyr kongeriket Norig». Det var ikkje berre den fyrste lova på landsmål. Den lova innførde òg felles, nasjonal tid i landet. For tidlegare skifte tida mellom landsdelane: Aust-Finnmark låg til dømes ein og halv time framføre Oslo. Bergen vel 20 minutt bak.
 

Like fullt: Det meste endrar seg over tid. Somme tider sakte, alltid sikkert. Dette gjeld også oss: Senterpartiet vil alltid vere i endring. Men verdiane ligg fast. Me veit kva me vil. På same tid er me støtt pragmatisk på jakt etter løysingar og kompromiss. I enkeltsak etter enkeltsak.

 

Apropos harde og nær sagt konstante verdiar: Mange av desse kan oppsummerast i eitt ord: nasjonalstaten – eller meir folkeleg sagt; landet vårt. I åra som kjem passerer me ei rad merkesteinar i så måte. Grunnlova fyller 200 år om tre år. I 2016 er både Høgsterett og Noreg Bank like gamle. Grunnlaget for folkestyret vårt, dei mest sentrale statsinstitusjonane våre: alt dette skal markerast og feirast.

 

Noreg har vore og skal vera eit konstitusjonelt folkestyre, der sjølråderetten er ryggrada i eit demokrati med mindretalsvern. I dag har nordmenn røter i Karlstad og Karachi, i tillegg til Kragerø og Karasjok.  Det set krav til oss. Om å inkludere, men også om å stille krav til dei som vil kome og bu og bli nye landsmenn.  Om å lære seg språket; bokmål eller nynorsk.  Om å delta i samfunnet med rettar, men også med plikter.

 

Kjære landsmøtedelegat;

Mange i vårt land tek demokrati, økonomisk velstand og velferd for gitt. Me ser no i den arabiske verda er folk villige til å ofre livet i kampen for folkestyret. Me er alle rysta over korleis Gadaffi har gått til åttak på sitt eige folk med militære midlar. Eg er glad for at verda i denne saka står samla og att me brukar FN som arena for å fatte vedtak. Vi støttar avgjerda frå Tryggleiksrådet. Noregs line har heile tida vore at eventuell maktbruk må vere forankra i ein FN-resolusjon, og ha tilslutning i regionen. Det er ei historisk avgjerd. Ein syner til prinsippet om «ansvaret for å beskytte». Det internasjonale samfunnet er meir samla enn nokon gong i fordømminga av Gadaffi.

 

Det kan brått endre seg – ja, berre i løpet av eit halvt minutt kan alt bli endra. Ord blir fattige når ein står hjelpelaus og ser at naturen rammar så nådelaust som me har sett i Japan den siste veka. Bileta gjer oss audmjuke. Mennesket er sårbart. Vårt nøye tilrettelagde tilvære kan falle saman som korthus når ulykka rammar.

 

Eg vil foreslå at Senterpartiet sender ei kondolansehelsing frå vårt landsmøte til Japan sin ambassade i Oslo. Me vil uttrykkje vår djupe medkjensle med det japanske folk i dei mange prøvelsar dei står i. Me føler med dei etterletne i sorga, og sjokket over dei ville naturkreftene me har sett deler me med det japanske folk.

 

Våre moderne liv avheng når det kjem til stykket av ein lunefull balanse mellom naturkreftene og vår forvalting av ressursane. John Lycke har sagt det slik: «Eit tynt lag med matjord er grunnlaget for menneskeheita sin eksistens». Mange har fortrengt den kunnskapen. I staden for bærekraftig vekst har me lagt til rette for berre kraftig vekst.

 

Når me ser kva som skjer på verdsmarknaden, blir eg uroa. Matvarene som er så grunnleggjande, er vorte spekulantvare. Prisane stig. Fattige land sel jorda si. Maten som blir dyrka forsvinn ut av landet. Fattige blir fattigare. Mosambik har selt 11 millionar hektar jord dei siste åra. Samstundes lever dei fleste innbyggjarane i absolutt fattigdom. I september i fjor eksploderte gatene i hovudstaden i vald og opptøyer. Regjeringa har ingen politikk for sjølvforsyning. Svolt og sinne vil prege dei neste tiåra her på kloden.

 

Senterpartiet er tufta på eit grunnfjell der mange produserer det me ikkje kan leve utan; det daglege brød. Det er eg stolt av! Arbeidet med mat- og landbruksmeldinga som Lars Peder no driv med, er inga lønskamp slik enkelte medier vil ha det til. Til det er bodskapen elles i meldinga for viktig. Meldinga skal legge grunnlaget for at etterkommarane våre skal sikrast trygg og næringsrik mat.


Norsk mat har aldri vore så billeg som no. Kvar har så prisveksten på norsk mat teke vegen? Det er i alle fall ikkje overflod i lommene på dei som har produsert råvarene. Det kan nok vere rett at Stein Erik Hagen har bygd eit imperium. Men han bør ikkje få prisen for å ha gjort Noreg billegare. Kostnaden er det andre som har teke.

 

Landbruksmeldinga skal leggje grunnlaget for auka matproduksjon, meir investeringer og auka attraktivitet i næringa. Matprodusentane må sitje att med ei anstendig inntekt og inntektsgapet mellom dei og andre skal tettast!

 

Der er det spesielt å sjå det såkalla næringspartiet Høgre. Dei vil saman med Frp gå til frontalangrep på norsk landbrukspolitikk. Konsekvensane er openbare! Det vil bety slutten for distriktslandbruket.

 

Landbrukspolitikken var berre eit av områda me lova å gjere noko med etter 2005. I Soria Moria II har me sagt me er utålmodige – me skal vidare, og byggje meir av landet. Me må stadig setje oss nye mål.

 

Raudgrønt samarbeid

Me gjekk til val saman med SV og Arbeidarpartiet fordi me såg at samfunnsutviklinga gjekk i feil veg. Fellesskapen måtte vike for marknaden. Anne Enger Lahnstein erklærte sin ulukkelege kjærleik til Arbeidarpartiet. Eg synest både Jens og Kristin er framifrå kollegaer og vener. Likevel vil eg nok definera forholdet vårt meir som eit fornuftsekteskap enn eit kjærleiksforhold. Og i god senterpartiånd er det ingen tvang inne i biletet! Me har funne saman i eit klart definert mål – å skapa og dele verdiar, i heile Noreg. 

 

Kva er så vår rolle no? I fem år satt me i opposisjon med null innverknad på norsk politikk. Me vart berre brukt når det var bruk for oss i ny og ne. No er me i regjering på sjette året. Bak meg på skjermen ser de berre noko av det me har fått til i samarbeid med Ap og SV. Men lat det vere klinkande klart; me er utålmodige i Senterpartiet i og nå måla me set oss. Ei regjering som er nøgd med sine resultat, er ei avgått regjering.

 

Senterpartiet er eit sentrumsparti. Og lokalt er me like utålmodig som me er nasjonalt på å nå måla me har for politikken vår. Difor samarbeidar me ute i kommunane med høgresida, med venstresida og i sentrum. Og nær sagt alle konstellasjonar innimellom. Og det er me utruleg stolte av – Senterpartiet er fyrst og fremst eit parti som oppnår politiske resultat. Gå inn i lokalvalet med det frimodet – me gjer det me må for å få dei gode løysingane lokalt. Og så skal me i 2013 på ny gå til val for fellesskapsløysingane – for fire nye år med å byggje landet med eit raud-grønt fleirtal!

 

Framover mot kommunevalet vil angrepa kome frå aust og vest – men aller mest vil dei kome frå høgresida. Me har den siste månaden høyrt at Jern-Erna har skifta ham. Mjuk-Erna har skifta ut Kalkulator-Høgre, visstnok. Høgre er velferdspartiet, no.

Jern-Erna har ikkje skifta ham. Ho har berre putta jernhanda si inn i ein silkehanske. Men det er ikkje alltid at innpakninga fortel noko om innhaldet. Høgrepolitikken slår hardt, uansett kva hanske Erna har på.

Familiepolitikk

Gode landsmøte!

Som nybakt mormor for Oda ser eg på nært hald kor viktig gode permisjonsordningar er. Kontantstøtte som gir familien rom til å gjere sine val. Rett til barnehageplass når familien ynskjer det. Gode og trygge nærmiljø der born kan utfalda seg. Me har etter kvart lagt godt til rette for mor og far, men kva med borna og tid til familieliv?

 

Eg ynskjer ikkje at «staten skal vere ei god mor for oss alle».  Eg ynskjer heller å styrke familiane si rolle og foreldra sine valmulegheiter for å vere gode mødre og fedre for sine born. Familiepolitikken må løftast!

Difor skal me vidareføre kontantstøtta for eittåringane og styrke den vesentleg slik at det vert eit reelt val for familien å bruke meir tid saman. I Senterpartiet ligg eit grunnfesta syn på at familien sjølve er i stand til å gjere gode val for sine liv.

 

Omsorg

Ikkje berre i småbarnsfasen, men og i andre deler av livsløpet trengs fleksibilitet i arbeidslivet og mulegheit til å prioritere sine næraste. Dagens smårollingar vil ha ein levealder som er heile ti år lengre enn utgangspunktet var då eg vart fødd i 1958. Eldre vil bli ein enno viktigare ressurs i framtida. Difor må me ha ein meir nyansert debatt om eldreomsorg. Me vil likestille omsorgsløn og helsearbeidarløn. Innsatsen frå familiemedlemer er langt større enn det som speglast i dei 9000 som mottek omsorgsløn i dag.

 

Lat meg slå fast; Senterpartiet vil sikre sjukeheimsplass eller omsorgsbustad med heildøgns omsorg til alle som treng det. Men på same måte som me no lanserer samhandlingsreforma for å gje helsetilbod i nærmiljøet må me også gje omsorg i nærmiljøet.

Undersøkingar viser at dei aller fleste ynskjer å bu heime så lenge som råd. Difor må det leggjast meir midlar inn i tilskot til ombygging av eigen heim, og det må finnast ein individuell plan for den enkelte.

 

La oss høyre korleis 84 år gamle Anna frå Biri ynskjer si alderdom framover:

 

(Video)

 

Det var Anna. Dei fleste av oss ynskjer å bu lengst mogleg i eigen heim – viss omsorga er der når behovet er der. Valfridom er ikkje høgrepartia sitt gnål om å få velje privat heimehjelp.  Reell valfridom er individuelt tilpassa tilbod, fridom for eldre til å velje ein trygg alderdom i eigen heim og tryggleik for hjelp når ein treng det.
 

Senterpartiet vil at alle kommunar skal tilby ei omsorgsavtale til eldre innbyggjarar, i samarbeid med deira pårørande. Ei slik avtale skal innehalde klare mål for heimetenester, avlasting, aktivitetstilbod, hjelp til naudsynt utbetring av bustaden og altså omsorgsløn der det ligg til rette for det. Og når den dagen kjem at ein treng ein sjukeheimsplass, skal den vere der.

 

Sjukehusutval

Enten me er unge eller gamle er behandlinga me får når me blir sjuke viktig.  Regjeringa førebur no innfasing av samhandlingsreforma, ei stor reform for desentralisering og førebygging med nye oppgåver til kommunane. Før påske skal me også leggje fram Nasjonal Helse og omsorgsplan. Senterpartiet har halde fast på at me i denne planen må fastslå den overordna politikken, også om struktur. Så kan me deretter ta stilling til enkeltplanar i føretaka.

 

Dersom det skal vere likeverdige helsetenester i Noreg i framtida må lokalsjukehusa få ein tydelegare rolle.  Me må ha eit nett av små og store sjukehus med akuttfunksjonar som gir tenester med god kvalitet og rimeleg avstand.  Akuttfunksjonar, ambulansetenster og differensiert fødetilbod må vidareutviklast for å gje innbyggarande nærheit til akutt hjelp og det må setjast krav til kvalitet i tilbodet. Dette handlar om politisk vilje til å gje politiske føringar og økonomiske rammer for desentraliserte tenester med god kvalitet. Senterpartiet har den viljen. Me skal jobbe beinhardt for å få realisert våre mål i helsepolitikken!

 

Føretaksmodellen har aldri vore ynskt av Senterpartiet.  Me vil ha tydelegare folkevald styring.  Men me treng eit utgreiingsarbeid for å konkretisere korleis ein ny styringsmodell skal sjå ut. Sentralstyret i Senterpartiet har vedtatt å setje ned eit sjukehusutval leia av Marit Arnstad. Mandatet til utvalet er å finne eit alternativ til dagens føretaksmodell som legg til rette for politisk styring med utviklinga av sjukehustilbodet i landet vårt. Dei skal også drøfte framtidas lokalsjukehus og korleis samarbeidet mellom små og større sjukehus kan vidareutviklast.

 

Skule

Landsmøte!

I skolen skal man træde varsomt – ti der bliver mennesker til, sa Nicolai Grundtvig.

Eg er også mormor til skuleguten Markus. Som starta på skulen med stor glød og nysgjerrig på ny lærdom.  Mitt mål er at Markus og alle dei 600.000 andre i grunnskulen skal få ein god start. At kloke lærarar i samspel med heimen legg grunnlag for gleda ved å lære, og for livslang meistring. Me treng eit lærarløft i norsk skule. Dei må få arbeidsro og sleppe unødvendig rapportering. På den måten kan læraren få konsentrere seg om å motivere til arbeidsinnsats og arbeidsro. Ein rektor må få tid til å vere sjef, og utvikle gode kompetansemiljø ved den einskilde skule.

Alt for ofte ser me at likesæla overtek for entusiasmen når ungdomskuletida kjem. Då eg fekk vere med og tildele Kaupanger skule Dronning Sonjas skulepris sa rektor noko svært viktig til oss:

«Alle ungar er gode til noko. Deira evner må bli sett, dei må bli inkludert og få høve til å utvikle sine sterke sider.»

 

Stadige reformar har bitvis og delt fjerna den praktiske ungdomsskulen. Men i likskap med det som skjer på Kaupanger må alle elevar få velje fag tilpassa sine sterke sider. Senterpartiskulen er på tur inn att, med både praktiske og teoretiske valfag. Ungdomsskuleelevane må få eit innblikk i korleis livet som arbeidstakar og arbeidsgjevar er. Difor vil me at skulane skal gje eit tilbod om arbeidslivsfag og elevbedrifter. Gje kunnskap om lokalsamfunnet sine mulegheiter gjennom hospitering ved bedrifter. 

 

Nederlagstimar skal vike for meistringstimar. Fråfallet i vidaregående skule må ned. Ein elev som droppar ut, er eit tap for norsk velferd og framtid. Aukar me gjennomføringa i vidaregåande skule med 10 prosent sparer samfunnet seks milliardar årleg. I tillegg til kva dette betyr for den enkelte. Som alle i Senterpartiet veit; det er mykje å hente i god førebygging!

 

Arbeidsliv

Ein føresetnad for ein god skule og trygg omsorg er motiverte og kompetente tilsette og  ryddige arbeidsforhold.

Adecco-saka, som har avdekka uverdige arbeidsforhold innan omsorgsektoren,  handlar eigentleg ikkje om Adecco. Den handlar om prisen tilsette og pleietrengande må betale for privatiseringseksperiment. Eit eksperiment ideologisk framdrive av høgresida i norsk politikk.

 

No er forsvarsargumenta frå Siv Jensen at det også skjer brot på arbeidsmiljølova i offentleg sektor. At ein da ikkje kan velja vekk kommunen sitt tilbod slik ein kan med Adecco. Her er Frp på svært tynn is. Ja, det skjer brot på arbeidstidsreglar i kommunane også. Men når det blir avdekka, kan det ikkje berre «veljast bort» ved å lesa kontraktsvilkår og sjå om ein kan heva kontrakten, slik Høgre i Oslo no gjer.

 

Nei, politisk ansvarlege kan – og skal – i slike tilfelle straks korrigera brota. Det skjer også regelmessig, ikkje minst fordi det er innsyn for alle i offentleg drift. Det kan me sjå på TV2 og i andre media nærast dagleg. 

I høve til Høgres ønskemodell med private selskap er det heilt andre moglegheiter til innsyn, før den store skandalen er eit faktum og nokon innanfrå til slutt våga å varsla.

 

Senterpartiet ynskjer at også andre enn kommunane skal levera omsorgstenester. Me ønskjer at det skal vera eit større rom enn i dag for dei frivillige organisasjonane, tredje sektor. Anbodssystemet me har fått gjennom EØS-avtalen gir for lite rom for dette, og det er ei stor oppgåve å kjempa tilbake eit større rom her.

 

Sidan 2005 har nei-flertalet i folket vore stabilt og overtaket aukar dag for dag. Men framleis står EØS-avtalen som eit monument over ja-sidas staheit. Senterpartiet held fram kampen mot EØS-direktiv som ikkje gjev meining i vår norsk virkelegheit. Det norske folk hadde rett då dei i 1994 snudde ryggen til skremslane frå ja-sida, og sa vi klarte oss betre utanfor.

 

Men Senterpartiet fekk også rett i at EØS-avtalen ville bli ein husmannskontrakt for Noreg. Kva ville skjedd utan EØS-kritikarar i regjering? Når Høgre, dei sjølvoppnemnte forsvararane av indivites fridom, opnar opp for datalagring og overvaking som høyrer heime i autoritære regimer – korleis ville høgresida forsvare norske interesser i postdirektivet eller differensiert arbeidsgjevaravgift? Ja-sida i norsk politikk har ikkje ryggrad til å ta opp kampen, dei står med lua i handa. Det må vere legitimt å forsvare norske interessar.

 

Nokon seier det ikkje gjer nokon skilnad at det er ei regjering med Senterpartiet som frontar sakene i Brüssel. Aftenposten rapporterte nyleg at 8000 EU-lover er innførd i norsk rett. Men vi får også gjenomslag. EU ville tvinge Noreg til å akseptere direktivet om bankinnskotsgarantien og gje forbrukarane dårlegare sikring av sparepengane. Kvifor? Jau, for å gjennomføre «one sie fits all»-politikken sin. Det er absurd, og nokon gonger kjem ein langt med sunn fornuft.

Europaparlamentet og etter alle solemerker Ministerrådet vil no gje Noreg unntak. Norske sparepengar er sikra. Eg ser gjerne den politiske kommentator som vil sverge på at ei ja-regjering ville oppnådd same resultat.

 

Senterpartiet nektar å innta den servile haldninga som gjer at ja-sida bøyer nakken og seier vi ikkje har noko val. Sjølvsagt har vi eit val og sjølvsagt er det alternativer. Folk flest er lei av politikarar som seier det ikkje finst alternativer. Difor er vi glade forarbeidet som er sett i gong for å utgreie alternativer til EØS. For ein ting er eg viss om – det finst betre løysinger for Noreg enn EØS.

 

Næringsliv

Eg er oppteken av korleis me skal byggje næringslivet i dette landet vidare, ikkje berre i dag, men om 10, 20 – ja, om 30 år. Heilt grunnleggjande er at me torer å satse! Enten det gjeld den einskilde, det offentlege eller den lokale banken. Gode fødselshjelparar kan vera avgjerande for at ei ny bedrift ser dagens lys og skaper arbeidsplassar.  På onsdag fekk «Stereo skis» som produserar twintip-ski for fristilskøyring på vatn «Merket for god design». Eg møtte gründaren Jens-Martin Johnsrud på Skarnes på tysdag. Og eg må innrømma – eg vart verkeleg både sjarmert og imponert av guten. Eg vil vise dykk kvifor:

 

(Video)

 

Er ikkje gründaren frå Hedmark fantastisk? Eg gruar ikkje for pensjonen med andre ord, med slik skaparkraft i landet! 

 

Senterpartiet vil leggje til rette for at fleire av dei som har gode idear skal setja dei ut i livet. Senterpartiet er gründerpartiet!  Ingen andre har gjort meir for å leggje til rette for gründerar: mentorordninga for unge gründerar skal bli landsdekkende, kommunale næringsfond skal styrkjast vidare og næringshageprogrammet skal doblast. Innovasjon Norge og SIVA skal framleis sikre innovasjon og kompetansearbeidsplassar i landet.

 

Sp har sytt for det viktigaste forenklingstiltaket på minst ti år. Det skjedde gjennom at revisjonsplikta vart fjerna for små føretak. Det er me som har jobba på plass barselsrettar for sjølvstendig næringsdrivande. Neste mål for Senterpartiet er å få på plass både sjukepengar for sjølvstendig næringsdrivande og omsorgspengar når ungane er sjuke.

 

FORENKLING

Plakaten de ser bilete av er frå valkampen i 1955. «Til kamp mot kontorstyre og skjemavelde», står det på den. Det er like relevant i dag, og må atter bli ei kampsak for eit Senterparti som spelar på lag med dei skapande kreftene i samfunnet!

 

Me må leggje til rette for mindre byråkrati og papirflytting. Den kjende britiske økonomen John Maynard Keynes sa ein gong fylgjande: «When the facts change, I change my mind. What do you do, Sir?»

 

Byggedelen av plan og bygningslova er eit eksempel på ein sak der det har vorte gjort innstrammingar. Årsaka var ei rekkje saker om store byggefeil. Trass gode intensjonar fører den nye plan- og bygningsloven til meir byråkrati, særleg i saker som blir oppfatta som «mindre». Difor gjer eg no som Keynes; ny kunnskap gjer at me endrar kursen. Eg skal ta grep for å redusere saksbehandling og unødvendig byråkrati!

 

Eg varslar med dette at me skal fjerne søknadsplikta for våtromsarbeid, spesielt ved utbetring av bad i eksisterande bygg. Me skal ikkje kontrollere folk i hel. 

 

Dessutan; det er vanskelig å forstå at gebyret for å få handsama ein søknad om oppføring av en einebustad varier frå om lag 30 000 kroner i ein kommune til 9 000 kroner i ein annan. Kommunane sin praksis når det gjeld gebyrlegging skal difor gjennomgåast. Saman med KS må me lage eit sett køyrereglar som vert oppfatta som likebehandling.

 

Så – landsmøte! Det er framleis behov for å halde plakaten fram. Senterpartiet skal fortsetje kampen mot kontorstyre og skjemavelde.

 

Landsmøte,

For nokre månadar siden åpna Magnhild nokre kilometer med gangveg i eit bygdesamfunn. På ein benk satt ein eldre mann. Dei kom i prat. Mannen fortalde om eit rikt liv. Frigjeringa. Familie. Barneborn. Han avslutta samtala med fylgjande:

«Statsråd. Når arrangementet er ferdig skal eg gå langs den nye gangvegen heim til meg sjølv og skrive i dagboka mi: Dette er den største dagen i mitt liv.»


Samferdsle betyr mykje for folk. Senterpartiet er hovudarkitekten bak det løftet som har vore innan samferdsle dei seinaste åra.

Men - me er langt frå i mål. Dagens løyvingar ikkje er nok får å tilfredsstelle folks forventingar og næringslivets behov.  En ny nasjonal transportplan må ha ytterleg auke budsjettrammer. Og Senterpartiet skal fram mot neste NTP ta ein fordomsfri debatt om korleis me finansierar samferdselssektoren framover. Er det mogleg å få meir igjen for pengane? Kan me byggje raskare? Kva med lånefinansiering? Men me skal heller ikkje tru at OPS er gratispengar. Me vil aldri få forvaltningskapitalen til Storebrand i gåve, sjølv om Høgre trur det. Alternativ finansiering vil alltid vera eit tillegg til løyvingar over budsjettet.

 

Akkurat no er Magnhild i startgropa med transportplanen for 2014 til 2023. Og i 2023 kan Magnhild som 75-åring vere i trygg forvissing om at vegane ho køyrer på då, vart betre i hennar regjeringstid. Ho var med i den raudgrøne dugnaden for å byggje landet! Og i arbeidet med planen fram mot 2023 må Senterpartiet framleis vere landets samferdselsparti. Me har ikkje forkortinga Sp for ingenting, Senterpartiet er Samferdslepartiet!!

 

Me løfta investeringane med 100 milliardar kroner i inneverande periode. Me ser allereie no korleis det har gjeve resultat. Maskiner og anleggsfolk arbeidar kvar dag iherdig med nye vegar og jernbaner, og er med i regjeringas arbeid for å kutte avstandane i landet vårt.

 

I neste transportplanen fram mot 2023 skal det satsast meir. Me skal ha ytterlegare 10 nye milliardar per år over budsjetta, me skal ha fleire alternative finansieringsløysingar. Vi skal forsterke den differensierte politikken med kollektivsatsing i byane og vegbygging i distrikta. Avstandane skal kuttast betydeleg for å sikra større arbeidsregionar. Me skal byggja landet vidare! Me skal kjempe på plass ein milliard til vedlikehald på fylkesvegane våre. Mottoet er; Inga djupe spor der du bor!

 

Breiband

For ei veke sidan la eit offentleg utval fram si utgreiing om korleis me skal skape vekst i alle regionar gjennom å legge til rette for kompetansearbeidsplassar. Utvalet, leia av økonomiprofossor Karen Helene Ulltveit Moe, si analyse kunne vore klipt rett frå Sp sitt program: Skal me oppretthalde den høge velferden me har her i Noreg, må me ta heile landet i bruk.


Samferdsle er meir enn veg, jernbane og ferjer. Den minste vegen av dei alle er den breiaste og kanskje den viktigaste; nemleg breibandet. Kompetansearbeidsplass-utvalet slår også dette fast: superbreiband er ein vesentleg føresetnad for lokalisering av kompetansearbeidsplassar og staduavhengige jobbar.

 

Me har sidan 2005 fått på plass ein breibandsmilliard. Det har gitt tilnærma full dekning, på tross av alle spådommar. Den digitale allemannsretten er ettermælet til Odd Roger Enoksen. No skal me vidare. Det handlar om å byggje landet for framtida. De veit og eg veit at skal me få breiare breiband i heile landet, ja – så må Senterpartiet gjere jobben!

 

Den jobben starta eg på som samferdsleminister med avgjerda om at den dei ledige frekvensane skal brukast til mobile formål i staden for fjernsyn. Magnhild tar saka vidare. For områda som ikkje er dekka, skal Senterpartiet få på plass midlar få superraskt breiband til skular, næringsliv og folk i heile landet. Me har vist at me kan få det til. Det vil vere samfunnsøkonomisk lønnsamt!

 

Energi

Dei siste vekene har vist oss kor sårbar energiproduksjonen kan vere, og kor avhengig me er av den. Atomkraftanlegga i Japan svikta fordi straumen vart borte. Me kjempar mot CO2-utsleppa, og det er mykje usikkerheit knytta til oljeleveransene i høve til uroa i Midt-Austen. Difor blir det endå viktigare for Senterpartiet og regjeringa å satse på fornybar energi framover. Mikrokraftverk, småkraft, fornying av eksisterande vasskraftanlegg. Den fornybare vasskrafta er av formidable verdiar. Takk til Odd Roger som sikra heimfallsretten og nasjonal eigarskap til vasskrafta.

 

Noreg er ei energistormakt. Senterpartiet har styrt norsk energipolitikk i snart seks år. Som på samferdsle har me sytt for eit løft. Først og fremst for fornybar energi. Grøne sertifikat vil gje ei utbygging av fornybar energi som tilsvarar forbruket til alle husstandar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal, Trøndelagsfylkene og heile Nord-Noreg. Arbeidsplassar basert på lokale naturressursar er  både god energipolitikk, miljøpolitikk og næringspolitikk. Terje har gjort ein formidabel jobb for å få dette løftet på plass.

 

I Trøndelag har det i periodar vore uakseptabelt høge straumprisar.  Løysinga er å få på plass kraftlinja Ørskog–Fardal. Vår nye, dyktige olje og energiminister Ola skal få all støtte for å få på plass nettet som vil gje straum til Midt-Noreg og utjamne prisane. Eg er overtydd om at han knapt vil ta seg tid til nattesøvn før det er på plass!

 

Eg er stolt over Noreg som oljenasjon. Då forvaltningsplanen for Barentshavet vart lagt fram i 2006, la ein fram Senterpartiets program som fasit. Då oppdateringa av planen vart lagt fram førre fredag, vart det nok ein gong Senterpartiets politikk som var fasit. Ingen oljeaktivitet i Lofoten, Vesterålen og områda utanfor Senja i denne perioden slik landsmøtet sa for to år sidan.  Når me i 2013 skal leggje fram ein ny forvaltningsplan, skal me i Senterpartiet på ny ha drøfta oss fram til fasiten på det som då blir lagt fram!

Avslutning:

Sist helg gjekk eg ein fin skitur frå hytta vår på Filefjell innover fjellet til Sulebu. No er det nok slik at eg på ski ser ut som verken Marit Bjørgen eller Roald Amundsen. Men eg funderte over at hvis det virkeleg er noko som har bygd historia om Noreg, er det folk som har spent på seg plankar av tre eller tynne lag med glassfiber og sprunge som best dei kunne. Under VM i Oslo tok vi 20 medaljar og vart beste nasjon. Senterpartiets politikk er heilt naudsynt for å få desse vinnarane fram. For kor kjem dei frå, Bjørgen, Johaug og Northug?

 

Jau, dei kjem frå levande landbruksbygder, der dugnadsånda står sterkt og kommunen legg til rette for ei aktiv fritid. Dei kjem frå bygder som ikkje hadde vore der utan ein aktiv distriktspolitikk. Og heller ikkje utan Senterpartilag som utviklar levande nærmiljø.

 

Me går no inn i ein spennande lokalvalkamp. Både de og eg veit at verken nasjonal politikk eller lokalpolitikk er eit barneskirenn, det er hardt arbeid. Og det gjev resultat. Ordførarane våre gjer ein kjempejobb, og etter valet vil eg ha fleire av dykk – minst 100!!

 

Ja, politikken blir mest som turen eg hadde til Sulebu. Det var fint ver, men til dels skarp vind innimellom. Det gjorde at spora bles att.  Eg måtte gå nye spor. Men med jamne mellomrom var det løypestikk, dei stod som merkepålar slik at eg kunne halde rett kurs. Slik er det også i politikken.  Me skal ikkje gå opp att dei same spora.  Det er naudsynt å gå nye spor i ei ny tid.  Men merkepålane, vår ideologi og grunnverdiar syner retninga. Slik at me aldri mister målet av syne og slik at me er til å kjenne att.

 

Takk for meg!

Tips en venn

Skriv ut Skriv ut