![]() |
[30.10.10 12:08] - Senterpartiet er det partiet i norsk politikk som har vore nest lengst i regjering etter krigen – med skiftande samarbeidspartnarar. Også utanfor regjering har vi tidvis hatt makt – på vippen i Stortinget, sa partileiar Liv Signe Navarsete i sin tale til 90-årsjubileumet til Senterpartet.
Liv Signe Navarsetes jubileumstale til Senterpartet, i Oslo 30. oktober 2010
Sjekkes mot framføring.
Kjære alle saman: hjarteleg til lukke med 90-årsjubileet og velkomne til jubileumsfeiring!
Den britiske statsministeren Harold Wilson sa ein gong at ”ei veke er lang tid i politikken”. Og desse haustvekene har vore lange, ja, nesten som sju vonde år. De har alle sikkert lese og høyrt mykje om partistøtte og kraftselskap. Her og no har eg ikkje så mykje å leggja til – anna enn dette: Vi har fått pengar som vi ikkje skulle ha fått, vi har betalt attende pengane. Vi har gjort feil, vi har retta opp feilen. Vi har vorte kritiserte, vi har gjort det som står i vår makt for å leggja alle kort på bordet.
Etter sju vonde år fylgjer sju gode, heiter det i Skrifta. Tida vil visa. Men i dag er vi i alle fall samla til fest. Det har eg sett fram til lenge. For vi har fleire gode enn vonde år å minnast. For vi har framleis mykje ugjort. Og sjølv om det blæs og stormar, finst det eit stormens auga. Der er vi no: I ro og mak skal vi bruka denne helga til å verta betre kjende, få meir kunnskap om kva vi har gjort – og løfta blikket og sjå framover: mot alt vi kan gjera.
Difor er det ei stor ære for meg som leiar å stå her og ynskje velkomen til feiringa av 90-årsjubileet vårt. Eg kjenner meg audmjuk med tanke på alle dei som har gått føre og bygd partiet gjennom alle desse åra.
Mange har gjort det mogleg. Både gamle og unge, kvinner og menn. Både partimedlemer og andre veljarar. Det er mange som har spela ei rolle. Det er mange som har utgjort ein forskjell. Det er mange som har gjort sitt til at vi er samla her i dag.
Bertold Brecht skriv på sett og vis om dette i diktet “En lesende arbeiders spørsmål”. Der heiter det mellom anna: ”Det store Roma er full av triumfbuer. Hvem satte dem opp? … Cæsar slo gallerne. Hadde han ikke engang med seg en kokk?”
Ikkje alle vert nemnde. Ikkje alle vert hugsa. Men alle som har trudd på Senterpartiet, arbeidd for våre verdiar og ytt sin skjerv til vår
historie, alle dei fortener takk og takksemd. Den raude tråden her og no er tid. Tida som har gått; dei ni tiåra som dannar bakteppet for at vi er samla denne helga. Og tida framover – dei lange linjene i vår politikk, verdiane som også vert grunnleggande dei neste nitti åra.
Kva er det så vi har hatt som leiande mål for oss? Grunnleggjande har vore folkestyre og velferdsutvikling for alle – i heile landet. Langsiktig og berekraftig forvalting av naturressursane til fellesskapets beste. Ynskje om å skape ein produksjonsøkonomi og eit næringsliv med like moglegheiter og gode livsvilkår for folk over heile landet – uavhengig av økonomisk og sosialt utgangspunkt. Vi aksla arven frå Arbeidarpartiets samfunnsbygging og Venstres nasjonsbygging – og kombinerer desse rollane i norsk samfunnsliv.
Eg trur ingen i 1920 – sjølv i sine villaste fantasiar – hadde vore i stand til å spå noko meiningsfullt om verken samfunnet vårt i dag eller samfunnsutviklinga sidan då. Motsett er det lett å hevda at til dømes tjueåra òg verkar fjerne og tidvis vanskelege å ta inn over seg. Senterpartiet har òg endra seg sidan 1920. Frå Bondepartiet via Norsk folkestyreparti til Senterpartiet: namneskifta er éin ting. Programma våre har endra seg langt meir: Senterpartiet har blitt eit breiddeparti, nye saksfelt kjem til over tid, dei vert meir ordrike, vi meiner rett og slett meir om meir.
Det viktigaste er likevel dette: Samfunnet har påverka Senterpartiet, ja, men Senterpartiet har òg prega og forma Noreg. Og Noreg hadde etter alle solemerke vore annleis utan Senterpartiet. Apropos tid: Kjartan Fløgstad har ein gong uttalt at ved å vippa samtidsaksen lett ned i fortida, så peikar den høgt opp i framtida. Noko liknande kan vi seia om vår eiga historie nett no: Vi er nyfikne på det som har hendt og kva vi har gjort av di det vonleg peikar framover. Soga om Senterpartiet er viktig all den tid historia kan gje oss innsikt, oversikt og peikepinnar om vegen vidare. Denne vona om at fortida er relevant for framtida, er òg springbrettet mitt. Derifrå fylgjer resten av det eg har tenkt å seia i dag.
Det er nesten ikkje til å tru, men det er sant: Senterpartiet er det partiet i norsk politikk som har vore nest lengst i regjering etter krigen – med skiftande samarbeidspartnarar. Også utanfor regjering har vi tidvis hatt makt – på vippen i Stortinget. Og vi har vore og er ordførarpartiet. I lagnadstider for nasjonen har vi dessutan vore ei tunge på vektskåla, eg tenkjer då særskild på 1972 og 1994.
Vi har rett og slett sett spor – som vinden ikkje viskar ut. Vi har hatt personar i våre rekkjer som har skrive historie: Ei av desse medverka til at eg sjølv engasjerte meg politisk, nemleg Anne Enger.
Men til grunn for desse personane og politiske posisjonane, alle sigrane og kompromissa ligg lange liner og djupe prinsipp. Våre verdiar. Ned dit – til grunnlaget – skal vi no: Senterpartiets prinsipprogram frå 1965, som var det fyrste for partiet, seier mykje om korleis vi såg på det. Der les eg nemleg at partiet meiner “[a]rven fra Jerusalem, Aten og Roma må vernes om”. Det handlar sjølvsagt om det kristne verdigrunnlaget; både eit verdimessig ankerfeste og eit utgangspunkt for møte med andre kulturar, trusretningar og menneske. Det handlar endå meir – tenkjer eg – òg om styreforma demokrati.
Dette kjem tydeleg fram i eit anna avsnitt i det same prinsipprogrammet: “Her i landet seiret folkestyret gjennom formannskapsprinsippet og parlamentarismen, og har senere stått sin prøve i fred og ufred. Vi har en dyr arv å få med oss inn i framtidssamfunnet. Men det er en arv vi hele tiden må fornye.”
Kort oppsummert: Vi står på skuldrene til kjemper. Antikkens filosofar, 1814, bondetingmennene på 1800-talet og Johan Sverdrup: parlamentarismens far og bøndene sin førar. Alt dette er nemnd i det fyrste prinsipprogrammet vårt, både på og mellom linene. Kva seier dette oss? I alle fall to ting:
For det fyrste er vi eldre enn 90 år. Som parti, rørsle og samfunnskraft byggjer vi på tankar og idéar, gjerningar og personar som kan
samanfattast i ordet folkestyre. Det ordet er ikkje berre vakkert. Det er òg kjernen. For oss er demokrati ideologi.
Og praktisk politikk. I ei fersk bok om norske statsministrar (Mellom plikt og lyst) skriv Gudleiv Forr om Per Borten at han var “en leder som hele sitt liv kjempet for folkestyret”. Borten fekk òg sett ned nokre merkesteinar i så måte; ein av dei fremste var offentleglova. Ein tidleg bondetingmann, Ole Gabriel Ueland, sa på Stortinget i 1851 at ”den som elsker sannheten, elsker lyset”. Per Borten var ein slik mann: oppteken av openheit, opne dører. Det var òg han som tok initiativ til at Senterpartiet som det første partiet opna landsmøta sine for pressa, for ålmenta.
Både før og etter Borten – kvar dag, kvart år – er vi med på å halda oppe folkestyret. Gjennom deltaking og meiningsytringar, tilrådingar og vedtak. Det er like naturleg som luft, og av og til like usynleg. Difor er historiske markeringar viktige: Dei får oss til å tenkja gjennom dei lange linene, dei djupe prinsippa. Som nettopp folkestyre og den arven det representerer.
For det andre er det kanskje heller ikkje tilfeldig at arven vår dels er omtala med tilvising til geografiske storleikar: Jerusalem, Aten og Roma er alle merkte av på kart, må vita. For geografi er òg noko særmerkt ved Senterpartiet over tid.
Med det meiner eg at vi heile vegen har vore opptekne av by og land, sentrum og periferi. Og heile tida arbeidd trufast og tvillaust for jamstelling mellom by og land: like livsjansar uavhengig av kor du bur. Det gjeld arbeid, det gjeld infrastruktur, utdanning og velferd: Meininga med politikken vår har i regelen vore å gjera geografi mindre viktig og avgjerande i samfunnet. Det skal vera mogleg å arbeida og leva, leika og verta teken på alvor både i sentrum og i periferien. Senterpartiets hjarte for heile landet er ein viktig del av forklaringa på kvifor busetnadsutviklinga i Noreg og Sverige er så ulik. Medan nær tre av fire kommunar i Noreg har folketalsvekst, har meir enn to av tre kommunar hos söta bror nedgang i folketalet.
Som trønderane seier det: Itj for å skryt, men eg meiner at vi meir enn andre har spisskompetanse på både demokrati og ikkje minst sentrum-periferi-dimensjonen i norsk politikk.
Eit sterkt vitnesbyrd om alt dette kom frå Nils Trædal i trontaledebatten i Stortinget rett før jol i 1945.
Om Trædal kunne eg sjølvsagt ha sagt mykje. I kortform no: Han var teolog og prest, ordførar for Venstre i Kolvereid i Nord-Trøndelag og dinest ein av dei som skipa Bondepartiet i 1920. Seinare var Trædal kyrkje- og undervisningsminister i regjeringane til Peder Kolstad og Jens Hundseid. Dinest representerte han både Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag på Stortinget. Og i tida 1938 og fram til han døydde i 1948, var han leiar for Bondepartiet. Etter krigen òg parlamentarisk leiar.
Men denne dagen, den 14. desember 1945, tala han klokt om både geografi og demokrati. Trædal tok til orde for desentralisering, for utjamning av kulturelle, sosiale og økonomiske ulikskapar mellom by og land, om vekst og utvikling i heile landet. Trædal sa at “sentraliseringa si lov lett vil føra med seg at dei som har, oftast òg blir dei som får først”.
Mot slike “lover” har vi hevda og vist at det er mogleg – på demokratisk vis – å påverka samfunnsutviklinga slik vi og mange med oss meiner og vil. Dette er distriktspolitikk i eit nøtteskal. Det er òg samfunnsansvar: ansvar for heile nasjonen.
Trædal var òg ein heilstøypt demokrat: I innlegget sitt siterte han mellom anna den engelske professoren og Labour-leiaren Laski, som hadde skrive at ”[d]en som utøver makt i sitt fellesskap, er freista til å misbruka makta. Til med i eit demokratisk samfunn må ein ha måtar og midlar til å verne minoriteten mot ein majoritet som vil trenge inn i mindretalets fridom.”
Dette er innlysande og sjølvsagt; det er òg sjølve hovudtanken i grunnlova vår og grunnlaget for eit konstitusjonelt folkestyre: Vi skal ha rettar og fridomar som skiftande fleirtal ikkje skal kunna truga eller fjerna. Mindretalsvern og berre sakte, men sikre endringar av det grunnleggjande er akseptabelt i eit djupt og sivilisert demokrati.
Striden om norsk medlemsskap i EEC og EU har òg handla om dette. Om både sjølvråderett, grunnlov og konstitusjonelt demokrati. På 90-talet skreiv vår eiga Nei til EU-dronning Anne Enger jamvel ei viktig bok kalla EF og Grunnloven. Hovudpoenget? Jo, medlemskap inneber tap av nasjonal suverenitet. Ei slik endring må vedtakast med minst tre fjerdedels fleirtal i Stortinget. Stilt overfor slike mogelege omfattande endringar av samfunnsordninga, skal mindretalet ha sterke rettar.
EEC og EU, ja. For å seia det med Churchill: «Our finest hour». For alle veit det, ingen tviler på det: Senterpartiet var ei sterk drivkraft som saman med gode allierte i 1972 og 1994 lukkast med å mobilisera brei, djup og folkeleg motstand mot innmelding i fellesmarknaden og unionen. Vi har vår del av æra for at det vart nei-fleirtal i dei to rådgjevande folkerøystingane.
I 1972 var eg 14 år og ikkje nemneverdig interessert. Likevel hugsar eg godt spenninga, debattane og gleda då me vann. I 1994 var eg sjølv aktiv i Senterpartiet på lokalplanet. Og sjølv om eg på det tidspunktet hadde åleineansvar for garden og to tenåringar, noko som sette grenser for aktiviteten, var det desse åra som for alvor gjorde meg politisk medviten. Mi beundring for Anne sin innsats var grenselaus – og er det framleis. Med alle sterke samfunnskrefter mot seg gjekk ho og den grasrota ho var talsperson for sigrande ut av EU-kampen. Gleda over å vinne var ekstatisk. Vi greidde det – saman!
”Dei vil alltid klaga og kyta”, skreiv Ivar Aasen. Og ja: Vi vart tyna av ja-sida og eliten om at vi var bremseklossar. Eg er glad for at vi i den prosessen ikkje var bremseklossar, men ein pådrivar for vår eigen utanriks- og sikkerheitspolitikk. For det er dette som er nasjonalstatens livsnerve. Når Trygve Slagsvold Vedum som
parlamentarisk leiar i haust var i FNs generalsforsamling, er det og eit uttrykk for Senterpartiet sitt syn på omverda; vi er sterke tilhengarar til internasjonalt samarbeid mellom suverene nasjonalstatar for å sikre demokratiet og grunnleggjande menneskerettar. Nettopp derfor var Åslaug Haga drivkraft for å få kampen for eit internasjonalt forbod mot inhumane klasebomber inn i Soria Moria -erklæringa og dermed ut i handling. Fem år seinare blei forbodet mot klasevåpen internasjonal lov. Senterpartiet vil alltid ta nasjonalstaten og internasjonalt samarbeid på alvor! Så lenge vi seier nei til Unionen og ja til folkestyret, er det vanskeleg å sjå andre truverdige alternativ.
Framleis er det mykje å læra av det som hende i 1972 og 1994. Ein ting er at demokrati er ei styreform der det går an å leva som taparar. Dette er ikkje arrogant sagt eller meint om ja-sida, det er sant. Ein annan ting er at nei-fleirtalet var tufta på alliansar og samarbeid mellom by og land. Dét faktumet fortener nokre refleksjonar:
Både Arbeidarpartiet og Venstre har etter fleire val hatt reint fleirtal på Stortinget. Høgre har vore nær, i alle fall på 1890-talet. Enn så lenge har ikkje vi vore dér. Dei reine Bondeparti-regjeringane på 30-talet har nesten noregsrekord i liten og avgrensa parlamentarisk basis – berre Mowinckels tredje regjering hadde støtte hjå færre tingmenn…
Som engelskmennene seier det: “We are punching above our weight”. Vi er i tungvekstklassen sjølv om vi veg mindre enn dei tyngste. Kvifor og korleis?
Eg meiner at nøkkelen til å forstå dette dels ligg i nettopp soga om den norske EU-motstanden. Det er kan henda trivielt, men avgjerande: Berre gjennom alliansar og kompromiss har vi – som eit relativt lite parti – sjanse til å vinna fram, setja spor og medverka til å forma samfunnsutviklinga. Den nemnde Trædal var til dømes ein av dei som dreiv fram kriseforliket med Arbeidarpartiet i 1935; det fyrste raudgrøne samarbeidet i norsk politikk. Etter det har vi regjert landet i lag med det same Arbeidarpartiet, SV, Venstre, KrF og Høgre.
Denne oppramsinga av alliansepartnarar ber bod om ei pragmatisk innstilling til politikk. Men alltid har den pragmatiske innstillinga vore basert i våre sentrumsverdiar; og korleis vi skulle få mest ut av politikken.
Vi har vore, er og vil vera eit politisk parti fordi vi meiner noko, vil noko: eit betre samfunn, eit sterkare folkestyre, meir desentralisering og rettvis utjamning. Over tid har vi vore trufaste mot desse måla, og samarbeidt med andre for å freista gjennomføra politikken vår. Slik tenkte dei i 1935, i 1965, i 1973, tidleg på 80-talet, i 1997 og slik tenkjer vi no.
Pragmatisme er eit vakkert ord, men også pragmatisme har sine yttergrenser. Eg kan vera konkret: No sit vi i regjering med Ap og Sv og ikkje med Høgre og Frp fordi høgrepartia sin politikk står i motstrid til sentrale sentrumsverdiar. Vi vil eit raudgrønt Noreg. Vi veit at eit blått og mørkeblått Noreg er noko heilt anna. Dette kan òg konkretiserast: Med Høgre- og Frp-hender på rattet så hadde – og eg listar opp -
• Heimfallsretten ikkje vore sikra.
• Differensiert arbeidsgjevaravgift ville ha vore ein saga blott.
• Vi hadde ikkje hatt 100 milliardar kroner meir til samferdsla.
• Norsk matproduksjon hadde ikkje hatt dei kåra dei har no.
• Fornybar og grøn energi hadde vore nedprioritert.
• Sak om EU-medlemsskap kunne vore sett i spel.
Men: Det som var rett og klokt i ein periode, treng ikkje vera det verken før eller seinare. Det sentrale er at partiet – medlemene, tillitsvalde og folkevalde – er samde om både vegval og retning. Dét opplever eg gjeld i full mon no. Vi er ein del av eit raudgrønt prosjekt utan punktum i sikte – fordi vi er tru mot oss sjølve, får til mykje og (aller viktigast) overtydd meiner dette er rett for oss og rett for landet.
Kva er det ANC i Sør-Afrika har sagt? Jo, dei vil styra til Jesus kjem tilbake. Vel, vi for vår del må i alle fall ha lov til å seia at vi vonar det raudgrøne samarbeidet varer lenge enno! Som sagt: Ei veke er lang tid
i politikken; tre år er mest som eit lysår! Difor er det sjølvsagt mogleg å vinna stortingsvalet i 2013 òg!
Vi vil vera med, vi vil vera deltakarar, vi vil vinna val i lag med andre fordi vi heile tida har søkt makt. Det er ikkje noko gale i det. Det er tvert om det einaste rette:
Bondepartiet kom til fordi mange meinte at ny organisering måtte til for å få gjennomslag for – i fyrste rekkje då – landbruket og langt på veg fleirtalets interesser. Historisk sett har vi vore ein suksess, eg hadde nær sagt nesten utan like, i norsk politikk og samfunnsliv.
Men heile vegen makt på grunnlag av veljarane sine frie val – i open og fri konkurranse med andre parti, idear og interesser.
Eg meiner vi har gode grunnar til å vera stolte av oss sjølve, av partiet vårt, av soga vår. Vi har gjort Noreg til eit betre land å leva i. Vel, ikkje alle meiner like eins.
Senterpartiet er eit parti kringsett av mytar – med varierande rot i røyndomen. Vi kan leva godt med førestellinga om at andre skal stå tidleg opp for å ha von om å utmanøvrera oss i forhandlingar, hestehandlarar som vi visstnok er.
Mange vil òg dyrke myta at vi er meir Bondepartiet enn Senterpartiet. Til det seier eg: ja og nei. Ja, vi er stolte av bakgrunnen vår, vi meiner bøndene fortener respekt, vi er overtydde om at landbruk og matproduksjon er noko av det viktigaste som skjer i Noreg. For oss er det sjølvsagt at ingen skal gå til sengs om kvelden og uroa seg over kor maten neste dag skal koma frå. Alle har det ikkje slik. Mange svelt. Ei internasjonal matvarekrise er ikkje berre ei teoretisk førestelling; det er i for stor grad både røyndom og noko som trugar i framtida. Difor trengst det – også i Noreg – eit parti som rakrygga kan tala bøndene og fiskarane si sak, kan seia som sant er at land skal ha rett og plikt til å produsera mat. Og vi treng eit parti som kan seia at
dette er viktigare enn dyrking av den gullkalven som marknadsliberalismen er på dette området.
Samstundes er vi meir enn ein bondeparti. Vi har ein politikk for heile samfunnet, heile liv – frå vogge til grav: Vi ser heile menneske i heile landet. Og blikket vårt, meiningane og prinsippa våre, bør vera relevante, spanande og lokkande for langt fleire enn i dag. Alt i alt: Vi er Senterpartiet meir enn Bondepartiet. Og historia er ikkje over!
Men no skal eg vidare, heilt tilbake til 1903.Då vart Karen Grønn-Hagen fødd på Tynset. Tenk: Enno var det ti år før alle kvinner kunne røysta ved stortingsval.
Med tida vart Karen den fyrste kvinnelege stortingsrepresentanten vår. Fyrst som fast møtande vararepresentant då Einar Frogner vart sjuk og døydde i 1955. Dinest kom ho på Tinget på eigen kjøl i 1961. Ho var òg den fyrste kvinnelege statsråden frå Senterpartiet – ein knapp månad var ho sjef for Familie- og forbrukardepartementet i Lyng-regjeringa i 1963.
I sin alders haust meinte Karen at det spesielt var ein ting som gjekk for sakte, for seint: I eit intervju i Sentrum i 1977 meldte ho at “[j]eg tror vi er nødt til å sette kvinner på listene og i tillitsverv fordi de er kvinner. Vi kan ikke lenger sitte og vente på at mennene sine holdninger skal bli forandret, og de har lenge nok hatt posisjoner fordi de er menn.”
Karen Grønn-Hagen var ein av mange som har gjeve andlet til den mest radikale og gjennomgripande samfunnsendringa i det moderne Noreg, nemleg jamstelling mellom kvinner og menn. Det gjorde ho både gjennom sitt virke og gjennom sine meiningar. Ho var ein av dei mange banebrytande pionerane i norsk politikk og samfunnsliv. Og i Senterpartiet.
Jamstelling mellom kjønn handlar om fridom. Det handlar om at jenter skal ha rett til å leva like rike og meiningsfulle liv som dei ville ha hatt om det vart fødde som gutar. Det handlar om menneskeverd.
Og det handlar om eit tankemønster som langt frå er utbreidd i verda i dag – og som var science fiction i Noreg då Karen Grønn-Hagen vart fødd. Vi er alle etterkomarar av kvinner som hadde færre moglegheiter enn menn reint ut sagt fordi dei var kvinner. Også framover går kampen om jamstelling for alle jenter som veks opp i Noreg – anten dei kjem frå Karachi, Kautokeino eller Karlstad, anten dei bur på Grønland i Oslo, på Tynset eller i Salangen.
Det viktigaste sjangerkravet i dag er historie. Det seier seg sjølv! Og
nokre meiner at det einaste vi kan læra av historia, er at vi ikkje kan læra av historia. Eitt er likevel sant og visst: Historia viser at samfunnet endrar seg.
Vi var eit utvandringssamfunn, vi er eit innvandringssamfunn. Vi var eit fattig land, vi er eit av dei rikaste nokosinne. Vi hugsar enno – mange – at rikstelefon var dyrt, vi veit at teknologiutviklinga ikkje respekterer ein gong fantasiens yttergrenser.
Alt endrar seg – men noko ligg fast likevel:
Nemleg den djupt menneskelege trongen for samanhengar, ankerfeste og meining. Både tryggleik og fridom. Både røter og vinger.
Det store spørsmålet er kva som skal vera Senterpartiets rolle, funksjon og misjon vidare – dei neste 90 åra; i grenselandet mellom endringar og det faste. I ei framtid som tidvis berre vil minna svakt om det som var og har vore.
Eitt svar er openbert at det er opp til oss sjølve. Men historia vår meiner eg viser at det grunnleggjande for oss er bortimot tidlaust og dimed evig aktuelt og gyldig: fridom, sosial rettferd, tryggleik, samvirke og desentralisering – i vid tyding. Dette er òg ei kjelde som vi kan ausa av. Alle dei handfaste kampsakene våre kjem derifrå. Lokal velferd der du bur, næringsutvikling i heile landet, aktiv distriktspolitikk for å gje borgarane reell fridom til å bu der dei vil, heile tida forsøk og reformer for å gjera folkestyret sterkare. Målet må
vera å spegla samtida og prega framtida i samsvar med prinsippa og verdiane våre.
Likevel, er eg ikkje i tvil om at Senterpartiet i all hovudsak skal halde fram med å vere ein pådrivar i det store biletet. Både politiske motstandardar og interesseorganisasjonar har eit ynskje om at vi skal halde fram med å vere eit snevert Bondeparti, eller halde fram med å gje det inntrykket av oss. Men for eit parti som er oppteken av samfunnsstyringa i stort, må vi bli breiare i vår politiske plattform. Og eg skal stolt halde fram med å seie at:
Ja – eg er leiar for eit parti som har teke parti med dei som produserer våre viktigaste varer.
Ja – eg er leiar for eit parti som har teke parti med dei som tek vare på og ynskjer å sikre eigarskapen til og vidareutviklar naturressursane våre. Enten det er til havs eller til lands.
Ja – eg er leiar for eit parti som arbeider for like livsmoglegheiter i heile landet
Men eg vil som Senterpartileiar og vere med å gjere oss spissare, og dermed farlegare i politikken. Vi har vore farlege med jamne mellomrom. Det var då vi var på topp. Den farlege politikken må me har meir av i framtida. Så er spørsmålet; på kva slags politiske område skal me vere farlege på framover?
Som politisk parti og regjeringsparti er vi ein del av makta, likevel må me våge å utfordre maktstrukturane i landet vårt. Vi har sett frå ulikt hald at det provoserer når vi set dagsorden på regional balanse og maktspreiing. Me skal gjere meir av det. På same måte som me skal utfordre omgrepet valfridom. Handlar til dømes valfridom for eldre om å velje mellom offentleg og privat pleie? Handlar det ikkje heller om reelt å kunne velje å bu i eigen heim og få hjelp når det trengs, ha høve til omsorgsbustad eller sjukeheimsplass når den tid kjem? Å vere trygg og behalde verdigheit og integritet som det menneske ein alltid har vore?
Eg er partileiar og kommunal- og regionalminister. Men framfor alt dette, er eg mor til to døtre. Og bestemor. Eg har inga viktigare oppgåve enn å gje etterkomarane mine framtidstru.
Dei og alle andre skal kunne velje kvar dei vil bu. Det fordrar kamp mot dei sentraliserande kreftene. Ein kamp som gjer oss til ein torn i auga til mektige krefter som meiner seg best tent med eit sentralisert Noreg. Som løyner sin irritasjon over det spreidde busetnadsmønsteret under kamp for tvangsamanslåing av kommunar. Ei krevjande oppgåve.
Me treng fleire folk! Me skal utfordre oss sjølve og andre på god integrering. Når me har folketalsvekst i mange fleire kommunar handlar det ikkje minst om integrering. Der lokalsamfunn tek mot tilflyttara, som medmenneske, uansett om dei kjem frå Noreg, Europa eller Afrika. Der ein som i Salangen ser på einslege mindreårige asylsøkarar som ungdommane våre, slik som dei andre ungdommane i kommunen. I skulen, på fotballtreninga, i lokalsamfunnet.
Framtidstrua er sterkast når unge folk veit at dei har eit arbeid å gå til der dei bur.
Senterpartiet skal difor arbeide hardt for arbeid til alle. Men mest av alt – løfte fram dei som vil skape desse arbeidsplassane. Små og mellomstore verksemder, gründerar som torer å satse på eigen arbeidsplass er framtidas gull for Noreg. Eg Vi skal heie fram kreativitet og skaparlyst, bygge ned byråkrati som revisorplikt for småbedriftene og sikre investeringskapital. Og ikkje minst skal vi fullføre samferdsleløftet og den digitale allemannsretten som to av dei viktigaste føresetnadene for verdiskaping i heile landet.
Senterpartiet må vere med å ta ansvar for at offentleg byråkrati har auka dei siste åra. Eg meinar at nok er nok. Framleis skal vi kjempe for at statlege arbeidsplassar blir lagt utanom Oslo, og at staten i større grad let folk ta med seg jobben der dei vil bu, men eg trur vi og skal driste oss til å seie at; staten er stor nok som den er. Å seie nei til vekst i statlege og offentlege stillingar, innebèr og at vi må seie nei til nokre
av dei krava som einskilde kjem med. For det er slik at kvart einaste pålegg og krav me kjem med til kommunane, treng ettersyn og kontroll av nokon andre. Kanskje vi skal seie at nok er nok? Vettet er likt fordelt her i landet og difor må og forvaltninga av landet ta utgangspunkt i det. Eg ynskjer meir lokal forvaltning og mindre embetsmannsstyre.
Framtida spør etter grøne energiløysingar og smarte miljøgrep. Noreg har dei beste føresetnadene for å bli best i verda på miljøteknikk, miljøtransport og grøn energi. Då utviklar vi ressursane og krafta vår. Senterpartistar er naturforvaltarar. Gjennom forvaltartanken og teknologioptimismen skal vi bygge vi det fornybare samfunnet. Men også her er vi farlege for dei som tenkjer fossilt og gamaldags og heller ser det som si live oppgåve å få opna Lofoten og Vesterålen sine havområde for oljeutvinning utan garantiar for matressursane.
Ja, me har mange kampar å kjempe. Me har mange utfordringar å ta. Men alltid bygd på kjerneverdiane me har hatt med oss gjennom 90 år.
Godtfolk, no skal eg straks runda av. Lat meg låna namnet til a-has avskilsturné i så måte: ending on a high note. Ja, freista nærma meg det høgstemte og lyriske.
Vi veit at lukke kjem i mange former. Den gode kjensla under og etter ærleg slit. Opplevinga av å meistra noko. Gleda over å sjå born veksa opp. Kvar og ein veit betre enn alle andre kva lukke er for dei.
Eit mål om lukke er både sjølvinnlysande og vakkert. Men kva har politikken og politiske parti med dette å gjera? Eg tenkjer vi bør vera fødselshjelparar i så måte. Vi skal aldri ta sikte på all makt. Politikken skal heller ikkje dominera alt menneske gjer, tenkjer og vil. Grenser for politikk er viktig. Det skal vera rom for lokalsamfunn, frivillegheita, familiar, einskildmenneske til å ta ansvar og rå seg sjølve. Leva eigne liv og søkja lukke.
Kjære alle saman.
Vi har gjennom 90 år vore aktive i å utvikle Noreg frå eit relativt fattig land til eit rikt land som er kåra til verdas beste land å bu i.
Vi skal setje oss høge mål for den vidare samfunnsutviklinga. Egoisme må ikkje erstatte fellesskap. Marknaden er ein god tenar men ei dårleg herre, difor trengs vi som vil styre marknaden gjennom gode demokratiske prosessar. Borna våre skal sikrast trygge oppvekstvilkår, lære å bli gagns menneske gjennom å bli sett og rettleia av dugande vaksne i heimen, barnehagar og skule. Sikre tryggleik for arbeidsplassar i heile landet og solidaritet både i arbeidsliv og samfunnsliv – nasjonalt og internasjonalt. Gje rom for at menneske kan nytte sine skapande krefter, og eldast med verdigheit og respekt.
Nett no har vi hatt tøffe dagar. Men det kjem tider framover. Vi skal reise oss og arbeide for SP-verdiar og SP-politikk på alle plan i samfunnet i tida som kjem. Late oss inspirerast av ørna:
Det er når det bles i mot at vi vinn høgde!